Russland

Ventemodus

Vi har vent oss til å gløyme både krigen og mobiliseringa.

Publisert Sist oppdatert

I det siste har det ryktast igjen: Styresmaktene kjem til å gjennomføre ein ny runde med militær mobilisering. Det er sjette eller sjuande gongen bølga av panikk det medfører, har oppstått dei siste tre åra.

Det er det same som skjer kvar gong, gjerne rundt datoen då krigen braut ut, eller fordi nokon påpeikar at soldatane står i stampe ved fronten: Først skriv nokon at Putin ikkje kjem seg ut av knipa utan massemobilisering, og så spør journalistar ein eller annan høgtståande embetsmann om dei skal gå i gang med ei mobilisering. Embetsmannen – denne gongen var det tidlegare president Dmitrij Medvedev – svarer at nei, det blir inga mobilisering. Og så bryt hysteriet laus, fordi styresmaktene alltid lyg, og i praksis kan vi vente at alt anna enn det dei seier, skjer.

I alle fall har vi ikkje hatt noka mobiliseringsbølge sidan september 2022. Heldigvis avviser både styresmakter, analytikarar og militærekspertar at ei ny mobilisering er sannsynleg. Dei peikar på at slik stoda er no, klarer ikkje dei russiske styresmaktene å organisere eit apparat som kan sende titusenvis av menneske til fronten. Russland har ikkje infrastrukturen og pengane som trengst.

Veit du kva det betyr? Ingenting. Før påske, då eg skreiv om konspirasjonsteoriar, skreiv eg at heilt sidan storskalakrigen i Ukraina tok til, har ingen kunna vere sikre på noko som helst, fordi krigen har vist at sjølv det mest usannsynlege og absurde kan skje. Éin einaste person tar avgjerdene i dette landet, og han heiter Vladimir Putin. Viss han meiner at det er nødvendig å mobilisere, blir mobiliseringa gjennomført, trass enorme kostnader, infrastrukturell kollaps og sunn fornuft.

Eg bør forklare samanhengen. Eg har ikkje fortalt kva som ligg i ordet mobilisering. Kort sagt erklærte Putin «delvis» mobilisering i september 2022, då styresmaktene innsåg at krigen kom til å bli langvarig. Berre visse grupper innbyggarar skulle bli sende i krigen, sa styresmaktene, men uavhengige medium set gjerne hermeteikn rundt ordet delvis fordi styresmaktene i praksis sende kven dei enn fekk fatt i.

Mobiliseringa utløyste ei ny utvandringsbølge. Den første kom då krigen tok til, og folk som ikkje støtta krigføringa, forlét Russland. I 2022 reiste også folk som ikkje bryr seg om politikk, fordi dei frykta å bli tvangssende til fronten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement