JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

VitskapSamfunn

Dei som skulle redde verda

Etikken sat i høgsetet da selskapet OpenAI vart stifta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 2014 meinte Elon Musk at kunstig intelligens kunne vere like farleg som atomvåpen. Året etter var han med på å stifte selskapet OpenAI.

Foto: Andrew Kelly / Reuters / NTB

2083
20230113
2083
20230113

peranders@dagogtid.no

Kring midten av 2010-talet hadde datakjemper som Google og Facebook falle i vanry. Dei vart kritiserte for monopolisering, maktmisbruk og moglege skadeverknader av verksemda deira. I tillegg hadde redsla for farane ved kunstig intelligens, den vi kjenner frå dystopiske science fiction-historier som Terminator, blitt sterkare. I 2014 sa fysikaren Stephen Hawking til BBC at realiseringa av ein ekte kunstig intelligens «tydde slutten for menneskeætta». Same år åtvara Oxford-filosof Nick Bostrom om det same i bestseljaren Superintelligence, og Elon Musk hevda at kunstig intelligens kunne vere farlegare enn atomvåpen.

Da den same Musk og ein handfull andre teknologiguruar møttest for å stifte OpenAI i 2015, var det med eit erklært idealistisk mål: å sikre at kunstig intelligens vart utvikla til beste for heile menneskeætta. Selskapet skulle drivast på idealistisk grunnlag, ikkje for profitt, og dele alle oppdagingane sine med verda.

Men å utvikle kunstig intelligens er skrekkeleg dyrt, og dei første donasjonane frå Musk og andre strekte ikkje til. I 2019 vart non-profit-modellen forlaten, og Microsoft spytta inn ti milliardar kroner i OpenAI. Giganten Amazon var allereie inne som donor frå starten, medan Elon Musk gjekk ut av styret i 2018.

OpenAI ber framleis nokre spor etter den opphavlege idealismen, ifølgje ein artikkel i The New York Times i april i fjor: Selskapet brukar framleis store ressursar på å førebygge at programma deira blir brukte til mellom anna desinformasjon, hatefulle ytringar, spamproduksjon eller å påverke politiske prosessar. (Ein mogleg biverknad: ChatGPT har alt fått kritikk for å vere politisk korrekt og venstreorientert i ein del av svara sine.)

Uansett: Det kommersielle potensialet er kolossalt, og all merksemda kring ChatGPT har gjort OpenAI enda meir attraktivt. No vurderer Microsoft å investere nye 100 milliardar kroner i selskapet og bli dominerande på eigarsida. Kan hende må OpenAI byte namn snart.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis