JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Åtak og innsamling

På denne tida, når kvelden fell på i skogane i Zjytomyr-regionen og andre delar av Ukraina, kan ein ofte høyre lyden av øksehogg eller det skarpe kvinet frå ei motorsag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Innbyggjarane i landsbyen Malaja Rohan i Kharkiv hentar ved for å bu seg på ein vinter som kan bli særs lang og hard.

Foto: Nacho Doce / Reuters / NTB

10344
20220826
10344
20220826

I mørkret seint på kvelden og av og til om natta forlèt Ladaar med tilhengarar fulle av trestokkar, eller endatil store tømmerbilar lasta med store, nyfelte furustammer, skogen. Ladaane med hengar set vanlegvis kursen mot næraste landsby. Slik skaffar innbyggjarane seg ved til vinteren.

Sjølvsagt er dette ulovleg, men politiet bryr seg ikkje stort om ulovleg tømmerhogst i liten skala. Dei pla spore opp slike som driv stort i skogen nattetid – dei som ulovleg skjer og høvlar trevirke som dei sel til byggeverksemder og møbelsnikkarar. Men no har politiet så mykje anna å ta hand om. Og store, illegale tømmerhoggarar arbeider òg for vedmarknaden før den komande fyringssesongen.

Sidan 2014 og starten på krigen med Russland har mange innbyggjarar i ukrainske landsbyar og byar slutta å tru på oppvarming med gass. Dei har gjort om omnane og varmtvasstankane sine, slik at dei kan nytte mange slags energikjelder, inkludert den billigaste – ved. På gardsplassar og i bakgardar i byar som Lazarivka, Morozivka og Brusilov aukar talet på vedstablar dekte til med presenningar mot regnet.

Det skulle ikkje forbause meg om det same no skjer i Polen, Tsjekkia og til og med i Austerrike. I Europa kjem dette av dei høge gassprisane. I Ukraina har prisane på gass halde seg på førkrigsnivå. President Zelenskyj ferda nyleg ut eit dekret om frysing av prisane på brennstoff for å roe ukrainarane ved inngangen til vinteren.

Ja, Zelenskyj kan fryse prisane på gass, elektrisitet og vatn. Men han kan ikkje garantere at bustadene til ukrainarane kjem til å ha gass, oppvarming, vatn og elektrisitet gjennom vinteren. Det avheng av det russiske artilleriet. Det er alt ein god del byar, både okkuperte og frie, som ikkje kjem til å ha oppvarming denne vinteren. Det gjeld byar som Mariupol og Melitopol, Sloviansk og Soledar. Situasjonen i Kharkiv og Nikolajev er uklar.

Borgarmeisteren i Kyiv, Vitali Klitsjko, har åtvara bebuarane i byen om at temperaturen i husvære denne vinteren ikkje vil kome over 18 gradar celsius. Eg lyt berre seie at i husværet vårt i sentrum av Kyiv var temperaturen aldri over 18 grader om vinteren. Men han var ofte nede i 13–14 grader, så vi er vande med kulde.

Vitali Klitsjko har rådd folk i Kyiv til å kjøpe tørrsprit (eigentleg meint for primusar), gjere i stand varme vinterklede og skaffe seg elektriske varmeomnar.

Borgarmeisteren i Kharkiv, Igor Terekhov, sa for nokre dagar sidan: «Fienden drep oppvarmingsinstallasjonane, men vi vil kome oss gjennom fyringssesongen.» I Kharkiv går reparasjonane av fjernvarmesystemet føre seg døgnet rundt, og ofte under granatåtak. For å få systemet til å fungere som vanleg i oktober må 200 kilometer med røyr under og over bakken erstattast. Det vil seie – om russiske rakettar ikkje øydelegg røyr som alt er reparerte, eller varmekraftverka.

Borgarmeisteren i Mykolaiv, ein annan by som jamleg er under granatåtak, Olexander Senkevitsj, har åtvara innbyggjarane om at den vanskelegaste tida for oppvarming snart er her. «Granatar kan kome. I dag er det varmt, men dersom infrastrukturen for oppvarming vert bomba, vil vi måtte leie vekk vatnet, sveise (øydelagde røyr), setje i stand og starte opp systemet att. I løpet av den tida dette tek, kan de kome til å fryse», sa han.

Olexander Senkevitsj nemnde òg noko som alle innbyggjarane i store byar er redde for. Han sa at spørsmålet om å evakuere innbyggjarar i tilfelle det er uråd å få til oppvarming, ikkje har vore diskutert. Men det ville vere merkeleg om dette problemet ikkje vart drøfta på eit eller anna tidspunkt.

Trass alt vil overlagt russisk bombing av fjernvarmeverk og oppvarmingssystem om vinteren med temperaturar under null gjere kva by som helst uråd å bu i. Det er nesten umogleg å overleve i ein bustad som ikkje er oppvarma når temperaturen går under null. Vatnet frys i røyra, og røyra sprekk. Elektriske varmeomnar vil heller ikkje klare å varme opp eit husvære i ein ukrainsk vinter.

Men korleis skal alle innbyggjarane i ein by kunne evakuerast, og kvar? Dette er spørsmål det er vanskeleg å svare på. Det kan trass alt vere snakk om hundretusenvis av menneske som alle må evakuerast på éin gong.

Enno bur Ukraina seg hardnakka på fyringssesongen. Og kvar einaste ukrainar som bur i ein by med sentralvarme, tenkjer stadig på moglege evakueringsutvegar i tilfelle oppvarmingssystema vert øydelagde.

Sirener som varslar om nye artillerisalvar på ukrainsk territorium eller russiske missil mot militære og sivile mål i Ukraina, høyrest mange gonger kvar dag. Eksplosjonen til kvart prosjektil og kvar rakett spreier ikkje berre død blant ukrainske borgarar og rasering av bygningar, men òg øydelegging av infrastrukturen som desse bygningane var knytte til – kloakk, vassforsyning, elektriske nettverk, oppvarmingssystem og gassforsyning. Reparatørar går straks i gang med arbeidet, der det er mogleg, men da snakkar vi ikkje om så å seie fullstendig øydelagde byar.

Sirenene, som skal åtvare borgarane i Ukraina om faren for granatåtak, har nyleg fått ein annan funksjon som ikkje var planlagd av forsvarsdepartementet. Dei har blitt signalet til ein finansiell flashmob som støttar den ukrainske armeen.

Denne flashmoben vart skapt av ei ung friviljug, Natalia Andrikanitsj, i Uzhgorod. Først vart ho sint kvar gong ho høyrde lyden av ei sirene, men så kom ho i tankar om at sirena ikkje berre var eit signal om å gå ned i bomberommet, men ei påminning om at den ukrainske armeen trong støtte for at sirenelyden skulle kunne stilne så fort som råd. Og frå den augeblinken, kvar gong sirena høyrdest, byrja ho å sende små summar inn på støttekontoen til den ukrainske armeen – 10–20 hryvnia (0,15–0,30 euro).

Mange ukrainarar likte denne ideen, og no er det slik at kvar gong ei sirene læt i Ukraina, aukar pengestøtta til dei ukrainske væpna styrkane. Det meste av pengane «frå sirenene» kjem frå regionar eit stykke unna fronten. «I kharkiv er det ingen som har så god råd at dei kan støtte ein slik flashmob», sa den kjende Kharkiv-fotografen Dmitri Ovsyankin til meg.

Det er sanneleg område og byar der sirenene ikkje stoppar. Ikkje berre i Kharkiv, men òg i Nikopol og Dergatsji, og heile regionane Donetsk, Zaporizjzja, Odesa og Mykolaiv. Desse stadene har ein rett og slett ikkje tid til å gå på nettet og donere pengar.

Vi veit ikkje nøyaktig korleis pengane som kjem inn på den spesielle kontoen til den ukrainske armeen, blir brukte. Det er absolutt ein «militær løyndom». Men ukrainarane kan følgje med på korleis og på kva dei best kjende og mest aktive friviljuge bruker pengane dei samlar inn. Til no er den mest vellukka friviljuge pengeinnsamlaren Sergej Prytula, ein kjend TV-vert og standupkomikar.

Fram til 2019 var Sergej Prytula komikaren Volodomyr Zelenskyjs rival i TV-komediar. Men etter at Zelenskyj vart valt til president i 2019, vart Sergej Prytula aktivt interessert i politikk. Han freista utan hell å få plass i nasjonalforsamlinga som representant for partiet «Voice», grunnlagt av den ukrainske rockesongaren Svjatoslav Vakartsjuk. Han nytta òg Voice som springbrett for kandidaturet sitt til valet av borgarmeister i Kyiv.

No er det mange ukrainarar som ser på han som den framtidige rivalen til Volodomyr Zelenskyj ved det neste valet. Han har prova populariteten sin gjennom pengeinnsamlinga til «Folkets Bayraktar». Han planla å skaffe 500 millionar hryvnia (om lag 13 millionar euro) til tre kampdronar. I løpet av få dagar hadde han samla inn meir enn han hadde tenkt seg, 600 millionar hryvnia, og kunngjorde straks at innsamlingsprosjektet var avslutta.

Da produsenten av den tyrkiske Bayraktar-dronen fekk høyre om pengeinnsamlingsprosjektet til Sergej Prytula, vart det gjort vedtak om å donere tre dronar til den ukrainske armeen. Dermed kunngjorde Sergej Prytula at han brukte pengane til å kjøpe den finske ICEYE-satellitten, som er i stand til å ta høgkvalitetsbilete av jorda jamvel i dårleg vêr. I tillegg til sjølve satellitten betalte han for eit årleg abonnement på tenestene frå ei anna gruppa satellittar, som òg kan lever bilete av høg kvalitet av posisjonar til den russiske armeen i Ukraina.

Slik har den friviljuge innsatsen og populariteten til Sergej Prytula nådd kosmiske høgder.

Ikkje alle friviljuge er TV-kjendisar med politiske ambisjonar, og for dei med meir smålåtne posisjonar i det ukrainske samfunnet er det vanskelegare å samle inn pengar.

Kultpoeten Serhij Zjadan frå Kharkiv, som heilt frå byrjinga av krigen tok til å hjelpe ikkje berre militæret, men òg kulturlivet i byen som vert bomba dagleg, la nyleg fram planar om å samle inn pengar og kjøpe 100 brukte jeepar og pickupar til armeen. Til no har Serhij sendt 15 køyretøy til militæret. Kultprosaisten frå Uzjgorod, Andrij Lyubka, som eg nemnde for eit par månader sidan, har alt frakta 38 køyretøy til frontlina.

I Ukraina vart det alt vitsa om at det ikkje finst fleire brukte jeepar og pickupar att i Europa. Snart, seier dei, lyt dei bli sende med skip frå Australia.

Alle vitsar har eit element av sanning i seg. Talet på jeepar og pickupar som alt er leverte til den ukrainske armeen, kan i dag målast i tusen. På enkelte pickupar monterer militæret straks morterar eller miniartillerisystem og sender dei i kamp. Slik er pengeinnsamling til nytte for den ukrainske armeen.

Militæret legg jamleg ut på sosiale nettverk både bilete av nyss mottekne køyretøy og bilete av køyretøy som er øydelagde av russisk artilleri og stridsvogner. Bilete av øydelagde køyretøy syner at behovet for «nye» brukte jeepar og pickupar vil forsvinne først når krigen er over. Dette inneber at ukrainske friviljuge vil halde fram med å vere hovudkundar for seljarar av slike køyretøy i Vest- og Aust-Europa i lang tid frametter.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Russisk bombing av fjernvarmeverk og oppvarmingssystem om vinteren med temperaturar under null vil gjere kva by som helst uråd å bu i.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis