Intervju
Kan alle verta torturistar?
Under krigen torturerte Max Rook mange nordmenn. Etter krigen vart han omtalt som eit monster og eit udyr, men var han berre det?
Murmeister Max Rook saman med familien i 1925.
Foto: Privat
I boka Torturisten fra Bergen prøver Kristin Aalen å forstå kvifor Max Rook vart torturist, men forsvara han vil ho ikkje. Ho freistar undersøkja kva som skjedde med han på vegen frå å vera ein allminneleg murar og familiemann i Bergen til å verta ein brutal tolk og hjelpepolitimann for gestapistane i byen.
– Kunne me alle vorte torturistar, spør ho, og inkluderer teoriar frå sosiologar, sosialpsykologar, etikarar og filosofar som har forska på personar som har mishandla og myrda.
Kom frå Berlin
Max Rook vart fødd i Berlin i 1888 og tok svennebrev som murar, men i Tyskland var det lite arbeid å få, og i 1913 flytta han til Bergen. Eit par år seinare opna han murmeisterforretning saman med ein kollega. Same året gifta han seg med norske Christine, og dei fekk fire born. Undervegs fekk firmaet jobben med å reisa Telegrafverkets flotte bygning midt i byen. Det gjekk bra for Max Rook, og i 1928 fekk han norsk statsborgarskap. Men så vart det fleire vanskelege år, og det enda med konkurs.
– Forsøket på å etablera seg i middelklassen mislukkast, og fallet ned i arbeidarklassen må ha vore audmjukande, konkluderer Aalen.
Etter invasjonen i april 1940 freista Rook å få seg jobb hjå murmeistrar og entreprenørar, men overalt var svaret at han måtte venda seg til sine eigne landsmenn. Han var arbeidslaus og utan inntekt, men i juni fekk Rook jobb som tolk for det tyske tryggingspolitiet. I ettertid er han omtalt som ein av dei mest brutale forhøyrarane. Han brukte både slag og spark og plasserte fangar på ei varm kokeplate.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.