JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

VitskapSamfunn

Framtida er sjølvskriven

No kan robotane analysere og skrive for oss òg. Konsekvensane er uoverskodelege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Illustrasjon generert av OpenAI-programmet Dall-E, ut frå desse stikkorda: Rembrandt oil painting robots writing text newspapers books journalists students office.

Dall-E

10293
20230113

ChatGPT

Datateneste frå det amerikanske selskapet OpenAI

Lansert 30. november i fjor

Bygd på kunstig intelligens

Kan svare på kompliserte spørsmål på ei lang rekkje språk

Skriv tekstar i mange ulike sjangrar og stilartar

Samfunn

peranders@dagogtid.no

I Roald Dahl-novella «Den store automatiske diktografen» frå 1953 møter vi Adolph Knipe, ein genial oppfinnar som ikkje er nøgd med å ha laga verdas beste reknemaskin. Knipe drøymer om å bli forfattar, men manglar skrivetalent. Så går eit lys opp for han: Sjølv om ei reknemaskin ikkje kan tenkje, kan ho ha eit nesten uavgrensa minne. Og grammatikalske reglar var «nesten matematiske i sin ufravikelighet». Knipe konstruerer ei maskin som kan lagre alle ord i ordbøkene og kan setje dei saman i korrekt rekkjefølgje. «Og så kunne man gi den en handling å arbeide med, og overlate det til maskinen å skrive setningene.»

Han slit først med å overtyde sjefen sin, direktør Bohlen, om at dette er ein god ide. Men Knipe forklarer at skriving ikkje er ulik andre typar produksjon: «Min maskin kan lage en trykkeferdig novelle på fem tusen ord i løpet av tredve sekunder. Hvordan skal skribentene klare å konkurrere med det?», seier Knipe. «Hvem tror De vil kjøpe håndlagede historier, når de kan få den andre sorten til halv pris?»

Framsynt

Diktografen erobrar først marknaden for vekebladnoveller. Knipe diktar opp forfattarnamn og gjev dei eigne profilar, og novellene blir tilpassa preferansane til ulike magasin. Så byggjer han om maskina til å skrive romanar. For kvar roman kan han velje handling og stil, og justere miksen av «spenning, overraskelse, humor, patos og mystikk». Snart blir også denne marknaden erobra av maskina.

«Den store automatiske diktografen» er ikkje av dei beste novellene til Dahl. Men i dag verkar ho særs framsynt. No er datamaskiner i stand til å skrive lange tekstar med korrekt språkføring, dei har tilgang på kolossale mengder kunnskap, kan justere stilen på kommando og syner ei avansert sjangerforståing. Framtida er komen.

Veltrent

Ein merkedag i soga om kunstig intelligens (KI) var den 30. november i fjor, da «samtaleroboten» ChatGPT vart gjort tilgjengeleg for alle på nettet. Dette er ei gratis teneste laga av det San Francisco-baserte selskapet OpenAI og driven av ei superdatamaskin i Iowa.

GPT står for Generative Pre-trained Transformer. Generative viser til at tenesta skaper nye tekstar, og datamaskina bak ChatGPT er «trent» ved å gå gjennom uhorvelege mengder av tekst frå internettet og digitaliserte bøker. På det viset har maskina innhenta både faktainformasjon og språkkunnskap, og resultatet er forbløffande og skremmande.

ChatGPT meistrar kring 100 språk, svarer fyldig, ganske godt og stort sett relevant på kompliserte spørsmål, og kan produsere eventyr, vitsar og lyrikk på bestilling. Du kan be roboten om å argumentere for ei sak frå to ulike sider. På engelsk kan ChatGPT til og med imitere språket til Shakespeare.

Illustrasjon generert av Dall-E, ut frå desse stikkorda: Munch painting AI bots working at newspaper desk.

Haiku og preiker

Mottakinga av den nye chatboten er prega av undring og skrekkblanda fryd. Det er som om ein alien har landa på jorda, og frå kvar sine synsvinklar prøver folk verda over å finne ut kva slag vesen dei har med å gjere. Avisa Dagen bad ChatGPT om å skrive «en preken til Stefanusdagen 2. juledag om kristne martyrer i historien og i dag», og fekk eit brukande resultat. Morgenbladet bad om eit haikudikt om korleis Jonas Gahr Støre skal bringe Arbeidarpartiet attende til gamle høgder, og fekk dette som svar: «Vinden blåser sterkt // Gahr Støre må stå imot // Arbeiderpartiet seirer». Da Dag og Tid bad om argument for at nynorsk er betre enn bokmål, fekk vi mellom anna dette som svar: «Nynorsk har eit meir variert og mangfaldig ordforråd, sidan det tek i bruk ord og uttrykk frå fleire ulike dialektar. Bokmål derimot, har eit meir ensformig ordforråd, sidan det oftast berre tek i bruk ord frå den austlandske dialekten.»

Ikkje verst. Men er ChatGPT intelligent?

Lærenæm

Det er ikkje enkelt å definere kva kunstig intelligens er. Ein enkel variant finn vi i Store norske leksikon: «Kunstig intelligens er informasjonsteknologi som justerer sin egen aktivitet og derfor tilsynelatende framstår som intelligent.» KI inneber altså at datamaskinene i ein viss forstand kan lære av erfaring og justerer seg i møte med ny informasjon. Og ChatGPt er utan tvil lærenæm.

Ein gammal målestokk for å vurdere om ei datamaskin kunne kallast intelligent, var «imitasjonsspelet», eller Turing-testen, ein ide den britiske matematikaren Alan Turing kom med i 1950. Testen går ut på at eit menneske og ei datamaskin utvekslar meldingar med kvarandre gjennom tekst. Om ein uavhengig tredjepart ikkje kunne avsløre kven av dei to som var datamaskina, var det rimeleg å seie at datamaskina kunne tenkje. Og nyttar vi Turing-testen som kriterium, kan vi kalle ChatGPT eit tenkjande vesen.

KI overalt

På eit vis er det rart at denne teknologien kjem som eit sjokk. Kunstig intelligens har vore ein del av kvardagen ei god stund, men stort sett på måtar vi knapt merkar. KI blir brukt til forsking, dataspel, nettsøk og vêrvarsling, KI styrer robotstøvsugaren rundt på golvet. KI set mobilappar i stand til å lære preferansane våre og justere tilbodet vi får, KI driv omsetjingane til Google Translate.

Men Google, Apple og andre datagigantar som har investert stort i kunstig intelligens, har vegra seg for å gjere KI-verktøy for tekstproduksjon allment tilgjengelege, dels av frykt for uheldige utslag og negativ publisitet. Microsoft gjorde ei lei erfaring da selskapet lanserte chatboten «Tay» i 2016: Tay skulle lære av å diskutere med ekte menneske på Twitter, men kom i dårleg selskap alt første døgnet, og byrja å spy ut rasistiske meldingar, konspirasjonsteoriar og holocaustfornekting.

Vi på utsida veit ikkje så mykje om kva slag KI-arsenal dei største dataselskapa sit på i dag. Men med chatboten frå OpenAI blir det verkeleg synleg kva kunstig intelligens no er i stand til. Når datamaskinene klarer å lage raffinerte, meiningsberande analysar av komplekse spørsmål, endrar det på mykje.

Juks

Ein banal og openberr konsekvens er at studentar og elevar brukar ChatbotGPT til å skrive innleveringsoppgåver. Internettet har lenge vore ei kjelde til plagiat for dei late, men dette kunne ein avsløre ved nettsøk. No nyttar det ikkje lenger for lærarar og sensorar å leite nettet rundt etter sitat for å avsløre avskrift. Setningane roboten leverer, er nyskrivne.

Nivået på svara er førebels ikkje av aller beste sortering, men gode nok til å bestå ein eksamen på høgskulenivå. Da Høyskolen Kristiania testa gamle eksamensoppgåver frå bachelorstudiet i biomedisin på ChatbotGPT før jul, kom det fyldige svar fulle av faguttrykk på korrekt norsk. Svaret på den enklaste oppgåva ville kvalifisert til karakteren B, medan svara var dårlegare på dei meir krevjande oppgåvene, skreiv Khrono i desember.

På vidaregåande skule kjem ChatGPT enda meir til sin rett. Denne veka skreiv VG om ein elev ved ein skule i Oslo som fekk karakteren 5 på ei robotskriven historieoppgåve om teknologi i Noreg på 1800-talet. Ho fortalde sjølv om eksperimentet i skuleavisa etterpå. Dei fleste elevar som tek i bruk roboten, er neppe like opne. (Og dei som fryktar at språket blir for godt, kan be ChatGPT om å leggje inn nokre skrivefeil i teksten.)

Automatane kjem

At skular og universitet må endre måtane dei testar kunnskapen til elevar og studentar på, er openbert. Skuleeksamenar og handskrift kan få ein renessanse. Men tenester som ChatGPT kjem til å få langt meir vidtrekkjande følgjer. Også sjølve læringa til elevar og studentar kjem til å endre seg når ein lett kan produsere destillerte svar på store spørsmål, og det kan ingen hindre.

Dei fleste typar informasjonsinnhenting kan effektiviserast enormt med slike verktøy. Mange profesjonar som verka trygge for automatspøkelsa, kan bli radikalt endra og til dels erstatta av språkmektig kunstig intelligens. Journalistikk er eit openbert døme: Alt i dag blir KI brukt av nyhendebyråa til å skrive enkle saker om sport eller økonomi. Og jo meir raffinerte, kunnskapsrike og sjangermedvitne datamaskinene blir, jo større journalistiske oppgåver kan maskinene ta seg av.

Nye historier

Også reklamebyråa vil ha stor nytte av tekstrobotar, ikkje minst fordi KI lynraskt kan analysere effekten av tidlegare marknadsføring, slik Facebook i dag kan analysere effekten av den minste endring av plattforma si i sanntid. Og sjølv om ikkje heile forfattaryrket blir erstatta av ei maskin som i Roald Dahl-novella, er det lett å sjå for seg at forfattarar rundt i verda alt har byrja å teste ut ChatGPT som arbeidsverktøy.

I det heile kan ein sjå for seg at dei fleste typar historieforteljing i alle medium kjem til å bli påverka av kunstig intelligens. For historier har strukturar og følgjer (eller bryt) visse reglar, og er det noko datamaskiner er gode på, er det strukturar og reglar. Filmselskap i Hollywood har teke i bruk KI for å vurdere om filmmanus kan bli til populære filmar.

Kva med andre kreative yrke? Kunstig intelligens er alt i bruk i musikkproduksjon, og også for illustratørane er framtida usikker. Den menneskelege fantasien set ikkje grensene lenger. I april i fjor lanserte Open AI bilettenesta Dall-E 2, som kan generere nye illustrasjonar ut frå komplekse instruksjonar. (Bileta til denne artikkelen er laga med denne tenesta.)

Uvisst

Dette er ein artikkel av det slaget som er dømd til å sjå datert og naiv ut i nokså nær framtid. Å vurdere potensialet til kunstig intelligens ut frå kva som er mogleg i januar 2023, er enda vanskelegare enn å vurdere dei framtidige konsekvensane av bilen ut frå den første manuelt bygde T-Forden i 1908.

Det er kort og godt umogleg å seie noko sikkert om korleis teknologi som ChatGPT kjem til å endre læring, kunnskapsproduksjon, arbeidsliv, økonomi og politikk i åra som kjem. Men det verkar plausibelt at endringane blir store. Og med dei omveltingane som kunstig intelligens kan føre til, følgjer det enkle spørsmål om makt og pengar: Kven kjem til å hauste dei største vinstane av nyskapingane? Om historisk erfaring er noko å gå etter, blir svaret enkelt: dei som rår over store nok ressursar til å utvikle den nye teknologien.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis