Kommentar
Ein uvanleg farleg krig
Åtaket på Iran handlar om langt meir enn atomvåpenprogrammet. Konsekvensane er uoverskodelege.
Eit amerikansk «Hawkeye»-fly på hangarskipet USS «Gerald R. Ford», under operasjon «Epic Fury» 28. februar.
Foto: US Navy / NTB
Den 4. mars gjekk USAs krig mot Iran over til ubåtkrig. Ein torpedo frå ein amerikansk ubåt senka eit iransk krigsskip i internasjonalt farvatn i Indiahavet. Krigsminister Pete Hegseth, Trump-administrasjonen sin versjon av Dr. Strangelove, kalla det «stille død». Det skal vere fyrste gong ein amerikansk ubåt senka eit overflateskip med torpedo sidan andre verdskrigen. Kva er det amerikanarane held på med, eigentleg?
Statar som er allierte med USA har vore delte i synet på krigen. Nokre har støtta krigen, andre har vore imot. Den norske regjeringa har vore prinsippfast og klår: Åtaket på Iran er i strid med folkeretten fordi det er brot på maktforbodet i FN-pakta artikkel 2(4), ettersom det ikkje føreligg eit mandat frå Tryggingsrådet etter kapittel VII eller er innanfor rammene for lovleg sjølvforsvar under artikkel 51. Det er same synet som Noreg hadde då Israel gjekk til krig mot Iran i juni 2025. Etter kvart som USA sin krig har teke form, er det fleire land som har betakka seg og endra syn. Krigen har vikarierande motiv som gjer han farleg.
«Sjølvforsvar»
Då USA gjekk til krig 28. februar, presenterte president Trump grunngjevinga for krigen i eit stramt regissert videoopptak. Det handla om atomvåpen, og at Iran «aldri skal skaffe seg atomvåpen». Nest etter det handla det om ballistiske missil, som «snart kunne råke USA», og Iran sine proxy-styrkar i regionen. Det heile skal vere innanfor retten til sjølvforsvar. Grunngjevinga var formulert på ein måte som både skulle gje rett til krig under amerikansk rett (sjølvforsvar mot nært føreståande åtak, som gjer at presidenten kan gå utanom Kongressen) og under folkeretten (preventivt sjølvforsvar for å hindre ein røvarstat i å skaffe seg atomvåpen, ei lita og svært kontroversiell glipe i den folkerettslege doktrinen om sjølvforsvar). USA sin FN-ambassadør klargjorde i eit ekstraordinært møte i FNs tryggingsråd at USA handla «med heimel i FN-pakta artikkel 51 om sjølvforsvar».
Det USA hintar til i folkeretten, er preventivt sjølvforsvar for å hindre Iran i skaffe atomvåpen. Det hevdar USA å gjere på vegner av seg sjølv, sine allierte og alle andre statar, altså individuelt og kollektivt. Samtlege vetomakter i FNs tryggingsråd er einige om at Iran ikkje skal få atomvåpen.
Atomsemje
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.