JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KlimaSamfunn

Ein song om is og eld

Hetebølgjene har langt att før dei blir like drepande som kuldebølgjene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2302
20230630
2302
20230630

«Some say the world will end in fire / some say in ice», skreiv diktaren med det høvelege namnet Robert Frost. Båe sider i den debatten har ei poeng, sidan både varme og kulde kan vere dødeleg for menneske. Men skal ein rangere dei to som mordarar, syner statistikken at kalde periodar tek langt fleire liv enn varme periodar gjer. Og slik kjem det etter alt å døme til å vere lenge enno, trass i den globale oppvarminga.

Det kan verke kontraintuitivt at det er slik. Dei store varmebølgjene får mykje merksemd og er utan tvil farlege. Eit gjengs anslag er til dømes at hetebølgja i Europa i 2003 førte til kring 70.000 ekstra dødsfall. Likevel syner altså forskinga klart at kulda kvart år tek mange fleire menneskeliv enn varmen.

I den grad det finst gode tal for dette, er truleg dei beste å finne i oversikta «Planetary Health» publisert av tidsskriftet The Lancet. I ein studie frå 2021 kom forskarane fram til at litt over fem millionar årlege dødsfall var assosierte med såkalla «ikkje-optimale temperaturar». Av desse var omtrent ti gonger så mange dødsfall knytte til kulde som til varme. Men kanskje er ikkje dette så rart: Mennesket er ein art utvikla i eit varmt klima og har ein trivselstemperatur ein stad kring 25 gradar celsius. Dette kan forklare at vi generelt toler varme betre enn kulde.

Men The Lancet-studien har òg andre overraskande funn. Til dømes var andelen varmerelaterte dødsfall høgast i Aust-Europa, medan kulderelaterte dødsfall var relativt flest i Afrika sør for Sahara. Også i ganske varme europeiske land som Portugal syner statistikken at kulde generelt tek langt fleire liv. Det same er tilfelle i India, eit land som er svært utsett for hetebølgjer i dei varme årstidene. Kanskje kan dette forklarast med at vi menneska best taklar det vi er vande med og har bygd husa våre for å tole, anten det er varme eller kulde.

I alle fall: Skal ein spore klimaendringane i slike statistikkar, er det meir i trendane enn i absolutte tal. Og talet på dødsfall på grunn av kulde i verda har gått mykje ned sidan 2000, medan talet på varmerelaterte dødsfall har auka litt. Men verda må bli ein god del heitare før varmen blir ein like effektiv mordar som kulda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis