Utanriks
«Vi kan ikkje spele russisk rulett med lagnaden til millionar av menneske.»
Les talen som den spanske statsministeren Pedro Sánchez heldt til folket 4. mars.
Den spanske statsministeren Pedro Sánchez heldt denne talen til folket på spansk fjernsyn 4. mars. Talen kom som ein respons på at president Trump dagen før hadde truga med å stogge all handel med Spania.
God morgon.
Eg vender meg til dykk for å informere om den spanske regjeringa sitt syn på krisa som no utviklar seg i Midtausten, og om tiltaka vi set i verk. Som de veit, gjekk USA og Israel sist laurdag til åtak på Iran, som svarte med å bombe ni land i regionen utan å skilje mellom mål, og ein britisk base i ein europeisk stat, Kypros.
Først og fremst vil eg seie at det spanske folket stiller seg solidarisk med dei landa som blir ulovleg angripne av det iranske regimet.
Sidan da har kamphandlingane halde fram eller auka, og kosta hundrevis av menneskeliv i heimar, på skular og på sjukehus. Dei har òg ført til kraftige fall på internasjonale børsar og til avbrot i flytrafikken og skipstrafikken i Hormuzsundet, som 20 prosent av verdas gass og olje vart frakta gjennom inntil nyleg.
Ingen veit sikkert kva som kjem til å skje no. Sjølv måla til dei som starta det første åtaket, er uklare. Men vi må vere førebudde – slik dei som starta krigen har sagt sjølve – på at dette kan bli ein lang krig, med mange offer og med alvorlege konsekvensar også for verdsøkonomien.
Standpunktet til den spanske regjeringa i denne situasjonen er klart og konsistent. Det er det same standpunktet vi har hatt i Ukraina og i Gaza. For det første avviser vi brot på folkeretten som vernar oss alle, særleg dei mest sårbare, altså sivilbefolkninga. For det andre må vi ikkje tru at verda berre kan løyse problema sine gjennom konflikt og bomber. Og til sist: Vi må ikkje gjenta feila frå fortida.
Kort sagt kan standpunktet til den spanske regjeringa oppsummerast med tre ord: nei til krig.
Kort sagt kan standpunktet til den spanske regjeringa oppsummerast med tre ord: nei til krig.
Verda, Europa og Spania har vore her før. For 23 år sidan drog ei anna amerikansk regjering oss inn i ein krig i Midtausten. Ein krig som i teorien skulle eliminere masseøydeleggingsvåpena til Saddam Hussein, bringe demokrati og garantere global tryggleik. Som vi no veit, vart effekten det motsette. Krigen utløyste den største bølga av utryggleik på kontinentet vårt sidan fallet til Berlinmuren. Irak-krigen førte til ein dramatisk auke i jihadistisk terrorisme, ei alvorleg migrasjonskrise i det austlege middelhavsområdet og ein sterk auke i energiprisane, noko som påverka både matprisane og levekostnadene. Det var gåva frå «Asorane-trioen» til europearane den gongen: ei meir utrygg verd og eit dårlegare liv.
(Red.merk: Statsleiarane i USA, Storbritannia, Spania og Portugal møttest på Asorane i mars 2003 for å diskutere invasjonen av Irak same året.)
Det er sant at det framleis er for tidleg å vite om krigen mot Iran vil få liknande konsekvensar som Irak-krigen. Om han vil føre til fallet til det fryktelege ayatolla-regimet i Iran, eller til stabilisering av regionen.
Det vi veit, er at han ikkje vil skape ein meir rettferdig internasjonal orden, eller føre til høgare lønningar, betre offentlege tenester eller eit sunnare miljø. Det vi derimot kan sjå akkurat no, er større økonomisk usikkerheit og høgare prisar på olje og gass.
Difor er Spania imot denne katastrofen, fordi vi meiner at regjeringar er til for å betre livet til folk og finne løysingar på problem, ikkje for å gjere livet til folk vanskelegare.
Og det er heilt uakseptabelt at dei leiarane som ikkje klarer å oppfylle denne oppgåva, brukar krig til å skjule sin eigen fiasko medan dei fyller lommene til nokre få – dei vanlege vinnarane. Dei einaste som tener på at verda sluttar å bygge sjukehus for å produsere rakettar i staden.
I denne situasjonen vil den progressive koalisjonsregjeringa gjere det same som ho har gjort i andre konfliktar og internasjonale kriser.
For det første hjelper vi spanske borgarar som er i Midtausten, og vil hjelpe dei med å kome heim til landet vårt - dersom dei ønsker det. Utanrikstenesta og militæret arbeider dag og natt for å organisere evakueringar. Operasjonane er svært krevande, fordi luftrommet i regionen ikkje er trygt, og fordi flyplassnettet er sterkt påverka av åtaka. Men våre landsmenn kan vere trygge på at vi vil beskytte dei og få dei heim.
For det andre studerer regjeringa ulike scenario og mogelege tiltak for å hjelpe hushald, arbeidstakarar, bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande, slik at dei kan dempe dei økonomiske konsekvensane av denne konflikten dersom det blir nødvendig. Takk vere styrken i økonomien vår og den ansvarlege finanspolitikken til regjeringa, har Spania ressursane som trengst for å møte denne krisa igjen. Vi har kapasiteten og den politiske viljen som trengst, og vi vil handle i samarbeid med sivilsamfunnet, slik vi gjorde under pandemien, energikrisa og nyleg tollkrisa.
For det tredje vil vi samarbeide, slik vi alltid har gjort, med land i regionen som arbeider for fred og respekt for folkeretten, som er to sider av same sak, og støtte dei med dei diplomatiske og materielle ressursane som trengst. Vi vil samarbeide med våre europeiske allierte om ein koordinert og effektiv respons. Og vi vil halde fram arbeidet for ein rettferdig og varig fred i Ukraina og i Palestina – to stader som ikkje må bli gløymde.
Til slutt vil regjeringa halde fram med å krevje våpenkvile og ei diplomatisk løysing på krigen. Og eg vil understreke at det rette ordet er «krevje». For Spania er ein fullverdig medlem av EU, Nato og det internasjonale samfunnet. Og denne krisa påverkar også oss, europearar, og dermed det spanske folket.
Difor må vi krevje av USA, Iran og Israel at dei stoppar før det er for seint.
Eg har sagt det mange gonger, og eg seier det igjen: Ein kan ikkje svare på ei ulovleg handling med ei ny ulovleg handling, for det er slik dei store katastrofane for menneskeslekta tek til.
La oss hugse at ved utbrotet av første verdskrigen, i august 1914, spurde nokon den tyske rikskanslaren korleis krigen hadde starta. Han trekte på skuldrene og svara: «Eg skulle ønske eg visste.» Eg skulle ønske eg visste.
Store krigar bryt ofte ut gjennom ein kjedereaksjon som kjem ut av kontroll – gjennom feilvurderingar, tekniske feil og uventa hendingar. Difor må vi lære av historia. Vi kan ikkje spele russisk rulett med lagnaden til millionar av menneske.
Statane som er involverte i denne konflikten må straks stanse kamphandlingane og velje dialog og diplomati. Og vi andre må opptre konsekvent og forsvare dei same verdiane som vi forsvarer når vi snakkar om Ukraina, Gaza, Venezuela eller Grønland.
For spørsmålet er ikkje om vi er for eller imot ayatollaene.
For spørsmålet er ikkje om vi er for eller imot ayatollaene. Det er ingen som er for dei. Slett ikkje det spanske folket, og sjølvsagt ikkje den spanske regjeringa. Spørsmålet er om vi står på sida til folkeretten, og dermed på sida til freden.
Det spanske samfunnet tok alltid avstand frå Saddam Husseins diktatur i Irak. Men det innebar ikkje støtte til Irak-krigen, fordi han var ulovleg, fordi han var urettferdig og fordi han knapt førte til ei verkeleg løysing på nokon av problema han hevda å løyse.
På same måte tek vi avstand frå regimet i Iran, som undertrykker og brutalt drep sine eigne borgarar, særleg kvinner. Men samstundes avviser vi denne krigen og bed om ei diplomatisk og politisk løysing.
Somme vil skulde oss for å vere naive fordi vi gjer dette, men det naive er å tru at løysinga er vald. Det naive er å tru at demokrati eller respekt mellom nasjonar kan oppstå frå ruinar, eller å tru at blind og servil lydnad er ei form for leiarskap.
Eg meiner tvert imot at standpunktet vårt ikkje er naivt; det er konsekvent. Difor vil vi ikkje gjere oss medskuldige i noko som er dårleg for verda og i strid med verdiane og interessene våre, av frykt for represaliar frå nokon. For vi har full tillit til den økonomiske, institusjonelle – og eg vil òg seie moralske – styrken til landet vårt. Og i slike stunder er vi stoltare enn nokon gong av å vere spanske.
Vi er medvitne om vanskane, men vi veit òg at framtida ikkje er skriven, at valdsspiralen som mange tek for gjeven, er fullt mogleg å avverje, og at menneskeslekta framleis kan legge både fundamentalismen til ayatollaene og krigens elende bak seg.
Vi held fast ved folkeretten og dermed fred og fredeleg sameksistens mellom land og folk.
Somme vil seie at vi står åleine i dette håpet. Men det er heller ikkje sant. Den spanske regjeringa står saman med dei ho må stå saman med. Ho held fast ved verdiane som fedrane og bestefedrane våre nedfelte i grunnlova. Spania held fast ved dei prinsippa som EU vart grunnlagd på. Vi held fast ved FN-pakta. Vi held fast ved folkeretten og dermed fred og fredeleg sameksistens mellom land og folk.
Vi står også saman med mange andre regjeringar som tenker som oss, og med millionar av borgarar i Europa, Nord-Amerika og Midtausten som ønsker ei framtid som ikkje bringar meir krig og uvisse, men meir fred og velstand.
For det første tener berre nokre få.
Det siste tener oss alle.
Tusen takk.
Omsett av Per Anders Todal
Spania står opp mot USA
Talen til den spanske statsministeren Pedro Sánchez kom som ein respons på at president Trump dagen før hadde truga med å stogge all handel med Spania. Årsaka var at den spanske regjeringa nekta USA å bruke dei felles militærbasane ved Morón og Rotafor i Andalucía sør i Spania i samband med åtaket på Iran. Dette førte til at amerikanarane måtte flytte 15 fly frå Spania til basar i Tyskland og Frankrike, som ikkje har vore like strenge. Dei fleste av desse flya fraktar drivstoff til andre delar av det amerikanske flyvåpenet.
Dette var mildt sagt upopulært i Washington. Forholdet mellom statsminister Sánchez og president Trump var dårleg frå før, etter at Sánchez ope kritiserte dei amerikanske åtaka på Venezuela. 3. mars sa Trump: «Spania har vore forferdelege. Vi vil stogge all handel med Spania. Vi vil ikkje ha noko med Spania å gjere.»
Dei siste dagane har Sánchez fått ein del verbal støtte frå andre europeiske leiarar. Den franske presidenten Emmanuel Macron erklærte solidaritet med Spania i ein telefonsamtale med Sánchez 4. mars. Også António Costa, president for Det europeiske rådet, skal ha erklært full solidaritet med Spania på vegner av EU.
Men andre europeiske land er ikkje villige til å stå opp mot USA på same vis i samband med Iran-krigen. Flya som forlét Spania, får operere fritt frå Ramstein-basen i Tyskland og franske basar. President Macron har forsvart dette med at det er snakk om tankfly, ikkje kampfly.
Standpunktet til statsminister Sánchez og koalisjonsregjeringa hans er populært i den spanske befolkninga, som er sterkt negativ til åtaket på Iran. Sánchez representerer det spanske sosialistpartiet. Men det største opposisjonspartiet, konservative Partido Popular, har vore svært kritisk til avgjerda. PP støttar det amerikansk-israelske åtaket på Iran, og har kalla standpunktet til Sánchez for ein stor tabbe.
Per Anders Todal, journalist i DAG OG TID