Russland
Bak svarte strekar
Same kor ille det blir, kan vi ikkje slutte å slåst mot vankunna.
Teikning: May Linn Clement
Eit privat, uavhengig bibliotek har dukka opp i ein russisk by. Det er første gongen eit slikt prosjekt blir gjennomført, ikkje berre i denne byen, men – så vidt eg veit – i heile Russland.
Den som står bak biblioteket, underviser i sosiologi ved universitetet, er svært glad i å lese og har opparbeidd seg ei samling på fleire tusen bøker som allmenta no får tilgang til. I eit leigd lokale i sentrum av byen står alle bøkene, og alle som vil, kan låne og lese dei. Ein må teikne abonnement, men prisen per månad er symbolsk: tilsvarande tretti kroner.
Biblioteket heiter Don Quijote. Namnet blei valt fordi ein kan sjå på det å opne ei humanistisk, ikkje inntektsbringande verksemd der formålet er å spreie litteratur, og der alle står på like fot, som romantisk, nesten utopisk.
Kanskje ideen er dømd til å mislykkast, slik Don Quijotes spinnville oppdrag var det. Eit opplysningsprosjekt med mål om å motarbeide vankunne er som å slåst mot vindmøller.
For nokre veker sidan skreiv eg om sensur: Styresmaktene har gjort det forbode å både nemne og til og med uttale seg kritisk mot narkotika og andre sosialt skadelege fenomen i songar og filmar, og sidan sensuren har gjort tilgangen til strøymetenester sterkt avgrensa, kjøper folk gamle mediespelarar og lastar ned piratkopiert materiale, slik ein gjorde på 2000-talet.
Nyleg såg eg eit mem om det. (Å forklare mem er ikkje lett, men eg prøver.) «Det er bra nettet er sensurert, for då vil ungdommen begynne å lese bøker igjen», seier ein figur i det første bildet. Neste bilde viser ein ungdom som les ei bok der kvar einaste linje er overstroken med svart tusj.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.