JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Einevelde før og no

TOPKAPI-PALASSET: Vert Erdogan «ein ny sultan» om han vinn valet sundag? Osmansk kolonialisme er ikkje mindre mørk enn vestleg. Demokratisk underskot styrkte imperiet, men sytte for undergangen òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leiaren for dei svarte evnukkane vaktar inngangen til haremet i Topkapi-palasset til sultanen, i dag eit av dei fremste musea i Istanbul.

Alle foto: Håvard Rem

12568
20230512

Val i Tyrkia

Sundag held Tyrkia val. Etter tjue år ved makta vert Erdogan (AKP) utfordra av ein storkoalisjon leidd av Kemal Kilicdaroglu (CHP). Del 3 av 4

Tyrkisk val

havard@dagogtid.no

I dag vitjar eg Topkapi-palasset. Frå 1465 til 1853 var det administrasjonssenteret i det osmanske imperiet og residensen til sultanen. Eit grannebygg er Hagia Sofia, reist som gudshus av keisar Justinian kring 530. Då osmanane erobra Istanbul i 1453, bygde dei Topkapi-palasset og gjorde Hagia Sofia om til moské, etter nær 1000 år som kristen kyrkje.

I 1923 sytte Atatürk for at Hagia Sofia og Topkapi-palasset vart museum i ein sekulær republikk. Sidan eg var her sist, har Erdogan opna Hagia Sofia for muslimsk bøn. Slikt styrkjer ryktet hans som «den nye sultanen».

Valet sundag vert rekna som uvanleg viktig. På dei tjue åra Erdogan har styrt, har republikken gradvis vorte mindre demokratisk og meir religiøs og nasjonalistisk. Dei som ynskjer ei slik utvikling, vonar at Erdogan vinn valet. På meiningsmålingane er det jamt.

Fortid og framtid

Presidenten har fortida i ryggen. Det religiøse eineveldet er ei tradisjonsrik tyrkisk styreform. Med Istanbul som hovudstad varte sultanatet i 600 år, prega av kolonialisme og imperialisme, slaveri og rasisme. Det var ikkje over før i 1923.

Jau, hundre år har gått, og Erdogan er demokratisk vald, men vinn han sundag, vert han den mest suverene leiaren for tyrkarane sidan sultanatet.

Han har ikkje berre fortida på si side, men framtida òg, kan det sjå ut som. Lyfter ein blikket, handlar det om større trendar enn ein tyrkisk gullalderdraum. Etter tusenårsskiftet har eg reist i fem verdsdelar og syttifem land, brorparten ikkje-vestlege, og eg sit att med eit inntrykk av at folk flest, ikkje minst unge flest, meiner det er kjekt og naturleg med ein sterk leiar.

Frå ein ung brasilianar, kinesar, filippinar, russar eller tyrkar kan ein høyra: Ein sterk leiar syter for arbeid og bustad, mat og privatliv, ro og orden for dei som skikkar seg, og slikt er viktigare enn ytringsfridom, minoritetsrettar og fleirpartisystem. Vestlege land har sitt å stri med og er ikkje førebilete slik dei ein gong var. Dei vestlege verdiane er vestlege, ikkje universelle.

Demokrati og demografi

I Tyrkia som elles i verda er demokratiet ei ung og sårbar styreform. Despotiet står i eldre tradisjonar. Den sårbare situasjonen for vestleg demokrati kan ein sjå av vestleg demografi.

Dei to folkerikaste byane i Europa er ikkje Paris og London, men Istanbul og Moskva. At båe ligg på grensa til Asia, fortel om den demografiske marginaliseringa av europearane, og dimed, meir indirekte, marginaliseringa av demokratiet. I tiåret eg vart fødd, var kvart fjerde menneske på jorda ein europear. I dag bur berre éin av ti i Europa. Når barneborna mine når alderen min, er det éin av femten.

At demokratiet sigrar, tek ingen for gjeve, korkje sundag eller resten av hundreåret.

Arealet i Topkapi-palasset er nær det dobbelte av Frognerparken i Oslo

Kaffi

På veg til palasset tek eg meg ein kaffi på Kafé Elefant. Eigaren er medviten om opphavet til kaffien. Han byr på åtte typar tyrkisk kaffi –?variert med ulike krydder, ikkje med sukker, sirup og anna søtt som på kafear i Vesten. På menyen finn eg mellom anna tyrkisk, osmansk, balkansk og assyrisk kaffi. Espresso har dei òg. Kom skikken hit frå Italia?

Sjølvsagt var det motsett. Og det tok til endå lenger sør: Kring 1450 byrja jemenittar å drikka etiopisk kaffi. Kring 1500 kom eit mellombels forbod i byar som Mekka og Kairo av di kaffi var stimulerande og av somme rekna som haram. Med kvart vart den helsesame drikken godteken av dei religiøse, og kring 1550 opna to syrarar den fyrste kafeen her i Istanbul. Kaffihusa vart samlingsstader for folk som las litteratur, skreiv dikt og spela backgammon.

Med kvart spreidde skikken seg til Europa. Kring 1650 opna kaffihus i Paris og London.

Eineveldet

Arealet i Topkapi-palasset er nær det dobbelte av Frognerparken i Oslo. Dei utvendige gardsromma liknar enorme messeområde. Innvendig liknar det Potala-palasset i Lhasa i Tibet, med ei endelaus rekke med rom.

I palasset skjønar eg at kaffihusa ikkje var den einaste osmanske kultureksporten til Europa. Med kaffihus tenkjer ein gjerne på opplysingstid og demokratisk ordskifte, men styreforma som kom til Europa samstundes med kaffihusa, var eineveldet – frå osmanane, det òg.

På ein benk i Topkapi-parken les eg vidare i boka The Ottoman Empire and Europe (Istanbul, 2017) av den anerkjende tyrkiske historikaren Halil Inalcik (1916–2016), som førelas ved Harvard og Princeton. Han skildrar korleis den osmanske styreforma påverka politiske tenkjarar i Europa.

Statsteoretikaren Machiavelli (1469–1527) heldt fram sultanatet som eit førebilete på korleis ein langsiktig kan ta over eit erobra land ved å busetja eigne innbyggjarar i området – med andre ord: gjennom kolonisering. Slik lukkast osmansk kolonialisme i Søraust-Europa.

Hjå osmanane fann Machiavelli endå ein føresetnad for effektiv imperialisme: eineveldet. Då eineveldet vann fram i Europa frå kring 1650, samstundes med kaffihusa, var eit førebilete den suverene sentralmakta i det osmanske sultanatet, i 400 år samla her i Topkapi-palasset. Ei bok av den franske politiske filosofen Jean Bodin (1530­–1596), prenta i 1576, la det teoretiske grunnlaget.

Med reformasjon, svekt pavemakt og styrkt kongemakt voks dei nasjonale monarkia i Europa, og eineveldet vart sett på som den beste styreforma, med det osmanske imperiet som det fremste førebiletet ­– ikkje berre for einevelde, men for kolonisering og imperialisme òg.

Leiaren for dei kvite evnukkane i palasset.

Imperialisme

I mezelunsjen er eg innom norske aviser på nett. Kva er nytt? Det vanlege. Kronikkar og debattinnlegg, skrivne av akademikarar tilsette i statlege institusjonar, fortel om korleis verda i dag er prega av kolonialismens skadeverknader, og kor naudsynt avkolonisering er. Det handlar då alltid om vestleg kolonialisme. Eg har til gode å sjå omtale av ikkje-vestleg kolonialisme. Av di slikt ikkje finst?

Topkapi-palasset provar det motsette. Då det osmanske imperiet var som størst i det 16. og 17. hundreåret, hadde det lagt under seg område i meir enn førti noverande land – i Søraust-Europa, Vest-Asia og Nord-Afrika. Det omfatta heile eller delar av mellom anna Russland, Ukraina, Hellas, Italia, Ungarn, Irak, Iran, Saudi-Arabia, Egypt, Israel, Libya, Marokko, Romania og Jordan.

I palasskjøkenet ser eg føre meg korleis sultanen henta inn kokkar og kokekunst frå alle nyerobra område og slik utvida og utvikla det framifrå osmanske kjøkenet – i kjølvatnet av eit imperialistisk blodbad som spreidde seg attmed kysten av Middelhavet og Svartehavet.

Ikkje-vestlege og ikkje-kristne har halde på med kolonialisme og imperialisme, rasisme og slaveri, dei òg –?somme av dei var til og med i gang med det før Vesten.

Dei kastrerte

Ein viktig del av palasset er haremet. Før menn utanfrå fekk tilgjenge, som vaktarar, vart dei kastrerte. Ein kastrerte ikkje osmanar og muslimar, men folk av annan etnisitet og tru, slavar frå erobra område. Dei fyrste hundre åra var det for det meste kvite menn som vart kastrerte, og til kvar tid var det kring 700 av dei i haremet. For å sitja att med så mange kvite evnukkar laut ein kastrera fleire tusen, for mange blødde i hel i samband med inngrepet.

Evnukkane var toppen av isfjellet. Frå erobra område kring Svartehavet henta osmanane truleg kring 2,5 millionar slavar til Istanbul mellom 1453 og 1700.

Men til haremet byrja sultanen med kvart å føretrekkja afrikanarar i staden for europearar. Grunnane var fleire. Kvite vart avslørte for underslag, og av di dei berre var delvis kastrerte, med sjølve lemen i behald, gjekk det rykte om at dei var intime med haremskvinnene, mange av dei kvite slavar, dei òg.

Frå Afrika var det ikkje berre kaffibønner osmanane henta. Dei svarte som vart frakta til Topkapi-palasset, via Kairo, vart grundigare kastrerte. Alt vart fjerna, og overslag syner at kan henda berre éin av ti overlevde operasjonen. Di yngre dei var, di større sjansar hadde dei for å overleva kirurgien. Med til dømes 700 i palasset til kvar tid vart kan henda så mange som 7000 svarte opererte.

Evnukkmoskeen

Dei svarte evnukkane var ein drope i Middelhavet. Millionar av afrikanarar vart slavar i det osmanske imperiet. Slaveriet deira byrja før det europeiske, og enda seinare. Så seint som i 1908 – to år før norske kvinner fekk røysterett – dreiv osmanane med kjøp og sal av kvinner som slavar. Framleis er skikken attraktiv for somme. Etter 2013 har som kjent religiøst legitimert sexslaveri vore praktisert i kalifatområde i grannelandet Syria.

Eit av dei venaste romma i Topkapi-palasset er Moskeen til dei svarte evnukkane. Der kunne dei be omgjevne av unike 1600-tals veggpanel med motiv frå Profetmoskeen i Mekka. Dekorert av same kunstnar og heilt praktfull er bønenisjen til dei kastrerte afrikanarane, med motiv frå Den heilage moskeen i Mekka, Al-Haram, same ord som harem: heilag, forbode, tabu.

Somme gjer eit poeng av at semittiske religionar som jødedom og islam er mindre kropps- og sexfiendslege og difor ikkje har munke- og nonnevesen, slik katolisismen har. Så enkelt er det diverre ikkje. Osmansk kastrering hadde dessutan ein etnisk og rasistisk profil.

Vendinga

Med den osmanske kringsetjinga av Wien i 1529 vart Europa ridd av Türkenfurcht (tyrkofobi). Men i løpet av hundreåret snudde det. Kvifor tapte osmanane? Halik Inalcik drøftar spørsmålet grundig, og skal ein samanfatta svaret hans i få ord, vert dei: kunne, teknologi og logistikk.

Den militærteknologiske revolusjonen i Europa sist på 1500-talet endra styrketilhøvet. Noko av det fyrste danskane sette i gang med då dei tok over Noreg kring reformasjonen (1536), var gruvedrift. Utvinninga av metall og utviklinga av handvåpen vart kraftig forbetra, med hjullåsen kring 1580 som døme. Forta vart stjerneforma. Vekta av ei rifle vart halvert. Produksjonen vart straumlineforma. Kvaliteten på stål, jarn og krut vart så god at osmanane byrja å importera slikt frå protestantiske land –?dei katolske hadde eksportforbod.

Men kvifor vart europeisk teknologi betre enn osmansk?

Den europeiske humanismen vart ikkje importert. I 1577 – samstundes med at Tycho Brahe fekk bygd eit dansk observatorium som vart avgjerande for berekningane til Johannes Kepler –?vart eit like imponerande observatorium reist her i Istanbul. Men alt i 1580 valde ein å øydeleggja det, av religiøse grunnar, av di «ein ikkje skal tukla med Allahs verksemd i himlane».

Frå osmanane importerte europearane kaffihus og einevelde, og frå europearane importerte osmanane klesmotar og ingeniørkunst –?men ikkje prenteverk. Alt i 1490 var det 200 prenteverk i Europa. Her i Istanbul kom det fyrste prenteverket så seint som i 1729. Ein rakk å gje ut ei bok om Kopernikus før prenteverket vart stengt i 1742, og det vart ikkje opna att før reformistar kom til makta i 1784. Då var det for seint.

Sundag

Erdogan går ikkje til val i eit vakuum. Verda er prega av ein sterk leiar-trend, og Tyrkia har ei sterk leiar-soge.

Det er ettermiddag når eg kjem meg ut i gatene att, til valplakatane og valbuene. Kva som vinn valet, er til sjuande og sist kvardagen til folk flest. Har den sterke leiaren sytt for ein god nok kvardag?

Dei eg pratar med, peikar på nederlaga til Erdogan. Kjøpekrafta til ein vanleg tyrkar er sterkt redusert. Inflasjonen er ute av kontroll. Den tyrkiske liraen er på to år svekt med 60 prosent mot den amerikanske dollaren.

Erdogan peikar på sigrane sine. Han har nett opna Tyrkias fyrste store atomkraftverk, reist av Rosatom, eit statleg russisk selskap. Tyrkia har lansert sin fyrste elbil. I hamna nedanfor Topkapi-palasset ligg TCG Anadolu («Anatolia») på utstilling, landets fyrste hangarskip, høgteknologisk og droneberande.

Jamvel jordskjelvet i februar freistar presidenten no å nytta til sin fordel. Han har fått skulda for omfanget, av di utbyggjarane fekk kjøpe seg ut av tryggingstiltak, men no fortel han at berre han kan byggja opp att den råka regionen.

Og om dei seks opposisjonspartia får fleirtal: Korleis skal dei samarbeida i regjering?

Kven vinn sundag? Den sterke leiaren eller det motsetnadsfylte demokratiet?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis