Kommentar
Donald Trumps Vietnam
USA kan nok ein gong bli audmjuka av ein liten motstandar, skriv Astri Suhrke.
Korleis krigen vil ende, er avhengig av kor lenge USA vil halde ut – ikkje Iran.
Strategien til regimet er å påføre regionen og verdsøkonomien så stor skade at dei vil merke det i USA. Presset på Trump vil auke, og det vil til slutt vere USA som ber om forhandlingar.
Slik resonnerer Vali Nasr, ein av dei fremste Iran-ekspertane i Washington, i ein samtale med tidsskriftet Foreign Policy. Nasr er akademikar og har i mange år halde til på SAIS Johns Hopkins, det leiande universitetet for internasjonale studium. Han er også tidlegare rådgivar i utanriksdepartementet under president Barack Obama.
Nasr og andre Iran-ekspertar er einige om at det iranske regimet er bygd opp for å overleve. Leiinga har mange lag, og dei er budde på at dei øvste blir fjerna av fiendtlege krefter, slik dei historisk sett har blitt sidan revolusjonen i 1979. Nasr og Trita Parsi, ein annan anerkjend ekspert, går også eitt steg vidare: Iran har ein militær utmattingsstrategi og ei smertegrense som gjer at regimet kjem til å halde ut, seier dei.
Har dei rett, kan Trumps siste Iran-krig bli hans Vietnam.
Strategien
USA og Israel starta krigen med store åtak, medan Iran svarte meir varsamt. Dei gjekk til åtak på mål i Israel og i golfstatane, men i relativt moderat omfang og med mykje bruk av dronar. Dronane er billege og er anten produserte lokalt eller importerte. Dei eignar seg godt til å bli sette inn mot det store og dyre luftvernsystemet Patriot, som USA har gitt Israel og andre land i regionen. Slik håpar regimet at dei over tid skal svekke luftforsvaret i Israel og golfstatane, i tillegg til dei amerikanske basane. Når dette er oppnådd, kan Iran sette inn rakettar som kan gjere større skade.
Smertegrensa er høg, meiner Iran-ekspertane. Regimet ønsker inga gjentaking av den såkalla tolvdagarskrigen i juni i fjor. Våpenkvila frå den gongen varte berre i litt over eit halvt år før Israel og USA gjekk til åtak på nytt. Går dei med på våpenkvile no, går det berre nokre månader før fienden slår til igjen, er tankegangen. Då vil regimet lide ein sakte død, i motsetnad til det som no kan bli ein rask død.
Ifølgje ekspertane er den andre hovuddelen av strategien å skape økonomisk kaos i golfstatane – noko som vil få store ringverknader. Iran bombar raffineri og kan strupe eksporten av olje og gass gjennom Hormuzsundet. Det kan føre til auka press på USA frå alle kantar om å avslutte konflikten. Håpet er at forhandlingar på det tidspunktet vil gi Iran reelle reduksjonar av sanksjonane som har strupt økonomien i landet og fyrt opp under demonstrasjonane.
Førebudd
At USA og Israel i første fasen av åtaket drap mange av leiarane, var regimet førebudd på. Når éin blei tatt, rykte nestemann fram. Og slik vil det fortsette. Ali Khamenei, den øvste leiaren, var uansett 87 år gammal. Også under det israelsk-amerikanske åtaket i fjor var han eit prioritert mål.
Vali Nasr har lita tru på at det blir eit folkeleg opprør eller demonstrasjonar så lenge krigen varer. Folk må først og fremst tenke på å overleve. Men ei stund etter at krigen er over, kan sinnet bli større enn frykta, noko som skjedde etter juni-krigen i fjor. Då reiste store delar av folket seg i protest.
Kvifor kapitulerer dei ikkje?
Trump er på si side lite tolmodig og klarer sjeldan å halde fokus i lengre tid. Maduro-operasjonen, som berre varte nokre timar, passa han godt. Det var visst ingen som fortalde han at ein krig med Iran ville kunne vare ein god del lenger og få heilt andre utfall.
I staden for å bruke ekspertane frå utanriksdepartementet til å forhandle med Iran, sende Trump svigersonen og den gamle New York-venen sin, eigedomsmeklaren Steve Witkoff. Witkoff var ikkje særleg godt informert då han forhandla med Russland om Ukraina på vegner av Trump. Den tyske regjeringa gjekk offentleg ut og klaga på den manglande kompetansen hans. Denne gongen hadde han heller ikkje formidla iranske synspunkt på rett måte.
Trump rekna med at synet av den enorme krigsmaskina han hadde samla i regionen, ville vere nok til å knuse all motstand.
– Kvifor kapitulerer dei ikkje, spurde han Witkoff før åtaket starta.
Ein av fire
Ein langvarig krig vil bli ei stor politisk påkjenning for Trump-regjeringa, og vil ha innverknad på valet til Kongressen i november, særleg om bensinprisane stig. I USA er det rett nok ein sterk understraum av fiendskap mot Den islamske republikken Iran. Fiendskapen har sterke røter i gisselkrisa i 1979–1981 og er seinare blitt styrkt av mange og ulike særinteresser – som omsynet til menneskerettane og Israels tryggingspolitikk.
Trump flyt lett i denne straumen. I 2018 braut han avtalen om Irans kjernefysiske program og stengde på den måten inngangsporten til eit normalisert forhold mellom Vesten og Iran. Avtalen var forhandla fram under Obama. Ved neste høve, i 2025, bomba han infrastrukturen til programmet.
Men denne gongen støttar berre ein av fire amerikanarar åtaket på Iran, ifølgje ei spørjeundersøking som blei gjord eit par dagar etter at åtaket starta. Trump-tilhengarane er kjende for å vere skeptiske til å engasjere seg i verda utanfor. Demokratane og andre kritikarar spør kva som er grunngjevinga og målet for krigen. Nokre peikar på at han er ulovleg etter både nasjonal lovgiving og etter folkeretten.
Vietnam-spøkelset
USA vil neppe sende bakkestyrkar til Iran. Vietnam-spøkelset liggikkje der, men ein annan stad: USA kan nok ein gong bli audmjuka av ein liten motstandar som trassar stormakta ved hjelp av listig strategi og ei evne til å halde ut. Og som har nokre reservar i bakhand. For Vietnam var reserven materiell støtte frå andre land og ein veksande politisk motstand mot krigen i USA. Iran har foreløpig lite av begge deler, men krigen er berre inne i si første veke.
Fleire artiklar om Iran kan du lese her:
-
Utanriks
«Vi kan ikkje spele russisk rulett med lagnaden til millionar av menneske.»
Les talen som den spanske statsministeren Pedro Sánchez heldt til folket 4. mars.
-
Midtausten
Iran sett med israelske auge
Den israelske analytikaren Ely Karmon meiner Israel kjempar i krigen i sjølvforsvar mot eit aggressivt iransk regime.
-
Kommentar
Ein uvanleg farleg krig
Åtaket på Iran handlar om langt meir enn atomvåpenprogrammet. Konsekvensane er uoverskodelege.
-
Utanriks
Med rett til å drepe
Donald Trump gjekk til krig i Iran utan noko kongressvedtak i ryggen. Slik sett er han ein normal amerikansk president.