JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

«Azovhavet er vårt for alltid»

Kvar sundag kveld går det fleire timar lange nyhendemagasinet Vestli Nedeli på Russlands største fjernsynskanal, Russland 1. Her er eit lite utdrag frå sist sundag, då programleiaren Dimitrij Kiseljov forklarte kvifor dei russiske styrkane trekte seg ut av byen Kherson.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5328
20221118

Bakgrunn

Dag og Tid legg vekt på å formidla korleis russiske medium og president Vladimir Putin skildrar og talar om krigen i Ukraina. På denne måten kan vi få innsikt i korleis media tenkjer, og kva for informasjon og synspunkt det russiske folket får servert.

Denne veka: Dmitrij Kiseljov, TV-kanalen Russland 1.

Dimitrij Kiseljov: «Vi kunne sjå sterk fortviling i andletet til general Surovikins då han gjorde framlegg om å forlata høgre breidd av Kherson og flytta troppane våre til venstre breidd. Det var ei vanskeleg avgjersle, som Surovikin hadde snakka ope om som ein utveg heilt sidan han vart utnemnd til sjef for den spesielle militæroperasjonen. Avgjersla var ei følgje av skiftande omstende i krigshandlingane.

Det nazistiske regimet i Kiev kastar inn soldatar som blir slakta ned i tusental, utan omsyn til eigne tap. Dei sender ei mengd soldatar inn i denne kjøtkverna, og lider tap på éin til sju eller éin til åtte i vår favør.

Men vi er ikkje nøgde sjølv med dette tilhøvet på Kherson-fronten. Vi må ta vare på dei kanskje mest kamperfarne, effektive og heroiske luftborne styrkane våre. No vil nokre av dei ta over godt førebudde stillingar på venstre breidd av Dnepr. Andre kan verta overførte til avdelingar lenger nord, der vi rykkjer fram.

Tilbaketrekkinga til venstre breidd av Dnepr er taktisk. Det er rasjonelt, sjølv om det kan vera vanskeleg å akseptera. Det viktigaste er at vi held oppe kampevna vår, betrar logistikken og gjer det mykje lettare å skaffa forsyningar til soldatane ved dei nye grensene. Slik er situasjonen førebels. Sjølve flyttinga til venstre breidd gjekk forresten upåklageleg greitt. Vi mista ikkje éin einaste soldat eller noko utstyr under overfarten.

Tida er på vår side. Frå lufta held vi fram med å øydeleggja kritisk viktig infrastruktur som gjer at naziregimet kan halda det gåande. Framleis kan dei til tider bruka elektrisitet og kommunikasjon, vassforsyning og avløpsanlegg. Men ettersom det ukrainske energisystemet konsekvent vert øydelagt, vert desse fasilitetane ein luksus som dei ofte må greia seg utan.

Siktemålet er å lamma militærmaskina til naziregimet, slik at sjølv med storstilt støtte frå Nato i form av våpen og ammunisjon er regimet ikkje lenger i stand til å stå imot. Og metoden fungerer. Mens Kiev vert kasta frå den eine straumstansen til den andre, snakkar dei ukrainske tenestemennene alt om å evakuera tre millionar innbyggjarar i Kiev – men kvar dei skal sendast, veit ingen. Førebels har folk blitt oppmoda om å overvintra på landet og fyra opp i omnane sine.

Det ukrainske banksystemet fekk førre veke ordre om å vera førebudd på å greia seg utan straum og kjøpa straumgeneratorar og drivstoff. Det tek ikkje lang tid før dei må ty til aritmometer og kuleramme med perler. Det er i alle høve tydeleg kva veg det ber. Vanlege ukrainarar vil ikkje vera takksame overfor Zelenskij og sjefane hans.

Kvifor må dei lida? Ved å slå til mot russarar og råka Krim-brua ønskte naziregimet i Kiev å gleda USA, med den konsekvensen at det fører Ukraina tilbake til mellomalderen, sjølv om Russland å ingen måte kjempar mot det ukrainske folket. Det er ei skam at ukrainarar vert ofra på denne måten. I denne kampen, der heile Nato deltek mot Russland, er det trass alt våre brør som vert drepne. Dei har vorte lurte, trena, væpna og sende for å kjempa mot sine eigne nasjonale interesser. Og no går dei i teneste for ein annan og ser ikkje kva uføre dei har hamna i.

Recep Tayyip Erdogan, presidenten i Tyrkia, som forresten er eit Nato-land, skildrar hendingane svært presist: ‘Russland – det er ein mektig nasjon. Vesten, leidd av USA, går til åtak på Russland nesten utan restriksjonar. Russland må vise motstand.’

I mellomtida forførte Nato-land Ukraina på fullstendig uansvarleg vis med at dei skulle får grenselaust med hjelp. Men Europa kan ikkje lenger oppfylla dei økonomiske pliktene sine andsynes Ukraina.

(…)

Med republikansk fleirtal i Kongressen vil USA uunngåeleg stilla spørsmål ved om kostnadene ved å finansiera det korrupte Kiev-regimet kan rettferdiggjerast. Det er uro i Russland òg. Men vi har grenselause ressursar, vilje og forståing for denne historiske oppreinskingsinnsatsen mot nazismen.

Vi sviktar ikkje folket vårt. Alle innbyggjarane på høgre breidd av Kherson som ønskte å forlate byen, meir enn 100.000 menneske, har vorte evakuerte til sikre regionar. Det russiske militæret har vore med på evakueringa. Dei fordrivne frå Kherson-regionen vert tekne hand om av regionale styresmakter og friviljuge.

Styrkane våre flytta seg roleg til nye forskansa stillingar. Ikkje noko utstyr som kunne reparerast, vart forlate på høgre breidd av Kherson. Det avgjerande no er eit landbasert samband. Det er ein viktig strategisk ressurs. Vegane treng framleis betre luftvern, men transportåra fungerer.

Azovhavet er vårt for alltid. Dei nye russiske områda på venstre breidd av nedre Dnepr er uvurderlege.»

Dimitrij Kiseljov, Russland 1, sundag 13. november 2022

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis