Humor
Noreg sett frå India
Den indiske standupkomikaren Azeem Banatwalla kjem til Noreg. Har du aldri høyrt om han? Ikkje eg heller.
Det er nokre dagar sidan han dukka opp første gongen. Eg sat på kjøkenet med
mobiltelefonen, Instagram denne gongen, og skrolla slik folk altfor ofte gjer
i vår tid. Medvitslaust. Der på skjermen dukka det opp ein kar. Han hadde skjegg og briller, og snakka slik ørdy-pørdy-engelsk som mange indarar gjer. Kvifor dukka han
opp i min Instagram?
Eg la merke til at niesa mi Birgitte alt hadde likt videoen, det same hadde svigerdotter mi Christiane, og dessutan popstjerna Sigrid Raabe, Harald Rønneberg, Ella Marie Hætta Isaksen, David Eriksen, ja, mange fleire av mine vener, eller «vener», og ikkje visste eg at alle desse følgde med på den indiske humorscenen. At Chirag Patel i Karpe var ein av dei, var ikkje uventa, han har indiske røter, men alle desse andre? Men så skjøna eg kvifor.
Nordmenn flest elskar å høyre kva utlendingar synest om oss, så sant vi kjem godt ut av det. Og det gjer vi her. For så vidt.
Videoen handla om ein road trip som standupkomikaren Azeem Banatwalla hadde vore på til Noreg, og nordmenn flest elskar å høyre kva utlendingar synest om oss, så sant vi kjem godt ut av det. Og det gjer vi her. For så vidt.
Fyrst: Kven er Azeem Banatwalla? Jo, han er frå Mumbai, fødd i 1988 og høyrer til den muslimske minoriteten. I 2010 var han ferdig utdanna ingeniør, men det var nedgangstider i India, og i eit halvt år sat han i sofaen og såg TV. Så fekk han seg jobb som frilansskribent for eit magasin og intervjua komikaren Vir Das, og han er verkeleg kjend både i India og utanfor. Det ligg fleire show med han på Netflix.
Banatwalla blei inspirert til å velje ein ny karriereveg, og slutta seg til komikargruppa East India Comedy, også kjend som EIC. Sidan har han blitt ein kjend mann i heimlandet. Han har, og dette er ikkje mine ord, ein intelligent og observerande humor. Elles er han Manchester United-fan og svært aktiv i sosiale medium. Han har òg to soloshow liggande på Amazon Prime Video. Noko meir? Kona hans Sana Khan driv ein butikk i Mumbai som sel brukte klede.
Tilbake til kjøkenet mitt og videoen på Instagram.
– Eg har innsett at eg ikkje er skapt for å bu utanlands i eit sivilisert samfunn, innleier Azeem Banatwalla, og årsaka til denne innsikta er altså bilreisa gjennom Noreg i 2022; 2000 kilometer på 14 dagar.
– Den verste avgjerda i livet mitt, seier han.
– For i Noreg har dei nokre ting som vi ikkje har her i India. Nummer ein: Dei har vegar.
Latter.
– Nummer to: Dei har lovar, og desse lovane har faktisk konsekvensar. I Noreg har dei vegar der fartsgrensa nokre stader er 100 kilometer i timen, men så brått, ut av ingenting, er det 70. Og viss du ikkje er merksam, og du køyrer i 100 i ei 70-sone, er bota, og dette finn eg ikkje på: 1094 euro!
- Oooooh, seier publikum.
– 99.000 rupiar!
Publikum ler. Og så kjem twisten.
– Veit de kva lovbrot de kan gjere med ein bil i Mumbai for den summen?
Han ramsar opp kva som skjer om du set deg i ein bil i Mumbai ein kveld, utan sertifikat, utan bilforsikring, utan skilt, utan setebelte, utan lys og med ni menneske i bilen. Og køyrer feil veg i einvegsgater, eller på fortauet, snakkande i mobiltelefon. Og køyrer over fartsgrensa, nektar å stanse for politiet, ja, dette er fritt omsett, for det er noko med pausar og respons i slike framføringar. Uansett er konklusjonen:
– Viss du bryt alle lovane som dei indiske trafikkstyresmaktene har, lovar eg deg: Du vil betale mindre enn i Noreg.
Latter. Men han er ikkje heilt ferdig med Noreg.
– Berre å parkere ein bil i Noreg er ein sjustegs prosess: Last ned ein app, oppgje kredittkortdetaljar, sjekk at appen gjeld der du vil parkere, tast inn registreringsnummer, legg inn kva tid du kom, legg inn kva tid du dreg, ta bilete av bilen ...
Ja, ikkje alt er korrekt, men dette er humor, og dessutan er det lett å lyge når det er lang veg heim.
– Samanlikn så dette med å parkere i alle byane i India: Det er ein tostegs prosess. Stopp bilen, forlat bilen.
Latter.
– No er bilen nokon andre sitt problem.
Han har fleire observasjonar frå Noreg, mellom anna om norske fengsel, men det kan du sjå sjølv. Det er eitt år sidan Azeem Banatwalla la videoen om Noreg ut på Instagram, så kvifor har ein drøss med nordmenn sett han i desse dagar? Fordi han skal på turné til Skandinavia med showet «Generational!». Etter København og Stockholm spelar han i Oslo neste veke.
Slik funkar altså algoritmane.