JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Heimesnikra superordbok

Ole Michael Selberg må vera draumen til alle ordboksforleggjarar: Ikkje berre kom han til forlaget med eit fiks ferdig manuskript. Det vart òg levert i klargjort sats.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blabla

Blabla

Blabla

Blabla

5047
20170303
5047
20170303

ORDBOK

arvid.bryne@gmail.com

Det einaste Kunnskapsforlaget hadde å gjere for å få den store boka ferdig, var å lage omslag og tinge tid og stad for trykking. Dei trong ikkje sjekka kvaliteten på verket hans, Stor norsk-polsk ordbok. For forfattar Ole Michael Selberg er rekna som den kanskje fremste kjennaren av polsk språk, samfunn og litteratur her i landet. I eit halvt hundreår har han undervist i polsk på Universitetet i Oslo.

Samstundes har han omsett fleire polske verk til både nynorsk og bokmål. I 1983 fekk han Bastianprisen for omsetninga av skodespelet Kvitt ekteskap av Tadeusz Rózewicz. Selberg har òg omsett dei fleste verk av den prisvinnande journalisten og forfattaren Ryszard Kapuscinski til norsk.

Stort arbeid

I ein samtale med Dag og Tid medgjev han at det har vore både eit stort og tidvis tungt arbeid å få ordboka ferdig.

– Eg reknar med at eg makta å produsere 150 sider til ordboka på eit år. Slik har det teke minimum ti–tolv årsverk å skrive dei 1503 boksidene som utgjer verket. I tillegg kjem koding og utarbeiding for setting med programmeringsspråket TeX. No har eg ikkje vore ganske åleine. Etter nokre år kom Adela Skrentni-Olsen til som korrekturlesar, og i 2008 Gunnar Arneson som artikkelforfattar.

Koding har eg vore åleine om. Kodinga skildrar i hovudsak ein logisk struktur, med artiklar, hovudfelt og underfelt. Avhengig av dei definisjonane som vert knytte til dei einskilde felta, kan kodinga realiserast typografisk på ulikt vis. Ein kan velja om teksten skal vera på to eller tre spaltar, om oppslagsordet skal vera ut- eller innrykte, om det skal vera kursiv eller halvfeit kursiv i dei norske eksempla osb.

Data gjer jobben

Dei koda datafilene er reine tekstfiler. Når dei skal gjerast om til sats, må dei prosesserast av TeX. Det skjer ved at programmet først les inn ei eller fleire definisjonsfiler, som gjer det klart for programmet korleis ordboka skal setjast.

– Dette høyrest sikkert komplisert ut, men utan dette programmeringsspråket hadde det ikkje vore mogleg for ein mann å ferdigstille ei bok som dette, seier Selberg.

I alt reknar han med at han har arbeidd med ordboka i vel 20 år.

– Kimen til ordboka vart lagd i andre halvparten av 1980-åra. Då vart eg beden om å vera norsk konsulent for ei planlagd norsk-polsk innvandrarordbok med rundt 16.000 oppslagsord. Prosjektet fekk støtte frå Utanriksdepartementet, men vart diverre aldri fullført. Men engasjementet var planta i meg, og i midten av 1990-talet greip tanken meg om ei langt større ordbok, meint for både norske og polske brukarar etter mønster frå Valerij Berkovs idear om leksikografi som verkar i båe retningar: Eg ville lage ei ordbok meint for både norske og polske brukarar.

Gunnar Arneson som har samarbeidd med Selberg i snart ti år, seier han ikkje trur det finst noko anna menneske som ville vore i stand til å føre eit slikt prosjekt som ordboka i hamn omtrent åleine.

Russiskkurs

På eit vis byrja det med forsvarets russiskkurs. Den unge soldaten vart plassert på rom saman med Per Egil Hegge. På grunn av alderen vart han romsjef, slik at han på inspeksjonen kvar morgon måtte melda frå om stoda. Stort sett gjekk det bra, medgjev han med ein liten lått.

Sidan vart det studiar, først latin bifag, som sidan har vore til glede og nytte. Han tok russisk mellomfag i 1962 og tenkte på å halde fram med tysk, men så såg han utlyst eit stipend for å studere polsk i Warszawa, og slik vart det. Sidan vart det undervisning i to år ved universitetet i Poznan før han i 1969 vart tilsett som lektor ved Slavisk-baltisk institutt ved Universitetet i Oslo, der han har vore i alle år sidan.

Som ein av dei få polsk-talande nordmenn, har han i mange høve vore nytta av norske politikarar på vitjing i Polen.

– Nei, så er Noreg heller ikkje store landet, repliserte Bratteli.

Eit stykke om gangen

Ole Michael Selberg har eit arbeidsrom med hyller fulle av ordbøker, dei fleste norske. Han seier om dei – Ivar Aasen inkludert – at dei var meir opptatt av skrivemåte og bøyingsformer enn av kva ordet tydde. I denne nye ordboka er tyding av orda viktig – det gjeld ikkje minst dei mange dialektorda som han har med.

Den norsk-polske ordboka har vel 70.000 oppslagsord med fyldig dekning av tyding og bruk. Ho har med både moderat bokmål og riksmål, utan å freista ha med noka full dekning av desse to rettskrivingsformene. Radikale bokmålsformer er ikkje med, heller ikkje meir sjeldne riksmålsformer.

– Kva må ein ordboksredaktør ha meir av enn noko anna?

– Tolmod. Men eg har lagt arbeidet opp slik at eg gjer meg ferdig med mange ting etter kvart. Då vert det lettare

– Du har både ein far og ein son som er professorar i matematikk. Trur du mattegenane har spela ei rolle i arbeidet ditt?

– Det kan vel ikkje utelukkast.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg ville lage ei ordbok

meint for både norske

og polske brukarar.

Ole Michael Selberg

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis