Russland
Konspirasjon og sanning
I dag kan vandrehistorier bli overstigne av røynda.
Illustrasjon: May Linn Clement
Vanskelege tider gir næring til sosialt press, konfliktar på samfunnsnivå og ulike former for moralsk panikk, konspirasjonsteoriar og vrangførestillingar.
Heldigvis er det ikkje alltid så farleg, og det hender det er underhaldande. Du kjem sikkert på døme sjølv – det skjer i alle land.
Men dei siste dagane har eg tenkt mykje på korleis dette artar seg i Russland, der styresmaktene no har tatt livet av eit stort antal husdyr.
Eg skal ikkje bruke ei heil spalte på dette. Eg liker å skrive om noko eg har observert sjølv, personleg eller til nød på sosiale medium, og denne saka kjenner eg berre gjennom tradisjonelle medium. Men eg må seie noko om det for å komme til poenget: I over ein månad har offentleg tilsette blitt sende til gardar på ulike kantar av landet for å slakte storfe, grisar og andre husdyr i stort omfang.
Titusenvis av dyr har blitt drepne, og eigarane får inga forklaring. Nokre gøymer kyrne, andre truar med opprør. Nokre har dynka seg med bensin og trua med å tenne på seg sjølv.
Ifølge journalistar er bakgrunnen truleg ein munn- og klauvsjukeepidemi. Mot denne farlege virussjukdommen er nedslakting det einaste effektive verkemiddelet. Men å gå ut med ei offisiell kunngjering vil medføre store problem for eksporten av mjølk og kjøt. Derfor er det ingen som snakkar høgt om munn- og klauvsjuke. Alle håpar berre at tiltaka verkar, og at situasjonen roar seg av seg sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.