JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dragkamp om diktarhovding

Det skal reisast ein Petter Dass-statue på helgelandskysten. Er vi ikkje ferdig med slik heroisering av gamle diktarar? Ikkje i dette tilfelle, for Dass rommar meir enn gamle kvite menn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5926
20220210
5926
20220210

Midt i ei tid der det har vore biletstorm mot skulpturar av vestlege kvite menn, får vi ein skulptur av ein vestleg kvit mann på helgelandskysten. Og ikkje berre det. Vi får ein statue av ein mann frå 1600-talet, tidsperioden med kolonialisering i verdssoga.

Det handlar om eit prosjekt som har vore debattert i media tidlegare, men som no i februar har fått grønt lys til gjennomføring: reisinga av ein ti meter høg bronsestatue av diktarpresten Petter Dass.

Prislappen er 8,7 millionar kroner, og monumentet skal stå ferdig til 2024 – då har Bodø status som europeisk kulturby. Det blir feira langs heile nordlandskysten.

Samisk kvinne på sokkel

Skal vi ta det som sjølvsagt at slike statuar blir reiste? Nei, ikkje utan vidare, men i dette tilfellet meiner eg Dass-statuen fortener å stå langs skipsleia. Eg kjem snart attende til kvifor. Fyrst vil eg lufte nokre atterhald.

Menn på sokkel og gatenamn med menn er standarden, som vi veit. Har alle verkeleg gjort seg fortente til plass på ein sokkel eller eit skilt?

Eg budde ein gong i Darres gate i Oslo. Kven var denne Darre som eg «reklamerte» for kvar gong eg skreiv adressa mi? Han er unnt ei stutt setning i Oslo byleksikon: «Niels Stockfleth Darre (1765–1809) overkvartermester under krigen i 1808.»

Vel, ein blir ikkje klok av dette. Eg fann ut, ved nøyare gransking, at Darre hadde gjort ein innsats under eit felttog mot svenskar i 1808. Er det bra nok til evig liv som gatenamn? Eg vil ikkje svara på det her, men eg meiner det finst gatenamn som kan revurderast.

Det er ikkje tvil om at kampen for kvinner på sokkel og kvinnelege gatenamn er legitim. På om lag same breiddegrad som der Dass skal stå, men lenger inn i landet, i Mosjøen sentrum, har to viktige kvinner vorte foreviga dei seinare åra: I 2017 kom statuen av Astrid Langjord, lyrikar, feminist og mor til nordlandsbunaden, og på den samiske nasjonaldagen for to år sidan, ein statue av Elsa Laula Renberg – samisk aktivist som var med på å skipe den fyrste sameforeininga i verda, Lapparnas Centralförbund, i Stockholm i 1904. Renberg er den fyrste samiske kvinna på sokkel i Noreg.

Kvifor då reise ein statue av presten og embetsmannen Dass i skjergarden? Har vi ikkje nok statuar av han? Det står alt ein Petter Dass på Sandnessjøen torg – med halvfeit mage, nesten som ei påminning om rikdomen hjå embetsstanden i ei tid med store klasseskilje.

For det fyrste vil ei kategorisk avvising av kvite, middelaldrande menn på sokkel innebera ein omvend rasisme. Vi må gå inn i kvart tilfelle og vurdere om kandidaten fortener heideren. Når det gjeld Petter Dass, er det argument som talar både for og mot. Lesarar av Dag og Tid hugsar nok diskusjonar om presten frå eineveldet og den lutherske ortodoksien. Eg vil her minne om sider som gjerne blir gløymde i debatten, og som nettopp handlar om verdiar dei to kvinnene i Mosjøen står for.

Matti Aikio

For det fyrste var det ein same som lanserte ideen om ein statue av Petter Dass ved nordlandskysten. Forfattaren Matti Aikio frå Karasjok skreiv om ein slik plan i VG i 1901. Matti Aikio er rekna som den fyrste samiske forfattaren i Noreg. Denne ideen vart seinare fanga opp av Gustav Vigeland, som gjorde eit utkast til statuen, eit utkast som aldri vart verkeleggjort. Det er ein variant av dette framlegget som kunstnar Frode Lillesund arbeider med fram til 2024.

Når det gjeld skildringar av samar hjå Petter Dass, finn vi fordomar typiske for 1600-talet, særleg knytte til samisk tru. Men dei må balanserast med positive omtaler. Dass fremja kristning av samane – noko anna er ikkje å vente av ein 1600-talsprest, men meinte det måtte skje på samisk. Dass skryter òg av den høge moralen til samane, og også av båtbyggjarkunsten deira. Samane i Beiarn er dei beste jektebyggjarar i Noreg, skriv han.

Det er heller ikkje vanskeleg å finne eit patriarkalsk samfunnssyn hjå den lutherske presten. Men for ein som kjenner 1600-talslitteraturen, er dei positive skildringane av kvinner oppsiktsvekkjande. Ikkje berre brevveksla Dass med Dorothe Engelbretsdotter, den fyrste kvinnelege diktaren i Skandinavia – han skreiv ei heil bok om kvinnelege heltar frå Bibelen: Trende Bibelske Bøger, nemlig Ruth, Esther og Judith. Det er mogeleg det var kjende og mektige kvinner i familien som inspirerte diktaren: mor hans, Maren Falch, og mormor Anne Jonsdotter.

Statuar som engasjerer

Ein figur som ved fyrste augnekast verka som ein representant for overklasse og makt, viser seg altså å vera eit menneske som representerte ulike motsette verdiar – på godt og vondt – mest godt, for det er nettopp difor ideen vart lansert, i 1901.

Trass i debattane om Petter Dass meiner eg folk flest i dag har eit positivt bilete av diktarpresten. Initiativtakar er heller ingen «øvrighetsperson». Det er organist og filmregissør Alf Knutsen som no gjer ideen til Matti Aikio til røyndom.

Det ligg ei demokratisk og folkeleg rørsle bakom. Debatten om utsmykking i det offentlege rommet er kjend frå før. Ein abstrakt kunst – då som reaksjon mot heroiserande statuar – kan ha den ulempa at folk ikkje kjenner seg att i kunstverk, og at det berre fører til likesæle.

Difor bør òg namnet Matti Aikio vera godt synleg når statuen blir reist. Jamvel om det alt finst statuar av Dass, er det no den fyrste og kunstnarleg mest spennande ideen blir realisert. Petter Dass er den fyrste som skildra nordlandskysten på ein sannferdig måte. Han fjerna alle uhyre og monster som fanst på gamle kart og tekstar om Nord-Noreg. Difor fortener han òg å stå ute i skipsleia.

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis i norsk ved Nord universitet og er fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trass i debattane om Petter Dass meiner eg folk flest i dag har eit positivt bilete av diktarpresten.

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis