Kommentar

Ein feminisme for vår tid

Etter snart 150 år med kvinnekamp synest det som berre éin akseptabel kvinnemodell har blitt ståande: karrierekvinna med fulltidsjobb og småbarn samtidig.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg var eg på kino med ei venninne og såg filmen Hamnet, regissert av Chloé Zhao. Filmen er basert på romanen til Maggie O’Farrell frå 2020 og er ei fiktiv skildring av dødsfallet til sonen til William Shakespeare og Agnes Hathaway.

Fokuset i forteljinga overraska meg. Det var ikkje Shakespeare sjølv som var i sentrum – karrierekampen hans mot status og suksess – men kona hans, Agnes, som var heime på landsbygda med borna medan han gjorde karriere i London. Agnes vert framstilt som ein hekseaktig figur; ho kjenner skogen, temmer haukar og har inngåande kunnskap om dei lækjande eigenskapane til urter. Karakteren er prega av sterk intuisjon, emosjonell intelligens og moderleg omsorg. Når sonen blir sjuk, tek ho ein kamp mot døden som demonstrerer morskapets utrøyttelege vilje til liv.

To år inn i mitt eige morskap var eg forsvarslaus i møte med dei sterke scenene og forlét kinosalen med hovne auge. Venninna mi, som var ivrig etter å høyre kva eg syntest, kunne erklære at ho sjølv hadde kjeda seg, og at ho dessutan ikkje har sans for «kostymedrama».

Det er mogleg at den utilfredse dommen hennar utelukkande hang saman med filmatiske forhold. Eg undrar likevel på om noko av det som fekk venninna mi til å rynke på nasen, var dimensjonane ved filmen som vitnar om det kvinnelege blikket bak, dei feminine verdiane som blir løfta opp, og dei særskilt kvinnelege erfaringane som er i søkelyset: fødsel, omsorg og pleie. For er ikkje dette ei haldning eg kjenner att? Ei eg sjølv har hatt? Har ikkje også eg, i forsøk på å vinne respekt og bli teken på alvor, heva meg over mitt eige kjønn og distansert meg frå det feminine?

Behovet for å halde «jenteting» på armlengds avstand er symptomatisk for ein kultur som nedvurderer tradisjonelt kvinnelege verdiar og eigenskapar. I lys av dette har det vore ei forfriskande oppleving å lese Sigrid Bø Grønstøls utgreiing om Hulda Garborgs feminisme i boka Hulda Garborg. Forfattaren og feministen (2012), og å sjå det brennande forsvaret av feminine verdiar og eigenskapar som Garborg forfekta under kvinnesaksdebattane i overgangen frå 1800- til 1900-talet.

For eit barn av mi tid er feminisme synonymt med omgrepet «likestilling». Den dominerande ideen har vore at kvinners frigjering skjer ved å bli lik mannen. Slik har det ikkje alltid vore. Fram til rundt starten av 1980-talet var kvinnesaksdebattane prega av ei bryting mellom eit mangfald av feministiske perspektiv. Slik var det også ved førre hundreårsskifte, då Hulda Garborg var landets kanskje fremste representant for forskjellsfeminismen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement