Midtausten

Iran sett med israelske auge

Den israelske analytikaren Ely Karmon meiner Israel kjempar i krigen i sjølvforsvar mot eit aggressivt iransk regime.

Krigen i Iran har ført til øydeleggingar utanfor dei krigførande landa. Her ved eit nedslagspunkt i Qamishli i Syria den 4. mars.
Publisert Sist oppdatert

Åtte månader tok det frå førre gong Israel og USA var i open krig med Iran, til neste konflikt braut ut. Laurdag føremiddag kom meldingar om eksplosjonar i Teheran. Seinare har konflikten spreidd seg til fleire andre land, med drepne og skadde i både Iran, Israel og nabolanda Libanon, Kuwait, Bahrain, Qatar og Jordan.

Kva førte til konflikt denne gongen? Ely Karmon er seniorforskar ved den israelske tankesmia International Institute for Counterterrorism og forelesar ved det største privatuniversitetet i Israel, Reichman-universitetet. Han er ekspert på terrorisme, har doktorgrad i statsvitskap og har mellom anna jobba som rådgivar for det israelske forsvarsdepartementet. Karmon meiner det er to grunnar til at Israel og USA gjekk til åtak på Iran nett no.

– Den første og utløysande årsaka var at iranarane sjølve har gjort opprør mot sitt eige regime, og dei israelske og amerikanske regjeringane såg det som eit høve til å presse gjennom eit regimeskifte i Teheran. Særleg aktuelt var dette for Israel. Iran har arbeidd for å øydelegge landet sidan 1979, og no såg ein eit høve til å endre maktbalansen i regionen.

– Og den andre årsaka?

– Under tolvdagarskrigen i juni i fjor erklærte president Trump at han hadde øydelagt dei kjernefysiske produksjonsanlegga til Iran. Det var ikkje heilt rett: Framleis fanst det uran opprikt til 60 prosent som etterretningstenestene ikkje hadde oversikt over. Dei iranske styresmaktene freista å bygge opp att anlegga sine så fort som mogleg, særleg oppskytingsrampane for missil som kunne råke det israelske luftvernet. Mykje tyder på at Israel og USA har lukkast betre denne gongen. Tysdag melde den israelske hæren (IDF) at dei hadde bomba eit hemmeleg, hittil ukjent underjordisk anlegg i Teheran. Etter tolvdagarskrigen skal Iran ha flytta mykje av atomprogrammet sitt dit.

IDF hevdar Iran nytta dette anlegget til å utvikle kjernefysiske våpen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement