Radikale historier, 5
Den nye læra om naturen
Frå 1950-åra hadde amerikanske og svenske biologar åtvara mot samanbrot i økosystem og svolt i verda.
Ingen stad gjekk radikaliseringa lenger enn i økopolitikken.
INNSJØ UTAN VATN. Etter elvereguleringar for ris- og bomullsmarker i 1960-åra krympa Aralsjøen i Asia inn og blei delt i to. Frå 2014 har den austre delen vore heilt tørrlagd.
Foto: The Regional History and Aral Sea Museum
Sjå fuglane i lufta, korleis dei flyg! Som ein del av reforma Det store spranget framover 1958–62 i Kina sette formann Mao Zedong i gang ein kampanje mot sporvefuglane. «Drep sporvar!» ropte skulebarn i høgtalarar på gatehjørna, fortalde den indiske demografen Sripati Chandra-Sekhar etter ei seks veker lang studiereise i Kina i 1958. Ei og anna norsk avis trykte ein notis om saka.
«Spurver skulle drepes fordi de spiste opp store mengder av Kinas hårdt trengte korn. Resultatet av spurvejakten ble en ulidelig insektplage. Fuglene spiste også insekter.» Dette stod å lese i den første utgreiinga frå eit partipolitisk miljøutval. Venstres miljøvernutval hadde vore i arbeid sidan våren 1969 og la fram innstillinga Mennesket og naturmiljøet hausten 1970. Det var tidleg i Noreg, men seint likevel.
«Jeg pleier å si det sånn, fortel Odd Einar Dørum: «Alle disse venstrelærerne sluttet å snakke bare om skolepolitikk og skolerte seg til tusen om miljøpolitikk. De ble folkeopplysningsbærere av dette gjennom 1970- og 80-tallet inn på tidlig 1990-tall.»
Skjøre økosystem
Med utgreiinga si flytta Venstres miljøvernutval omgrep og forståing inn i politikk. Året etter lanserte zoologen Ivar Mysterud og ornitologen Magnar Norderhaug omgrepet økopolitikk i Noreg. I medlemsbladet til Norges Naturvernforbund definerte dei dette som «en politikk for den videre samfunnsutvikling som konsekvent er verdiorientert mot økologisk informasjon – hvor man målrettet satser på en ‘livsform’ som er i harmoni med biosfærens ressurser.»
Dei første åtvaringane hadde dukka opp alt på 1800-talet og førte til at fleire organisasjonar for bevaring av naturmiljø blei stifta. Midt på 1900-talet kom både vitskaplege og personlege impulsar, særleg frå USA. Etter eit paradigmeskifte femnde den vitskaplege erkjenninga av ei miljøkrise fort ganske vidt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.