Kommentar
Donald Trumps Vietnam
USA kan nok ein gong bli audmjuka av ein liten motstandar, skriv Astri Suhrke.
Ei kvinne går forbi ein politistasjon i Teheran. Stasjonen vart råka av eit israelsk og amerikansk åtak 3. mars.
Foto: Majid Asgaripour / WANA / Reuters / NTB
Korleis
krigen vil ende, er avhengig av kor lenge USA vil halde ut – ikkje Iran.
Strategien
til regimet er å påføre regionen og verdsøkonomien så stor skade at dei vil
merke det i USA. Presset på Trump vil auke, og det vil til slutt vere USA som
ber om forhandlingar.
Slik
resonnerer Vali Nasr, ein av dei fremste Iran-ekspertane i Washington, i ein samtale
med tidsskriftet Foreign Policy. Nasr er akademikar og har i mange år halde til
på SAIS Johns Hopkins, det leiande universitetet for internasjonale studium.
Han er også tidlegare rådgivar i utanriksdepartementet under president Barack
Obama.
Nasr og
andre Iran-ekspertar er einige om at det iranske regimet er bygd opp for å
overleve. Leiinga har mange lag, og dei er budde på at dei øvste blir fjerna av
fiendtlege krefter, slik dei historisk sett har blitt sidan revolusjonen i
1979. Nasr og Trita Parsi, ein annan anerkjend ekspert, går også eitt steg
vidare: Iran har ein militær utmattingsstrategi og ei smertegrense som gjer at regimet
kjem til å halde ut, seier dei.
Har dei
rett, kan Trumps siste Iran-krig bli hans Vietnam.
Strategien
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.