JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

– Erdogan vil ha krig

TAKSIM-PLASSEN, ISTANBUL: Her har den sekulære republikken sitt monument, her vert 1. mai markert, her møter eg opposisjonelle, og nett her vel Erdogan å byggja ein kontroversiell kjempemoské.

Republikkmonumentet frå 1928, med profilen til Mustafa Kemal Atatürk, og den nye Taksim-moskeen frå 2021.

Alle foto: Håvard Rem

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12245
20230505

Val i Tyrkia

14. mai held Tyrkia val. Etter tjue år ved makta vert Erdogan (AKP) utfordra av ein storkoalisjon leidd av Kemal Kilicdaroglu (CHP). Del 2 av 4

Tyrkisk val

havard@dagogtid.no

Nei, det er ikkje trygt der, seier den regimekritiske redaktøren Ali Duran Topuz når eg føreslår Starbucks ved hotellinngangen min på Taksim-plassen. I lag med Melisa, tolken, går me til bakgatene og bardistriktet, der ein finn utlendingar, prostituerte og intellektuelle.

Topuz er spaltist i Gercek og sjefredaktør i Duvar, «Veggen», ei regjeringskritisk nettavis, skipa 8. august 2016, få veker etter kuppfreistnaden som endra landet.

Då, i 2016, drakk eg kaffi med tyrkiske og utanlandske journalistar som framleis skreiv liberalt i landets største avis, Hürriyet. Det tok slutt då Hürriyet fekk Erdogan-venlege eigarar i 2018.

Året etter vart den tidlegare Washington-korrespondenten til Hürriyet, Cansu Çamlibel, redaktør for ei utanlandsutgåve av Duvar, der ein kan lesa Topuz på engelsk. Han fortel:

– 90 prosent av store medium er kontrollerte av regjeringspartiet AKP. Dei statlege institusjonane og domstolane ter seg som om dei høyrer til AKP. Og ministrane nyttar statsapparatet i valkampen.

Sensuren har vorte verre. Duvar vert pålagd å fjerna artiklar frå nettet. Domstolar tillèt at nettilgangen til artiklar vert blokkert.

Når du les dette, er det ni dagar til valet. Topuz held fram:

–?Vinn Erdogan, vil dette valet definera eit regime. Både president- og parlamentsvalet er kritisk. Får Erdogan fleirtal i parlamentet, kan han lettare vinna ein eventuell andre valomgang 28. mai. Vinn han båe vala, vert Tyrkia eit monarkisk diktatur.

– Men jamvel Erdogan-venlege veljarar fortel meg at han no gjerne kan gje seg etter tjue år?

– Jau, men mange grupper stør han. Offentleg tilsette trur dei er tente med å støtta AKP. Middelklassen har så høge lån at dei klamrar seg til AKPs lågrentepolitikk. Overklassen har band til partiet og vert favorisert av den økonomiske politikken. Og dei religiøse støttar Erdogans verdipolitikk.

Sekulær republikk

No i valåret er det hundre år sidan Tyrkia vart skipa som republikk, og då ikkje ein islamsk republikk som Pakistan, men ein sekulær republikk etter vestleg førebilete. Det elleve meter høge republikkmonumentet møter ein midt på Taksim-plassen. I nord står Mustafa Kemal Atatürk som soldat i uniform under den tyrkiske sjølvstendekrigen (1919–1923). I sør står han som statsmann etter krigen i vestlege klede.

Ein sovjetar har fått plass i monumentet, som takk for militær og økonomisk stønad frå Lenin –?men utan at verdsrevolusjonen nådde Anatolia.

Monumentet stod ferdig i 1928, same år som den tyrkiske poeten og kommunisten Nâzim Hikmet (1902­–1963) skreiv diktet «Råd til borna våre», som eit døme på ei ny og sekulær – og økologisk –?livshaldning her i sentrum av det tidlegare osmanske riket. På hotellrommet, med utsyn over Taksim-plassen og Bosporos-sundet, omsett eg det til norsk:

RÅD TIL BORNA VÅRE

De har lov å vera rampete,

klyva bratte vegger

og klatra høge tre.

La skipperkunna styra sykkelen

der han rasar av stad

som eit lyn.

La blyanten teikna morosame bilete

av religionslæraren

og riva ned turbangrøne skjelett

av heilage skrifter.

Bygg dykkar eige paradis

på den svarte jorda;

og lyg dei om ’Skapinga av Adam’ –

imøtegå dei med ei geografibok.

Akt berre denne jorda,

tru på denne jorda.

Skil ikkje mellom dykkar eiga mor

og moder jord.

Elsk jorda

slik de elskar mor dykkar ...

Hikmet – i dag ein av Tyrkias mest lesne poetar – var ein ven av Kemal Atatürk, men som kommunist oppheldt han seg to tredelar av livet anten i tyrkisk fengsel eller i sovjetisk eksil. Republikken var sekulær, men antikommunistisk.

Etter at 1. mai-markeringar hadde vore forbodne frå 1928 til 1975, samla ein halv million menneske seg her på Taksim-plassen 1. mai 1977. Det enda i blodbad og samanstøyt mellom ytre venstre og høgre.

I dei tjue åra Erdogan no har styrt, har Taksim-plassen halde fram som samlingsstad for opposisjonelle. I 2013 var det demonstrasjonar mot utbygging av plassen og for pride-rettar. I lagnadsåret 2016 låg lika til regimekritikarar i gatene kring Taksim-plassen, og det var på kafeane her eg møtte opposisjonelle, slik eg i dag møter Ali Duran Topuz.

«Våre bajonettar»

Republikken har vorte mindre sekulær berre sidan eg var her sist. Erdogan har sytt for ein religiøs renessanse.

– Kor sterkt står religionen i Tyrkia?

–?Tyrkarar flest trur. Men trua har endra seg på dei tjue åra med Erdogan.

–?Korleis?

–?Ideala om fredeleg sameksistens mellom ulike grupper har vorte svekt. Fundamentalismen og jihadismen har vorte sterkare. Erdogan er oppteken av krigshistorie og osmansk ekspansjon, ikkje av kultur, filosofi og arkitektur. Han er ein driven pragmatikar, men inst inne er han ein jihadist som trur på islamsk imperialisme.

Presidenten voks opp i ein fattig religiøs familie. Som gut selde han vassflasker i bilkøar. Av di far hans sende den gløgge guten til ein imamskule, kom han ikkje inn på eliteuniversiteta. Han synte fotballtalent, men far hans avslo tilbodet frå toppklubben Fenerbache. Han synte talegåver, og vann fyrsteprisen i ei tevling i diktframføring, eit talent som ein dag skulle senda han i fengsel.

I 1994, 40 år gamal, vann den konservative muslimen overraskande ordførarvalet i Istanbul. Sekulære istanbulittar trudde han kom til å forby alkohol og innføra sharia, men i staden forbetra han transporttilbodet, vassforsyninga og annan infrastruktur.

I ein tale i 1997 resiterte han delar av diktet «Ein soldats bøn», skrive under den tyrkiske sjølvstendekrigen, av den ultranasjonalistiske sosiologen og poeten Zikya Gökalp (1876–1924):

Minaretane er våre bajonettar

Kuplane er våre hjelmar

Moskeane er våre kasernar

Dei bedande er våre soldatar

Trua vår krev ein hær av truande

Allahu akbar, Allahu akbar

Erdogan vart dømd til ti månader i fengsel for å ha oppmoda til jihad og krenkt republikkens sekulære eigenart. Same dag som han gjekk i fengsel, gav han ut diktalbumet Bu Sarki Burada Bitmez (Denne songen endar ikkje her, 1999), som selde i meir enn ein million eksemplar og var det mest kjøpte albumet i Tyrkia i utgjevingsåret. Alt overskot gjekk til «martyrar» og deira enkjer og born, og til «tankeforbrytarar». Erdogan vart kjend som «Mannen som les dikt» og vart så populær at han skipa sitt eige politiske parti, Rettferds- og utviklingspartiet (AKP) –?som no har hatt makta i tjue år.

Redaktør Ali Duran Topuz (til høgre) og tolken Mellisa i ei av bargatene bak Taksim-moskeen.

Meir enn tru som skil

Ali Duran Topuz er ikkje så oppteken av livssynet som skil Erdogan og Atatürk. Han peikar heller på alt dei har sams. Jau, attmed ein religiøs–sekulær akse er det mykje som skil Erdogan (AKP) frå dei to kemalistane, landsfaderen Kemal Atatürk og opposisjonsleiaren Kemal Kiliçdaroglu, båe frå Det republikanske folkepartiet (CHP). Men for Topuz er nasjonalist–minoritet-aksen viktigare. Dessutan nyttar han aldri tilnamnet Atatürk, «far til tyrkarane», men kallar han Kemal.

– Kva ville Atatürk ha tenkt om Erdogan?

–?Erdogan er reaksjonen på Kemals sekulariseringsprosjekt. Dei er usamde om sekularisering og vestleggjering, men samde i minoritetsspørsmåla. Sentralt i tyrkisk nasjonalisme har det vore å fjerna minoritetane –?fyrst jødane og dei kristne, så kurdarane og aleviane. Kemal var den militære leiaren for massakrane på kurdiske stammar.

Han held fram:

–?Som eit valkamputspel gjekk Erdogan nyleg til åtak på to minoritetar, aleviane og kurdarane og truga med å skjerpa lovane mot dei. Det auka populariteten hans.

– Kva er bakgrunnen din?

– Eg er ein minoritet i minoriteten. Eg er både kurdar og alevi. Aleviar flest er tyrkiske. Kurdarar flest er sunni. Aleviane er ein minoritet mellom kurdarane. Eg er fødd i Sivas langt aust i landet, men då eg var åtte år gamal, flytta me til Istanbul. Stammen vår gjorde opprør for hundre år sidan, og mange vart massakrerte, med Mustafa Kemal som militær leiar.

– Koalisjonsleiaren Kemal Kilicdaroglu høyrer til Atatürks parti, men er alevi som du?

–?Ja, han erklærte: «Eg er alevi, men ikkje kriminell. Røyst ikkje ut frå religion, men politikk.» Då han stod fram med sin aleviske identitet, nøytraliserte han skuldingane. Erdogans åtak vil truleg gje ein rekyleffekt. Historisk sett har kurdarane ikkje røysta på CHP og kemalistane, men 80 prosent av kurdarane støttar no Kemal Kilicdaroglu. Dei likar han ikkje, men dei støttar han for å stogga Erdogans nasjonalistiske, anti-kurdiske prosjekt.

Taksim-moskeen

Taksim-plassen ligg sentralt på den europeiske sida av Istanbul, på ei høgd, 80 meter over Bosporus-sundet og Marmara-havet, som eg kan sjå frå rommet i 17. etasje i hotellet som har namn etter havet: Marmara Taksim –?eit landemerke av eit bygg, synleg frå Kadeköy på den asiatiske sida av byen. Alle veit kvar hotellet ligg. Og Taksim-plassen er eit knutepunkt for metroen og annan offentleg transport.

Det er enkelt å leggja ein avtale hit, og enkelt å stikka seg vekk. På Taksim-plassen byrjar ei av verdas travlaste gågater, Istiklal, «Sjølvstende-avenyen», eit namn gata fekk då Tyrkia vart sjølvstendig i 1923.

Kvar dag går kring tre millionar menneske i gata. I motsetnad til andre delar av Istanbul er Istiklal klasselaus. Her møtest heile folket, og folk frå heile verda.

Merkevarebutikkane dominerer. Vanlege restaurantar ser ein lite av. Gata skal vera for alle, for born og religiøse òg, utan sjenerande alkoholservering. Slikt er samla der Topuz, tolken og eg drikk kaffi, i raudlyktdistriktet bak moskeen.

Moskeen? Ja, Taksim-plassen er no dominert av ein kjempemoské. Han stod her ikkje under kuppfreistnaden i 2016, men han er eit resultat av unnatakstilstanden etterpå.

Dei religiøse har lenge ynskt moské her. Men av di plassen symboliserer republikanisme og sekularisme, har planane vore stogga. Treng Youngstorget ei kyrkje? Med eit spir høgare enn LO-bygget?

Erdogan vart sjølvsagt ein pådrivar. I 2013 demonstrerte titusenvis mot Taksim-planane. Men etter 2016-kuppet tok Erdogan seg til rette. I 2017 byrja bygginga, og i 2021 var Erdogan til stades under opninga. Moskeen tek 3000 bedande, og høgda –?utan minaretane – er tretti meter, for ikkje å vera lågare enn den gamle armenske kyrkja i nærleiken.

Europa-skepsis

– Kvar går Tyrkia?

– Valet no avgjer retninga. Om Erdogan vinn, vil Tyrkia venda seg mot Russland og Kina. Helst ville han ut av Nato òg, men det har han ikkje militær og økonomisk styrke til. USA og EU er dei viktigaste handelspartnarane.

– Kvar vil tyrkaren venda seg?

– Ein stor del av dei vil ikkje fjerna seg frå Europa. Skepsisen til Europa er større hjå tyrkarane i Europa enn hjå tyrkarane i Tyrkia. Ein god del av Erdogans veljarar ynskjer heller ikkje å fjerna seg frå Europa.

– Og i opposisjonen?

– I opposisjonen vil ein finna ein del Europa-skepsis av di dei oppfattar at Europa støttar Erdogan. Ideologisk er dei ikkje mot Europa og USA, men dei trur at EU og USA støttar presidenten. Og for ein del har dei hatt rett. Dei såg jo at Merkel støtta Erdogan.

– Kan du skjøna at det i Europa no er ei oppfatning av at Merkel var naiv andsynes både Erdogan og Putin?

– Ja. Erdogan har ikkje vore god for Europa. Han fortel Vesten – ikkje med ord, men med handlingar: «Det gjer ikkje noko om eg er diktator. Det skader dykk ikkje økonomisk. Tvert om kan me inngå avtalar som skjermar dykk mot flyktningar.» 

Topuz vil helst ikkje tenkja på at den sekulære republikken Tyrkia kan enda samstundes med 100-års-markeringa. Men om presidenten vinn valet, kan han ikkje utelukka eit slikt resultat:

–?Då kjem Tyrkia til å likna regima til Franco og Salazar. Ein eineveldig president vil då trekkja landet ut av internasjonale avtalar om rettar for kvinner, born og minoritetar. Tyrkia vil verta meir militaristisk, og truleg gå til krig mot mindre granneland. Vinn presidenten meir makt no, vil han ekspandera og ta militær kontroll over kurdiske område i Syria og Irak.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar

Skam i eit sprøytestikk

Dersom regjeringa verkeleg bryr seg om kvinnehelse, kan dei starte med å gje norske barn den beste HPV-vaksinen.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Det blei teater av Brynjulf Jung Tjønns sterke og prislønte diktsamling.

Foto: Den Nationale Scene

Meldingar

Sterkt og poetisk om etnisk utanforskap

Ei enkel, framifrå framsyning om vondskapen som synest å ha bite seg fast i oss.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis