Kommentar

Mange stridsspørsmål står att

Ingen krigsplan overlever møtet med fienden, sa den tyske feltmarskalken Helmut von Moltke. Skal tru om det same gjeld for Trumps plan for Midtausten-konflikten som vart pressa igjennom 8. oktober. Kan fredsplanen for Gaza overleve møtet med partane?

«På snarleg gjensyn», står det på på ein grensemur i Betlehem på Vestbreidda. Gatekunstverket viser Marwan Barghouti, som mange omtalar som Palestinas svar på Nelson Mandela.
Publisert Sist oppdatert

På den sørlege spissen av Sinaihalvøya, i Sharm el-Sheikh, sit eigedomsmagnaten frå New York, jødiske Steve Witkoff, makker og ven av Donald Trump og sendebodet hans til Midtausten, flankert av Trumps eigen svigerson, jødiske Jared Kushner.

Dei representerer Trump ved forhandlingane mellom Hamas og Israel. Eit lag som hallar mot Israel sine interesser og behov, vil mange meine. 

Men staden for møta er ikkje det. Sharm el-Sheikh (Den vises bukt) vart i ein kort periode kalla Ofira. Det var etter at israelske styrkar (IDF) koloniserte Sinai under seksdagarskrigen i 1967 – krigen som gjorde at IDF tok kontroll over Vestbreidda, Aust-Jerusalem, Golan og Gaza. Trass i at radikale jødiske busetjarar slo seg ned i Ofira og settlarrørsla – med skøyte frå Gud – jobba på for å busetje heile Sinai, vart settlarane pressa attende og evakuerte med makt herifrå.

Makta var det IDF som stod for. Det var for å handheve Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt frå 1979, som gjekk ut på fred i byte mot land. Suvereniteten over Sinai og Sharm el-Sheikh vart til alt overmål overlevert frå Israel til Egypt den 25. april 1982, under pesach, høgtida då jødane feirar eksodusen frå Egypt. 

For settlarrørsla, som sidan den gong har vakse og komme i ein posisjon der dei kontrollerer den israelske regjeringa, representerer Sharm el-Sheikh noko ganske anna enn ein turiststad for fridykking. Det er sjølve symbolet på at staten Israel kan gje frå seg land settlarane har kjempa for, i byte mot ein fredsavtale med ein nabostat.

For Hamas, den palestinske versjonen av den muslimske brorskapsrørsla, er heller ikkje Sharm el-Sheikh vennleg lende. Styresmaktene i Egypt er tunge ideologiske motstandarar av Hamas og det politiske prosjektet deira. Med unnatak av to år frå 2011 til 2013, då den egyptiske brorskapsrørsla sat med makta i Kairo etter den arabiske våren, er Egypts jernpresident Sisi ute etter å knuse brorskapsrørsla, både heime og i nabolaget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement