Utanriks

Med rett til å drepe

Donald Trump gjekk til krig i Iran utan noko kongressvedtak i ryggen. Slik sett er han ein normal amerikansk president.

President Donald Trump og krigsminister Pete Hegseth i Det kvite huset 15. desember. Dei to har gjeve ei rekke ulike grunngjevingar for krigen mot Iran.
Publisert Sist oppdatert

Den amerikanske grunnlova frå 1787 taler tilsynelatande tydeleg: «Kongressen skal ha makta (…) til å erklære krig.» Presidenten i USA skulle vere øvstkommanderande for militæret, men skulle ikkje stå fritt til å sende amerikanske soldatar ut i strid.

Grunnlovsfedrane hadde gode grunnar for denne formuleringa. Europeiske monarkar på 1700-talet kunne setje i gang krigar for ære, prestisje og personlege ambisjonar. Slik skulle det ikkje vere i den demokratiske republikken USA. Avgjerda om noko så alvorleg som krig kunne ikkje vere opp til eitt menneske. Det ansvaret skulle ligge hos dei folkevalde i Kongressen, for å sikre open debatt og legitimitet i folket som skulle betale for krigen.

Få paragrafar i den amerikanske grunnlova har blitt tolka og tøygd så langt vekk frå intensjonen som denne. Iran-krigen er berre det siste dømet. Den juridiske tautrekkinga om retten til å gå til krig har gått i USA heilt sidan 1800-talet. Denne soga er ein understraum i debatten om Iran-krigen no.

Utan debatt

Kva var motivasjonen til Trump for å starte bombinga av Iran sist laurdag? Det er ikkje lett å få tak på. Grunngjevingane skiftar frå dag til dag: å velte regimet, å hindre Iran i å få atomvåpen, å stogge utviklinga av langdistanserakettar, å førebygge åtak på amerikanarar, å verne Israel og andre allierte i regionen – og så vidare.

Demokratane har ikkje berre kritisert den uklare grunngjevinga. Dei hevdar at Trump treng godkjenning frå Kongressen for å halde fram krigen. «Vi burde ikkje vere i krig utan ein debatt og ei røysting», sa senator Tim Kaine denne veka, og viste til intensjonen til grunnlovsfedrane. Men eit framlegg om å stogge krigen inntil Kongressen har handsama spørsmålet, vart som venta røysta ned av det republikanske fleirtalet i Senatet onsdag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement