JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

NaturSamfunn

Det vanskelege naturvernet

Politikarane har forplikta seg til å verne meir natur. Men dei vil ikkje innskrenke kommunane si makt i arealpolitikken og heller ikkje rokke ved planlagde nedbyggingar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg har nær ein halv million hytter i dag, men det er alt vedteke arealplanar som inneber ei tredobling av arealet til eksisterande tettbygde fritidsbustader, ifølgje estimat frå Norsk institutt for naturforsking.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

9847
20230106

Fakta

Global naturavtale

Dei 196 partane i FNs biomangfaldskonvensjon vart like før jul samde om ein global naturavtale.

Avtalen har 23 handlingsmål og seier mellom anna at minst 30 prosent av land- og havarealet på jorda skal vernast innan 2030.

Det overordna målet er å stoppe og reversere tapet av natur innan 2030.

Naturvern

eva@dagogtid.no

Like før jul vart 196 land samde om ein naturavtale som vert omtalt som både ambisiøs og historisk. Der gjekk dei inn for å verne minst 30 prosent av land- og havarealet på jorda, sikre effektiv restaurering av minst 30 prosent av øydelagde naturområde og kartleggje og redusere subsidiar som er til skade for biologisk mangfald. Og alt dette og meir til skal skje innan 2030, altså i løpet av dei sju neste åra.

Det er ambisiøst. Ikkje minst når vi veit at målet frå den førre naturavtalen frå 2010, å verne 17 prosent av areala innan 2020, ikkje vart nådd.

Og naturavtalen er ikkje juridisk bindande og seier heller ikkje kvar vernetiltaka og restaureringstiltaka skal gjennomførast. I staden er det opp til kvart land å vurdere og utarbeide nasjonale planar for korleis det vil jobbe for å nå dei felles målsetnadene. Deretter skal kvart land melde inn framdrift undervegs, slik som under Paris-avtalen for klimaet.

Manglande vern

I Noreg er regjeringa i gang med å vurdere korleis avtalen skal følgjast opp. Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) seier dei vil leggje fram ein plan for Stortinget «så raskt som mogleg».

Det bør vere nok av tiltak å velje mellom. Berre 17,6 prosent av arealet i Fastlands-Noreg og 3,6 prosent av territorialfarvatnet til Fastlands-Noreg er verna i dag, syner tal frå Statistisk sentralbyrå.

På land er det fyrst og fremst høgfjellsområde som er verna, medan fleire viktige naturtypar framleis ikkje er fanga opp tilstrekkeleg, ifølgje Miljødirektoratet. Når det gjeld skog, er det berre verna rundt 5 prosent, altså eit stykke frå målet om 10 prosent skogvern, som Stortinget vedtok i 2010. Det er òg i skogen nær halvparten av dei over 4000 sårbare og trua artane på den norske raudlista lever.

Men dyr og plantar er heller ikkje trygge i områda som faktisk er verna. Ei undersøking som Naturvernforbundets magasin Natur & miljø har gjennomført, syner at 94 prosent av dei som søkjer om dispensasjon til å setje opp bygningar, ta ut masse, køyre, drive fiskeoppdrett eller gruveverksemd eller gjere andre inngrep i verneområde, får løyve til det.

Samstundes ligg det føre planar om store nye vegutbyggingar, infrastrukturprosjekt og bustad- og hyttebyggingar som kjem til å ta meir av til no urørt naturen. SSB-tal syner at det i 2019 fanst planar om å byggje ned 2777 kvadratkilometer areal i åra som kjem, inkludert nær 1600 kvadratkilometer skog og over 200 kvadratkilometer myr. Nye estimat frå Norsk institutt for naturforsking syner at det i vedtekne arealplanar også er sett av plass til nye hytter og fritidsbustader tilsvarande over tre gonger hyttearealet i Noreg i dag.

Fleirtalet stoppar ikkje

Fleire tek no til orde for at den globale naturavtalen må få følgjer for allereie planlagde utbyggingar. Blant dei er miljøpolitikarar frå Raudt, SV og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Sofie Marhaug i Raudt meiner Noreg må bør stramme inn den planlagde hyttebygginga og skrote både motorvegen planlagd over øya Reksteren som del av Hordfast i Vestland, og vindkraftplanane som ligg til handsaming. Kristoffer Robin Haug i MDG vil stoppe både Hordfast, skianlegget og alpinlandsby som er planlagt i Eidfjord kommune, ved foten av Hardangervidda, og Davvi vindkraftverk i Finnmark, i tillegg vil han endre traseen for ny E16 og Ringeriksbanen slik at dei går utanom verdfulle våtmarker. Han vil òg stoppe alle planar om gruvedumping i fjordar og utvinning av mineral på havbotnen til det ligg føre meir kunnskap om konsekvensane av slike inngrep på natur og økosystem. Havvindprosjektet Søndre Nordsjø II meiner han berre kan utviklast om det vert gjort etter grundige naturkartleggingar og «innanfor naturens tolegrense».

SV vil på si side gjennomgå heile nasjonal transportplan og revidere gamle kraftutbyggingar som det i si tid ikkje vart stilt miljøkrav til. Det seier stortingsrepresentant Birgit Oline Kjerstad.

Kor realistiske desse forslaga er politisk, er ei anna sak. Dag og Tid har vore i kontakt med dei fleste partia på Stortinget om saka, og verken Ap, Sp, Høgre eller Frp vil rokke ved alt planlagde utbyggingar.

– Ein viktig del av arealplanlegginga er å vurdere verknader for miljø og samfunn. Det er alt godt forankra i både plan- og bygningsloven og andre lovar kommunane må leggje til grunn, svarar Aps Marianne Sivertsen Næss i e-post.

Siv Mossleth i Sp vil også stille miljøkrav til etablerte vasskraftverk gjennom revisjon av konsesjonsvilkåra, og fortel om Skjomen kraftverk i Narvik kommune, der manglande krav om minstevassføring i vassdraget gjer at laks og lakseyngel frys i hel under visse forhold om vinteren. Å rokke ved planlagde nyutbyggingar, meiner ho derimot ikkje er rett.

Naturpolitisk talsperson i Høgre, Mathilde Tybring-Gjedde, seier det i staden er viktig at kommune og stat i anbod og kontraktar stiller krav om at utbyggjarar fortløpande gjer nye klima- og miljøvurderingar, og om gjenbruk og materialval, fossilfri byggefase og at prosjekt som vert sette i gang kompenserer for areala dei øydelegg.

Kjell Ingolf Ropstad i KrF ser føre seg at det bør gjevast færre dispensasjonar frå vernevedtak framover.

Strukturelle grep

Praksisen med å gje dispensasjon frå vedtekne arealplanar er utbreidd i kommunane òg. Berre i 2017 vart det gjort over 15.000 gonger, eller i 20 prosent av alle godkjende byggjesøknader. Det går fram av ein rapport frå Riksrevisjonen frå 2019, der det òg vart varsla om at den kommunale handlefridomen i arealplanlegging generelt har vorte ein trugsel for naturmangfaldet og andre overordna nasjonale og regionale mål.

Raudt og SV meiner det må strammast inn på bruken av dispensasjonsvedtak i kommunane, medan MDG alt har bede Stortinget vedta å styrkje statsforvaltaren si makt til å gå imot kommunale plansaker som kan truge naturmangfaldet. Ordninga med såkalla motsegner mot kommunale plansaker vart stramma inn av Solberg-regjeringa i 2014, for å gjere saksgangen i kommunane raskare og meir effektiv.

Ulike verktøy

Derimot er det ingen av miljøpolitikarane Dag og Tid har hatt kontakt med, som argumenterer for å innskrenke makta til kommunane i arealsaker. I staden vil dei gje kommunane fleire verktøy for å ta betre omsyn til naturen.

– At staten skal byrje å peike ut kva område det skal vere aktivitet på og ikkje, vert feil. Vi må heller ha system og strukturar som gjer det lettare for kommunane å ta vare på natur eller å erstatte natur og jord som vert bygd ned, seier Terje Halleland i Frp.

I kva grad partia vil klare å einast om verktøy, er derimot eit ope spørsmål.

Ap framhevar at det er viktig at kommunane innfører «grøne grenser» for utbygging, det vil seie å lage overordna arealplanar for kvar ein ønskjer at vekst skal gå føre vern, og kvar ein ønskjer at vern skal gå føre vekst.

Og Tybring-Gjedde i Høgre argumenterer for å utvikle natur- og arealrekneskapar og styrkje kunnskapen om artar og økosystem i kommunane slik at dei er betre i stand til å sjå heilskap, vurdere verdien av naturen som går tapt, og ta kloke avgjerder i utbyggingsprosjekt.

MDG og Raudt vil på si side opprette ei Natursats-ordning, ei nasjonal støtteordning for naturtiltak i kommunane, medan Haug i MDG i tillegg vil innføre reglar om arealnøytralitet. Det vil seie at kommunane ved utbygging av veg, bustader, industri og anna anten skal gjenbruke areal som alt er utbygde, eller kompensere for naturareala som vert bygde ut ved å restaurere natur andre stader.

Marhaug åtvarar derimot mot å tru at ein kan kompensere for nedbygd natur ved å restaurere andre stader.

– Det er sjølvsagt betre enn ingenting, men ikkje godt nok. Det mest effektive vi kan gjere for å ta vare på naturen, er å verne: å stoppe utbygging, seier ho.

– Anna alvor

Både Raudt, SV, MDG tek for gjeve at Noreg, som var pådrivar for den globale naturavtalen, sjølv kjem til å verne minst 30 prosent av både land- og havareal.

Christian Steel, som er biolog og generalsekretær i miljøorganisasjonen Sabima, meiner det vil vere hyklersk om eit langstrekt og lite folketett land som Noreg skulle gå inn for å verne mindre enn 30 prosent.

Med verna område på Svalbard inkludert er vi derimot oppe i 27 prosent alt i dag. Men Svalbard gjer ikkje vernet representativt for norsk natur, seier han.

– Avtalen seier vi skal verne område som er viktige for det biologiske mangfaldet. Då hjelper det ikkje at vi har verna nær 30 prosent snø, fjell og Arktis. Der vi har mest biologisk mangfald, er i låglandet på Austlandet, seier Steel.

Dag O. Hessen, som er biolog og professor ved Universitetet i Oslo, trur oppfølginga av naturavtalen kjem til å innebere både meir overstyring av kommunane og ei revurdering av eksisterande utbyggingsplanar rundt om i landet.

– Planane som alt ligg føre for vegar, infrastruktur og hyttebygging, er jo ganske omfattande. Dei går ikkje i hop med ønske om å verne naturen, seier han.

– Ingen av måla i naturavtalen frå 2010 vart nådde. Kva gjer at vi no skal klare langt meir ambisiøse mål?

– Det skulle eg hatt eit godt svar på, men det har eg ikkje. Kanskje fordi fleire no ser kor dårleg det står til med naturen. Det finst tal som syner at dyrebestanden i verda har gått ned med over 60 prosent dei siste 50 åra. Det gjev eit heilt anna alvor, seier Hessen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det mest effektive vi kan gjere for å ta vare på naturen, er å verne.

Sofie Marhaug, Raudt

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis