JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Demokratia vinn, autokratia tapar

Eit år etter at Putin starta krigen mot Ukraina, har han ikkje utsikt til å vinna. Men krigen kunne ha enda med ein rask russisk siger. Då hadde verda sett annleis ut enn ho gjer i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6133
20230224
6133
20230224

Februar 2023, eit mogleg scenario: Ved sidan av Vladimir Putin i Kreml står den kinesiske partisjefen Xi Jingping. Saman med dei to kan ein sjå representantane for russisk Ukraina, russisk Belarus og dei nye russiske fylka i den nordlege delen av Kasakhstan.

Seremonien i Kreml skal feira det vellukka russiske felttoget i Ukraina som starta 24. februar 2022. Krigen hadde gått heilt etter læreboka: Fyrst sørgde russiske rakettar for å øydeleggja mesteparten av den kritiske infrastrukturen i grannelandet. Etter ei veke med intens bombing gjekk ein hær på fleire hundre tusen mann, med endå fleire hundretusen i reserve, inn i Ukraina frå nord og frå aust.

Frykt og forvirring

Det ukrainske forsvaret kollapsa etter eit par veker med bakkekrig. President Volodymyr Zelenskyj innsåg at motstanden var nyttelaus og flykta til USA. Dei russiske soldatane stansa ikkje før dei nådde området som før den andre verdskrigen hadde vore ein del av den polske staten. Vladimir Putin erklærte at områda lengst vest i Ukraina ikkje var del av den russiske verda og såleis kunne segla sin eigen sjø.

Det sigerrike felttoget i Ukraina førte til at det sommaren 2022 blei oppretta ein ny stat som omfatta dei slavisk-talande delane av den gamle Sovjetunionen. Staten fekk namnet Det russiske imperiet. Alle dei gamle ikkje-slaviske sovjetrepublikkane, inkludert Georgia og det som var att av Kasakhstan, orienterte seg mot Moskva. Hausten 2022 smidde Putin solide band til dei store autokratiske regima i verda, i fyrste rekkje Kina og Iran. Tyrkia braut med Nato og slutta seg til alliansen. Verdas autokratar forkynte at det ikkje var grenser for venskapen mellom dei.

I Vesten rådde det frykt og forvirring. Etter erobringa av mesteparten av Ukraina, gjorde Putin det kjent at han tok sikte på å leggja under seg Estland, Latvia og Litauen, tre område som han hevda historisk høyrde til Russland.

Ungarn, fylgt av Tyskland, meinte at Nato heller måtte gje frå seg dei tre landa enn å risikera ein ny verdskrig. Samstundes som Europa fraus i den rekordkalde vinteren 2023 og Russland gjekk inn i Moldova utan at nokon gjorde motstand, gjekk Nato mot splitting og oppløysing. I Beijing gjorde ein seg klar til å erobra Taiwan og såleis skaffa seg kontroll over store delar av mikrobrikkeproduksjonen i verda.

Amatøren Putin

Så langt den alternative utviklinga i det dramatiske året 2022. Som alle veit, er historie ikkje nokon heilt eksakt vitskap, og kontrafaktisk historie er det i alle fall ikkje. Men den utviklinga som er skissert ovanfor, var ikkje heilt utenkeleg for eit år sidan.

Om åtaket på Ukraina hadde vore planlagt og styrt av generalar og ikkje av dei to sivilistane Vladimir Putin og Sergej Sjojgu, må me erkjenna at mykje hadde vore annleis. Dersom dei russiske militære hadde fått eit halvår på seg til å finpussa ein plan for å angripa Ukraina, hadde åtaket vore mykje meir effektivt.

I staden heldt Putin dei militære i uvisse heilt fram til den fatale datoen 24. februar 2022. Då ordren om åtak plutseleg kom, sleit dei russiske einingane langs grensa til Ukraina med for få mannskap og dårlege forsyningar. Verst – sett frå russisk side – var det kanskje at det ikkje var reservar på plass som kunne fylla hola etter dei som ville bli drepne i den fyrste åtaksbølgja.

Resultatet blei dei militære katastrofane som me har sett det siste året. Ein kan ikkje sjå bort frå at 2023 vil stå fram som eit historisk år. Det kan bli året då eit av dei sterkaste autokratiske regima i verda blir slege attende. Demokratiet Ukraina, støtta av Nato, kan visa seg sterkare enn diktaturet Russland.

Om me kjem så langt, betyr det at den utviklinga som me har sett sidan 2000-talet, snur. Langsamt, men sikkert styrkte autokratia seg. Å leva i eit demokrati blei etter kvart eit privilegium for ei stadig mindre gruppe av menneske i verda. I dei landa som heldt oppe demokratiet, meinte ikkje reint få at me måtte «koma til ei ordning» med autokratia. Berre me gjekk med på nokre kompromiss, ville dei oppføra seg på ein sivilisert måte, blei det hevda.

Ukraina-krigen og framferda til Kina det siste tiåret har synt kor farleg denne vegen er. Etter at Putin kjende seg fast i salen i Kreml kring 2004–2005, har Russland vore ei revisjonistisk makt oppteken av å endra dei landegrensene som blei fastsette då Sovjetunionen fall saman. Tilsvarande er Kina ute etter å endra status quo i Aust-Asia.

Russland har tradisjonelt tolka forslag om kompromiss som innrømmingar som gjev grunnlag for nye framstøytar heilt til motstandaren er trengd inn i eit hjørne. Difor var forsøka på å koma fram til eit kompromiss med den russiske leiinga før åtaket på Ukraina like lite liv laga som det skammelege München-forliket i 1938. Dette forliket skulle som kjent opna for «fred for vår tid», som den britiske statsministeren Neville Chamberlain formulerte det. Røyndomen blei ein heilt annan.

At demokratiet – som resultat av Ukraina-krigen – styrkjer seg i verda, tyder likevel ikkje at eit russisk nederlag blir lett å handtera. Fordi Putin-regimet er bygd opp kring éin mann, vil me antakeleg sjå ein uforsonleg kamp mellom fleire maktgrupper den dagen Putin fell. Ein slik maktkamp kan truga sjølve stabiliteten i den russiske staten. Eit svekt, ustabilt Russland væpna med atomvåpen kan bli like farleg som autokratiet Russland.

Ingen veg tilbake

Då Putin heldt ein to timar lang tale til nasjonalforsamlinga tysdag denne veka, nemnde han eigentleg ikkje den fatale utviklinga av krigen med eitt einaste ord. Bodskapen var lett kjenneleg: Vesten har skulda for det heile, og me vil halda fram som me alltid har gjort. Putin tenkte nok, der han stod oppe på talarstolen, at han aldri skulle ha sett krigen i gang. I det minste skulle han ha overlate krigen til generalane.

Men i dag, eitt år ute i krigen, er det ingen veg tilbake.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis