Leiar
Ny opptrapping av Gaza-krigen
Bomberøyk over Gaza by, torsdag 18. september 2025.
Foto: Ebrahim Hajjaj / Reuters / NTB
Israel herjar vidare på Gaza. No er ein ny fase i krigen i gang. Denne veka, over 700 dagar etter at krigen tok til, starta den israelske bakkeinvasjonen av Gaza by for fullt.
Samstundes kom skuldingane frå ein uavhengig FN-kommisjon om at Israels krigføring på Gaza fell inn under definisjonen av folkemord. Kommisjonen var oppnemnd av FNs øvste menneskerettsorgan, men uttalar seg ikkje på vegner av FN.
Reaksjonen frå Israel var føreseieleg. Israel har nekta å samarbeida med kommisjonen og meiner at rapporten om folkemord er «forvrengd og falsk». I det heile er det som om all kritikk frå omverda vert avvist av Israel som falsk.
Dei einaste som har reell innverknad på Israel, er USA. Men der er det lite motstand å få. Sjølv om president Trump stadig talar om at krigen må stansa, støttar USA Israels krigføring i månad etter månad.
EU-kommisjonen har derimot teke til å reagera. Kommisjonen føreslår no, på bakgrunn av dei «forferdelege hendingane som dagleg skjer på Gaza», å stramma inn tollreglande på importerte israelske varer slik at dei får same tollsats som dei landa EU ikkje har handelsavtale med.
Det er likevel, trass i det nøkterne tiltaket, eit godt stykke att før ein får eit kvalifisert fleirtal for EU-framlegget. Tyskland, til dømes, har til no vore mot alle framlegg om sanksjonar og handelshindringar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.