Kommentar

Fakta og fiksjon

Over 40 år har gått sidan Margaret Atwood skreiv ein dystopi inspirert av utviklingstrekk i USA og Iran. Når skal vi slutte å snakke om The Handmaid’s Tale?

Ei kvinne iført The Handmaid’s Tale-kostyme demonstrerer mot Donald Trumps regjering i Washington D.C. i slutten av februar i år.
Publisert Sist oppdatert

Ved universitetet i Toronto finst det eit arkiv med avisutklipp. Artiklane er frå 1980-åra, men fleire av overskriftene kunne like gjerne vore skrivne i dag. Dei handlar om menneskeslakt og fengsling i Iran. Om korleis rasisme og religion har styrkt ei amerikansk høgredreiing og fått ein ny president til makta.

Aktørane heiter ikkje lenger ayatolla Khomeini og Ronald Reagan, men ayatolla Khamenei og Donald Trump. Vi lever i uvisse tider, men kanskje vil alle namna stå seg til denne avisa kjem frå trykkeriet. I alle fall har eksilmediet Iran International meldt at Mojtaba Khamenei har vorte utpeikt til å ta over som åndeleg leiar i Iran etter at faren, Ali Khamenei, vart drepen i den snart vekelange krigen, starta av Israel og USA.

Uansett. Arkivet i Toronto omfattar artiklane den no 86 år gamle kanadiske forfattaren Margaret Atwood las og samla i arbeidet med romanen The Handmaid’s Tale, eller Tjenerinnens beretning, som han heiter i norsk omsetjing. Forfattaren sjølv har forklart at ho tok vare på bakgrunnsmaterialet slik at ho kunne svare på spørsmålet: «Korleis fann du på dette?» Svaret skulle vere at ho ikkje hadde funne på noko som helst. Alt du kan lese om i verket, har alt skjedd.

Lesebølgje

Mange nordmenn starta 2026 med å lese eller høyre Atwoods moderne klassikar som del av Leseklubben i NRK Radio. Andre har følgt serieversjonen, som vart avslutta i fjor, etter seks sesongar. I april kjem også oppfølgjaren frå 2016, The Testaments eller Gileads døtre, i serieformat. Atwoods mørke univers har gjeve inspirasjon til vitskapelege artiklar om litteratur, totalitære regime og feminisme. Det er ikkje så rart. Parallellane synest å vere overalt.

I Atwoods fiksjonsunivers Gilead har bibeltru amerikanarar etablert ein hierarkisk kristen stat i det som ein gong var eit liberalt samfunn. Moralsk overlegne fundamentalistar av begge kjønn hersar med personane lenger nede på rangstigen. Kvinnene må kle seg i bestemte fargar, ut frå kva oppgåver dei skal utføre. Alt vi forbind med fridom, er teke frå dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement