JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Er du god i hurtigsjakk?

Di oftare representantar for dei ukrainske styresmaktene informerer om at det ikkje vil kome nye åtak frå Belarus, di meir engstelege er ukrainarane når dei ser mot den nordlege naboen sin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjakkturnering ved Zjytomyr Ivan Franko-universitetet til inntekt for hæren i Ukraina, med 44 deltakarar mellom 4 og 72 år.

Foto: Ivan Franko-universitetet

10428
20221202

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk, fødd i Leningrad i 1961.

Busett i Kyiv i Ukraina. Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen.

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker og er omsett til meir enn 30 språk.

Skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid.

Grensa mellom Ukraina og Belarus er lang, om lag 1100 kilometer. Ho går gjennom fire ukrainske regionar. Volyn-regionen – den nordvestlegaste – grensar samstundes til Polen og Belarus. Militæret og politiet går no rundt i landsbyane og besøker alle husstandar og fortel dei kva dei skal gjere ved ei evakuering.

Til no er det roleg i Volyn-regionen, men desse instruksjonane skremmer landsbybuarane langs grensa ytterlegare.

På grensa mellom Zjytomyr-regionen og Belarus skjer det underlege ting no og da. Ein nattpatrulje langs denne grensa fann fotspor av fleire par føter i snøen. Snart etter vart seks personar frå Pakistan og Bangladesh arresterte.

Før krigen tok til, terroriserte Belarus Den europeiske unionen ved å bruke flyktningar frå Sør-Asia. Belarus tilbaud dei fritt tilgjenge til landet, og flaug hundre- og tusenvis av dei til Minsk. Derfrå vart dei hjelpte til den polske grensa av belarusiske grensevakter og militære, som stod der som ein vegg for å hindre dei i å vende attende til Belarus. Kvar natt kryssa flyktningar den polske grensa. Denne historia verkar gamal no, men når det har dukka opp nye flyktningar på ukrainsk side av grensa, har det reist mange spørsmål.

Kvifor må flyktningar frå fjerne Pakistan fly og reise ti tusen kilometer for å komme til eit land i krig og til og med gå inn i territoriet til eit krigførande land frå eit land der militære grupper frå den russiske hæren er stasjonerte langs grensa? Ifølgje dei arresterte flyktningane var det folk i militæruniform som køyrde dei til den ukrainske grensa og gav dei retningsinformasjon.

Flyktningane gjekk gjennom den snøkledde skogen utan peiling på kor dei var, men dei hadde fått ordre om å rapportere GPS-data på telefon, og melde frå når dei nådde ukrainsk territorium.

Det ser ut til at belarusarane på dette viset sjekkar om skogen på ukrainsk side av grensa er minelagd. Dei skaffar seg greie på kva delar av den ukrainske grensa som er minst overvakt, og kor det framleis er trygt for fotgjengarar å krysse grensa til ukrainsk territorium.

Historier som denne aukar spenninga langs heile grensa mellom Belarus og Ukraina. Og så var det det uventa dødsfallet til den belarusiske utanriksministeren, Vladimir Makei, som, sjølv om han tente under Lukasjenko, var kjend for å vere proeuropeisk. Han døydde rett før eit planlagt møte med den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov.

Lavrov avlyste straks møtet i Minsk. Målet med alle besøk som russiske politikarar gjer i Belarus, er å overtyde Lukasjenko om å sende det belarusiske militæret inn i krigen mot Ukraina og opne den «nordlege fronten», slik at Ukraina blir tvinga til å svekke motåtaka i sør og aust.

I denne atmosfæren – når Ukraina lever i frykt for den neste massebombinga med russiske missil og iranske dronar mot energiinfrastrukturen i landet, og heile tida held auge med rørslene til det belarusiske militæret og dei delane av den russiske hæren som er på belarusisk territorium – vart det halde ein konkurranse i lynsjakk i Zjytomyr. Tevlinga hadde fire kategoriar: menn, kvinner, gutar og jenter.

President Aleksandr Lukasjenko med liket til utanriksminister Vladimir Makei i open kiste.

Foto: Pressetenesta til presidenten i Belarus / NTB

Turneringa vart organisert av den regionale sjakkføderasjonen og gjekk føre seg ved Ivan Franko-universitetet i Zjytomyr. Sjølve meisterskapen skulle markere fødselsdagen til den tidlegare presidenten i sjakkføderasjonen, Artem Satsjuk, som no slåst ved fronten.

Spelet følgde det sveitsiske systemet: ni rundar der kvar spelar har tre minutt på kvart trekk. For kvart trekk som blir gjort, får deltakaren eit tillegg på to sekund. 44 amatørspelarar var med i turneringa. Den yngste var fire år gamal, den eldste 72. Under tevlinga vart det samla inn pengar til den ukrainske hæren, og heile summen vart send til hæravdelinga der Artem Satsjuk gjer teneste.

Ukrainarane har ikkje høve til å arrangere ein klassisk sjakkmeisterskap no. No må alt gjerast snøgt eller svært snøgt. Eg trur at lynsjakk vil bli meir og meir populært. Om det er slik at ein person i fredstid set pris på kvar time med ro, så set ukrainarane pris på kvart minutt under krigen.

Samstundes med den regionale meisterskapen i lynsjakk organiserte Zjytomyr skule nr. 7 den regionale basketballturneringa for born fødde i 2008 eller tidlegare. Denne turneringa vara i to dagar, og enda med siger til ungane frå barnesportsskulen Dynamovets.

Medan sjakk- og basketballspelarar konkurrerte i Zjytomyr, gjekk konkurransen i gresk-romersk bryting føre seg i byen Tsjerkasy som ligg 300 kilometer mot sørvest. Den velkjende afro-ukrainske parlamentsrepresentanten frå Zelenskyjs Folkets tenar-parti, Jean Belenjuk, vart ukrainsk meister i klassen under 87 kilo. Far hans var frå Rwanda, ein hutu som døydde under borgarkrigen.

Jean Belenjuk vaks opp i Kyiv og har vore glad i sport sidan han var barn. I 2020 sørgde han for den einaste gullmedaljen til Ukraina frå OL i Tokyo. Folkets tenar-partiet inviterte han til å bli parlamentsmedlem på grunn av viljestyrken hans og populariteten hans som idrettsutøvar. Han vart den første svarte medlemen av det ukrainske parlamentet.

For nokre få dagar sidan valde Ukraina medlemar til den nasjonale olympiske komiteen, og resultatet av dette valet sjokkerte ikkje berre idrettsfolk, men heile landet. Nesten alle dei nye medlemane i den nasjonale olympiske komiteen NOC synte seg å vere tidlegare representantar frå prorussiske parti, oligarkar eller embetsfolk nært knytte til oligarkane.

Jean Belenjuk trekte seg offentleg frå den nasjonale olympiske komiteen og oppmoda alle andre patriotiske medlemar av NOC om å forlate komiteen. Oppmodinga hans vart fronta av den verdskjende fotballspelaren Andrij Sjevtsjenko, som nett hadde blitt vald til visepresident i komiteen.

Sjevtsjenko erklærte: «I den vanskelegaste tida i historia til landet mitt er eg stolt av å stå saman med Ukraina og hjelpe til på alle vis eg kan for at vi skal sigre. Eg ser på jobben i NOC som ærefull, eg skjønar at det er viktig å utvikle komiteen. Samstundes kan eg ikkje vere ein del av ei slik gruppe. Vi betaler ein uendeleg høg pris for fridomen vår, med livet til dei beste ukrainarane. Vi må vere dei verdige.»

Gruppa med flyktningar frå Pakistan og Bangladesh som belarusiske soldatar nyss sende over grensa til Ukraina.

Foto: Ukrainsk forsvar / Euromaidan Press

Skandalen i den ukrainske olympiske komiteen held fram. Den noverande ministeren for ungdom og sport, Vladimir Gutzeit, som òg representerer den noverande regjeringa, vart vald til NOC-president. Ettersom reglane gjer det uråd for NOC-presidenten å ha ei anna regjeringsstilling, kunngjorde Vladimir Gutzeit at han ville trekke seg frå ministerposten.

Blant dei nye medlemane av den nasjonale olympiske komiteen var ein av dei mest framståande prorussiske politikarane, Nestor Sjufrytsj, som framleis er medlem av parlamentet og leiar av komiteen for ytringsfridom.

Medan ukrainarar er rasande over den nye samansetjinga av den nasjonale olympiske komiteen, er det tusenvis av kjende ukrainske idrettsfolk som slåst og mange av dei døyr ved fronten. Ein ven og kollega av Jean Belenjuk, den berømte ukrainske brytaren Igor Pastuk, døydde for tre månader sidan i nærleiken av Donetsk. Over hundre kjende idrettsfolk har døydd i krigen. Omgrepet «sportsenglar» er alt skapt for dei, og ei nettside er oppretta i Ukraina til minne om dei.

Talet på englar på himmelen over Ukraina aukar. Men dei fleste unge ukrainarane er ikkje truande. I 2014, etter avrettinga av demonstrantar på Maidan-plassen i Kyiv og gatene like ved, dukka omgrepet «dei himmelske hundre» opp.

Til dette englemylderet kan vi føye dei mange hundre ukrainske borna som er drepne av russisk granatregn, og titusenvis av vaksne, soldatar inkludert. Sportsenglar er eit av dei nye «himmelske byggverka» for det ukrainske samfunnet.

Di nærmare ein er frontlina eller lina for bombing, di mindre kan lokale ukrainarar tenkje på sport eller følgje sportskonkurransar. Det er rekordlåg interesse for fotball-VM i Qatar dette året. Det einaste som har trekt til seg merksemd blant ukrainarar, er nyhendet om han som sprang ut på fotballarenaen i ei T-skjorte med påskrifta «Redd Ukraina» og med Batman-logoen.

Ukrainarar er klare til å byte alle tidlegare og framtidige sportssigrar mot éin einaste siger – siger i denne krigen.

Sigeren er framleis langt unna. Men jul og nyttår kjem nærmare. Etter langvarige diskusjonar og usemje i Kyiv-administrasjonen leia av Vitalij Klitsjko, som har fleire verdsmeistertitlar i boksing, har dei vedteke å setje opp landets viktigaste nyårstre på Sofia-plassen. Det skjer trass i protestar frå representantar for presidentadministrasjonen og mange aktivistar som hevda at å dekorere byane i Ukraina til nyårsfeiring under krigen, er korkje etisk eller moralsk.

Men eit anna syn har vunne fram – at krigen ikkje skal ta nyårsfeiringa frå ukrainske born. Nyårshøgtida bringar alltid mirakel og gåver til born. Måtte nyårshøgtida denne gongen gje den største gåva til alle ukrainarar – siger i denne krigen! Manglande nyårsfeiring i Ukraina kan bli den same sigeren for Russland i Ukraina som mangelen på elektrisitet, vatn og oppvarming.

Eg er samd med Vitalij Klitsjko. Krig avlyser ikkje jul og nyår. Krigen gjer desse høgtidene berre enda viktigare for ukrainarane. Kvar høgtid som ikkje er avlyst på grunn av krigen, kvar sportstevling som blir halden under krigen, er eit bidrag til framtida for Ukraina. Det er støtte til hæren og til kampviljen i det ukrainske samfunnet.

Eg håpar at tevlingar i klassisk sjakk òg kan bli haldne om svært kort tid i Ukraina. Desse tevlingane krev langvarig ro, langvarig elektrisk lys, og at det er mogleg for spelarane å ikkje tenkje på noko anna enn neste trekk og siger.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ukrainarar er klare til å byte alle tidlegare og framtidige sportssigrar mot ein einaste siger – siger i denne krigen.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis