JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Erdogan-regimet vert sterkare no

At Erdogan ikkje fekk reint fleirtal alt i fyrste valomgang, kom av framgangen til ultranasjonalistane i ATA. Vonbrotne opposisjonelle reknar no med at presidenten vil auka makta si dei neste fem åra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Papirvimplar for den ultranasjonalistiske ATA-alliansen på metroen i Istanbul. At tre millionar tyrkarar røysta på ATA, sytte for at korkje Erdogan eller Kilicdaroglu fekk reint fleirtal.

Alle foto: Håvard Rem

9871
20230519

Val i Tyrkia

Det tyrkiske valet sundag vart ikkje avgjort. Erdogan vann parlamentsvalet. Presidentvalet vert avgjort i ein andre valomgang sundag 28. mai. Del 4 av 4

Tyrkisk val

havard@dagogtid.no

På metrostasjonen i Istanbul såg eg ein dag nokre små papirvimplar som var festa litt amatørmessig til murveggen, heilt annleis enn dei store og profesjonelle storformatreklamane til Erdogan og Kilicdaroglu. På dei raude vimplane var det ei teikning av ein innbiten landsfader Atatürk (1881­­–1938) mellom to tyrkiske flagg, og bokstavane ATA.

Minikoalisjonen ATA gjorde eit betre val enn venta og sytte for at ingen av dei to storkandidatane sundag fekk reint fleirtal. Dimed vert det ein andre valomgang om ei dryg veke, då utan ATA. Men kvar ATA-veljarane då tek vegen, vil avgjera eit presidentval som leiande internasjonale aviser har kalla «det viktigaste valet i verda i 2023». Difor spør eg dei tyrkiske kontaktane mine: Går ATA-veljarane no til AKP eller CHP, til president Erdogan eller opposisjonsleiar Kilicdaroglu?

Fleirtalsval

I tidlegare homogene samfunn som dei nordiske har ein kunna styra gjennom mindretalsparlamentarisme. Slik er det ikkje i store land med ein meir samansett folkesetnad. I Frankrike, USA og Tyrkia held vala fram til ein av kandidatane har fått fleirtal. Det demokratiske mandatet inneber fleirtalsmakt. Om berre to kandidatar stillar til val, er det greitt, for då får éin av dei eit reint fleirtal i fyrste valomgang. Men stiller fleire kandidatar, og ingen av dei får reint fleirtal, går dei to fremste vidare til ein andre valomgang.

I franske presidentval er det gjerne regelen, men i Tyrkia sundag gjekk valet vidare til andre omgang for fyrste gong.

På røystesetelen var det fire namn og andlet: president Erdogan (AKP), opposisjonsleiar Kilicdaroglu (CHP), Sinan Ogan (ATA) og Muharrem Ince (eks-CHP). Tre dagar før valet trekte Ince seg, for ikkje å stela røyster frå Kilicdaroglu.

Men tre millionar tyrkarar røysta på ATA. Drygt 5 prosent av røystene var nok til at ingen av dei to storkandidatane fekk 50 prosent. Det var så nær, så nær: Erdogan mangla 0,5 prosentpoeng på reint fleirtal, Kilicdaroglu 5 prosent.

Sekulær nasjonalisme

Så kven er ATA, minikoalisjonen med dei små papirvimplane på metroen? Svaret fortel ein del om dei kryssande og kompliserte delelinene i den tyrkiske veljarmassen.

Som koalisjon kom ikkje ATA på plass før i mars. Bakgrunnssoga stadfestar at ein ikkje kan skjøna tyrkisk politikk fyrst og fremst gjennom ei oppdeling av veljarane i religiøse og sekulære.

ATA er sekulær og ultranasjonalistisk, sekulær og ytre høgre, av fleira rekna som nyfascistisk. Som på vimplane nyttar dei sekulære Atatürk som andlet, og her finst ingen motsetnad, for med 2023-augo var Atatürk høgst nasjonalistisk, han òg – slik ein med 2023-augo finn nasjonalvenlege og minoritetsfiendslege trekk hjå ein landsfader som Einar Gerhardsen òg, utan for mykje samanlikning elles. Fleire av leiarfigurane i ATA-alliansen har bakgrunn i Nasjonaliatrørsla (MHP).

Den tyrkiske kombinasjonen av sekularisme og ultranasjonalisme er uvand for mange vestlege, men ein hadde han i Vesten òg – før 1945 og det store oppgjeret med nasjonalsosialismen, som jo i store trekk var både sekulær og nasjonalistisk. Kemal Atatürk kombinerte dette, og han døydde i 1938. Sidan har tyrkarane, som ikkje-vestlege, som til dømes russarane, aldri teke det store nasjonalisme-oppgjeret.

I fyrste verdskrigen valde osmanane å kjempa i lag med Tyskland og Austerrike-Ungarn, som ein del av Sentralmaktene, mot dei allierte, som vann krigen og delte opp imperiet. Under andre verdskrigen inngjekk nøytrale Tyrkia ei ikkje-åtakspakt med Tyskland i 1941, og tyrkarane venta til Tyskland låg i ruinar før dei erklærte krig mot landet, 23. februar 1945.

ATA og AKP

Kor mange ATA-veljarar vil no røysta på Erdogan?

Som Erdogan er dei verdikonservative. Men mykje skil dei frå presidenten òg. Erdogan er personleg og truande muslim, det er ikkje dei. Rett nok har Nasjonalistrørsla (MHP) opna seg meir for islam, men då om lag slik ytre høgre-rørsler i Europa meiner at kristendomen kan tena som eit samlande verdigrunnlag. Slik MHP godtek kulturell islam, har nasjonalismen deira òg vorte moderert, frå etnisk til kulturelt basert. Og her har dei eit større ankepunkt mot Erdogan enn religiøsiteten hans: innvandringa. For ATA er Erdogan altfor innvandringsliberal.

Ein kveld tek eg ein matbit med nokre tyrkiske kulturarbeidarar. Dei er kring 40 år gamle, ein skodespelar og ein kulturentreprenør. Dei er høgst sekulære, men det er ikkje fyrst og fremst religiøsiteten til Erdogan som får dei til å mislika han. Innvendingane deira liknar innvendingane til ATA: korrupsjon og innvandring.

Skodespelaren fortel frå ein dyr restaurant i ein betre Istanbul-bydel, der han sjølv bur:

– På grannebordet sat ein minister og ein byggherre. Store vegprosjekt vart bytte mot lojalitet til regjeringa.

Meir emosjonell er kritikken av Erdogans line i innvandringspolitikken:

– Ein kan snart ikkje gå trygt i gatene. Sidan flyktningkrisa i 2015 har fem millionar syrarar kome inn i landet, i tillegg til ei gruppe på kring to millionar afrikanarar, afghanarar og iranarar.

ATA og CHP

Kor mange ATA-veljarar vil no røysta på Kilicdaroglu (CHP)?

ATA og Kilicdaroglu har jo eit sams historisk utgangspunkt i Atatürk. Atatürk var CHP-leiar før, og Kilicdaroglu er CHP-leiar no. Og sams har dei òg eit mindre strengt krav om sekularisme. Som ATA signaliserer Kilicdaroglu ei opnare haldning til moderat islam som eit sams verdigrunnlag i nasjonen.

Men ATA og CHP står langt frå kvarandre i minoritetsspørsmål. CHP har ei meir open og vestleg haldning til seksuelle og etniske minoritetar. I spørsmål om LHBT- og kurdarrettar står dei langt frå ultranasjonalistane i ATA.

Eitt av partia i Kilicdaroglus sekspartikoalisjon er det kurdar- og minoritetsvenlege sosialistpartiet HDP. Skal ein tru Der Spiegel, har Ogan og ATA stilt som krav for å støtta Kilicdaroglu at han bryt med HDP.

Og kva var det Erdogan skremde mogelege CHP-veljarar med i valkampen? Dei liberale haldningane han meiner opposisjonen har til grupper av LHBT-personar, kurdarar og andre minoritetar.

Fyrste andre valrunde

At eit tyrkisk presidentval for fyrste gong går til ein andre valomgang, kan interessant nok syna seg som ein moralsk siger for den sitjande presidenten, av di det kan etterlate eit inntrykk av at det har gått føre seg reelle val – for dei som hadde tvil om det.

I tillegg til den moralske sigeren han alt har innkassert, kan han førebu seg på ein røynleg siger i valet sundag 28. mai. Dersom fordelinga mellom dei to presidentkandidatane som no går til andre valomgangen, i store trekk vert som i fyrste valomgangen, treng Erdogan berre kring 15 prosent av ATA-røystene for å bikka 50 prosent og verta president. Det er vanskeleg å sjå føre seg at han ikkje vil få minst eit slikt mindretal av ATA-røystene.

Det er òg vanskeleg å sjå føre seg at eit eller anna vil henda som i større grad endrar styrketilhøvet mellom Erdogan og opposisjonen. Ei slik ekstraordinær hending fann stad før fyrste valomgangen, med jordskjelvet i februar, utan at det ser ut til å ha svekt presidenten monaleg.

Av di tyrkarane er utan røynsle med ein andre valomgang, kan ein ikkje utelukka at psykologiske faktorar slår inn. Ein ny valomgang er i seg sjølve eit teikn på at den sitjande presidenten ikkje er uslåeleg, og ein kan sjå føre seg at det kan verka inn på røystegjevinga til dei som gjerne røystar med kandidaten ein trur vinn.

Men ein slik psykologisk faktor kan slå båe vegar. At avgjerda ikkje fall i fyrste omgang, kan ein òg tolka som at valet var reelt, at landsfaderen er sårbar for nederlag og treng støtte.

–?Spelar mindre rolle

Kvar går ATA-veljarane sundag om ei veke? Her er somme av svara eg fekk i timane og dagane etter fyrste valomgangen sundag.

Mange av tyrkarane eg prata med i Istanbul, og som eg har fått kommentarar frå etter heimkomsten, har gjeve meg eit val: Vil eg sitera dei usensurert, lyt det skje utan namn og bilete. Bakgrunnen er sjølvsagt ein auke i talet på tyrkarar som har vorte forfylgde og fengsla for ytringar. Ein av vallovnadene til opposisjonen var å endra domane og sanksjonane mot regimekritikarar. Lite tyder no på at det vil henda.

Ein tyrkar svarar:

– Kva ATA-leiar Ogan vil råda veljarane sine til, er ikkje klårt enno. No vert det fyrst kjøpslåing om merkesakar. Kilicdaroglu har alt gratulert Ogan med resultatet og truleg byrja forhandlingar.

Ein annan tyrkar svarar:

– Kva ATA-veljarane vil røysta no? Kven veit? Dei er ikkje demokratisk innstilte. Dei er ultranasjonalistar. Dei mislikar demokratar, og dei mislikar minoritetsgrupper som kurdarane.

– Få av dei vil støtta opposisjonen?

– Truleg. Men som me tyrkarar seier: «Så lenge det er liv, er det von.»

Ein tredje tyrkar svarar:

– Truleg går ATA til CHP.

– Du trur mange av dei kan røysta på opposisjonen?

– Ja. Men det spelar mindre rolle no.

–?Kvifor?

– Av di AKP fekk fleirtal i parlamentsdelen av valet. Det betyr at Erdogans sultanistiske makt held fram same kven som vert president i andre valomgangen. Vert Kilicdaroglu president, er det sjølvsagt ein liten moralsk og symbolsk siger, men like fullt vil Erdogan-regimet verta sterkare dei neste fem åra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den tyrkiske kombinasjonen av sekularisme og ultranasjonalisme er uvand for mange i Vesten.

At eit tyrkisk presidentval går til andre valomgang, er truleg ein moralsk siger for Erdogan.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis