Russland

Når snøen smeltar

Eit overraskande utspel vekker uro, kanskje fordi det er vår.

Publisert Sist oppdatert

Eg er typen som vil prate med alle slags folk, sett vekk frå kriminelle og propagandistar. Eg meiner det er viktig å forstå samfunnet ein lever i, og då bør ein òg ha folk som ikkje er frisinna, i omgangskrinsen. Og det er lenge sidan eg innsåg at ja, det finst enno patriotar som forsvarer landet sitt same kva, men talet på «statistar», altså dei som støttar styresmaktene, blir lågare og lågare.

Dei siste vekene er det mange som har tatt opp dette temaet, fordi fleire og fleire tilhengarar av Ukraina-krigen rettar kritikk mot styresmaktene. På Telegram-kanalar som støttar krigføringa, har det blitt stadig vanlegare å uttrykke misnøye, til og med irritasjon, og eit aukande antal konservative kommentatorar tillèt seg å lufte «upålitelege» tankar.

Generelt er stadig fleire leie av, usikre på og oppgitte over den langvarige krigen. Sjølv støttespelarane ser ut til å innsjå at det er noko som ikkje stemmer.

Attpåtil har styresmaktene gått inn i ein ny fase i krigen mot Telegram. Dei har stengt appen, sjølv om han blir brukt av blant andre soldatar ved fronten. På ein måte er dette dropen som får begeret til å renne over, og det kan nesten verke som om det er ein revolusjon på gang. (Det finst til og med ein konspirasjonsteori om at styresmaktene stengde Telegram nettopp fordi brukarar som er for krigen, og dei er det enormt mange av, har blitt for varme i trøya.) På ein måte er det både forståeleg og forventa.

Andre gonger blir vi svært overraska. Ta Ilja Remeslo, ein bloggar, propagandist og profesjonell informant som er særleg kjend for å ha motarbeidd Aleksej Navalnyj. Gjennom skuldingar og aktiv deltaking i rettssaka mot Navalnyj spelte han ei viktig rolle i å få den russiske opposisjonsleiaren i fengsel, der han til slutt døydde. Men no i mars hende det utrulege: Remeslo publiserte plutseleg, på sin eigen kanal, skarp kritikk av styresmaktene. Han argumenterte mot krigen og gjekk til verbalt åtak på Vladimir Putin, som han omtalte som krigsforbrytar.

I Russland blir ein send rett i fengsel for slikt, og dommen blir truleg svært lang. Ingen venta dette, og ingen forstår kva som går av Remeslo. Mange meiner at han må ha blitt lurt av svindlarar, eller at han har gått frå forstanden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement