Krig

Hunger Games

Israel held palestinarane i Gaza på randa av full hungersnaud. Dokumentasjonen lèt seg vanskeleg tolke på andre måtar.

Palestinarar i matkø i Jabalia nord på Gazastripa 14. mai 2025.
Publisert Sist oppdatert

Bilda av utsvelta barn og vaksne i Gaza opprører verda. Assosiasjonane blir for tydelege og ubehagelege, for alle har sett slike bilete før. Nokre er i svartkvitt, andre er frå svoltkatastrofar i Afrika eller krigen i Jugoslavia.

Det står naudhjelp i store mengder rett på utsida av gjerda og murane til Gaza. Dette er ein unik situasjon som erfarne naudhjelpsarbeidarar ikkje har opplevd før. Problemet er ikkje tilgang på mat, men at eit «vestleg» land, ein nær og privilegert alliert av USA og av EU, nektar å sleppe mat og vatn den siste kilometeren over grensa, til dei drygt to millionar svoltne og tørste menneska på innsida.

 

Omgrep som vert nytta, som «svolt», «matmangel», «hungersnaud» og så bortetter, kan kanskje høyrast subjektive ut, nesten tilfeldige, i bruken. Slik er det ikkje. Svolt er eit relativt presist omgrep i naudhjelpssamanheng. Under mange omstende kan det vere vanskeleg å få eit oversiktleg bilde av situasjonen, men i Gaza er det ikkje slik.

FN har for lenge sidan utvikla eit system for å skalere og klassifisere matutryggleik og underernæring. Det blir kalla Integrated Food Security Phase Classification System (IPC). Det blei utvikla under hungersnauda i Somalia i 2004 og har fem stadium, som går frå svak mat-utryggleik til hungersnaud. Gaza har i fleire fasar av krigen veksla mellom dei mest alvorlege stadia (humanitær «naudssituasjon», «katastrofe» og fare for full «hungersnaud»).

Da eg gjekk inn på det globale kartet til IPC førre veke, var heile Gaza farga med den djupaste brune som finst på skalaen. Fargen tyder «katastrofe», og krossane på kartet tyder fare for full hungersnaud (og påfølgande massedød). Det er berre to plassar i verda som har denne fargen, som minner om koagulert blod. Det er Gaza og visse delar av Sudan. Denne veka blei fargen på små enklavar i Gaza gjord litt lysare, som «berre» tyder «naudssituasjon».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement