JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ansvar for dei sjukaste

Tanken på at ein skal kunna avgrensa talet på alvorleg psykisk sjuke til 3000 i eit land med fem millionar, er naiv og skremmande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5539
20220708
5539
20220708

Kvar gong det skjer ei alvorleg valdshending, kjem spørsmålet opp: Var det brotsverk eller sjukdom? I rettsapparatet spør dei seg om det same: Kan gjerningsmannen – dei er som oftast menn – dømast, eller er han sjuk og høyrer til i helsevesenet? I forlenginga av denne problematikken ligg spørsmålet om helsevesenet er budde på å ta imot menneske som er farlege for andre.

Denne problematikken er synleg også i valdshendingane i Oslo og København, sjølv om det ofte er svært vanskeleg å vita kva som er sjukdom, ideologi, raseri eller fordommar. Svaret på det krev grundige undersøkingar, som vi må venta på.

Redusert kapasitet

Det er ikkje lenge sidan spørsmålet om kapasiteten i psykisk helsevern var eit tema. Etter dei tragiske drapa i Kongsberg presenterte Dag og Tid (22. oktober 2021) ein gjennomgang av tilbodet til alvorleg psykisk sjuke. Og tala er tydelege nok: I 1973 var det 13.763 sengeplassar i norsk psykiatri. I 2020 var talet 3284. Med så mange døme på at alvorleg sjuke menneske må leva utan eit heildøgnstilbod, skulle ein tru at helsestyresmaktene straks gjekk i gang med å skaffa nye sengeplassar. Men dei gjer ikkje det. Det er viktig å drøfta grunnane til dette.

Det handlar ikkje om at ein ikkje vil satsa på psykiatri. Det var vore satsa mykje på psykiatri i seinare år. Men denne satsinga har ikkje ført til fleire sengeplassar. Ein har sett pengane inn andre stader.

Ein viktig bakgrunn for dette er at ein gjekk bort frå store sentralinstitusjonar både for psykisk sjuke og for psykisk utviklingshemma. Det var det gode grunnar til. Det var mange problem med dei store institusjonane. Dei hadde avgrensa økonomiske ressursar og vart ikkje heilt med urette skulda for å driva med oppbevaring heller enn helsehjelp.

Den store HVPU-reforma, som førte psykisk utviklingshemma tilbake til heimekommunane, skapte eit betre liv for mange. På dei tyngre psykiatriske institusjonane, asyla, var det for mykje tvang. Og dei som var der, fekk ofte ikkje tilbake evna til å leva ute i samfunnet, dei miste ho heller. At talet på sengeplassar gjekk ned, var altså ein del av ei tilsikta utvikling.

Førebygging

I seinare tid har ein også satsa mykje på førebygging. Ein skulle hjelpa folk så tidleg at dei ikkje trong innlegging og døgnpleie. Dette har prega retorikken i helsevesenet i seinare tid og ført til at ein har fått gjennomslag for diagnostisk språkbruk i eit langt større omfang i skule og barnehage enn før. Også i rettsvesenet er merksemda på psykisk helse aukande.

Solsida av dette er at mange får meir tilpassa hjelp og kjem seg vidare. Skuggesida er at ein ser på daglegdagse problem som sjukdom, og diagnostiserer i utide. Det er ein vanskeleg balanse. Men når talet på unge med diagnosar har skote i vêret, inneber det både at mange er sjuke, og at fleire fenomen blir omtala som sjukdom, og det er eit sjølvstendig problem.

Sven Kærup Bjørneboe formulerte for nokre tiår sidan slagordet «heller synder enn syk». Han ville heller bli moralsk klandra enn diagnostisert.

Nedbygging

Men for dei alvorleg sjuke, med tunge psykiske problem, inneber denne utviklinga at ressursane i psykiatrisatsinga ikkje når fram til dei. Psykologen Arnhild Lauveng, som er visepresident i Norsk Psykologforening, brukte eit bilde om dette: På ein gard var stallen i så dårleg stand at han måtte rivast. Det blei gjort, men ein bygde ikkje ny stall, derimot eit nytt hønsehus.

Det inneber at institusjonane for tunge psykiske lidingar var dårlege, og vart bygde ned. Så bygde ein i staden opp institusjonar for menneske med andre lidingar. Tanken har delvis vore at ein skulle løysa problema før dei vart alvorlege. Men folk vil halda fram med å bli sjuke, same kor mykje ein førebyggjer.

Det blir gjort mykje godt arbeid i psykiatriske dagsenter og i kommunale institusjonar. Men det er ei feilslutning å tru at det vil avskaffa behovet for faste sengeplassar for svært sjuke. I dag er det for få plassar, svært vanskeleg å koma inn og svært vanskeleg å få bli der så lenge som nødvendig. Og det fører, gong etter gong, til at menneske blir sende heim før dei er friske nok. (Noko av det same skjer på sjukehusa, der ein erklærer pasientane for ferdig behandla før dei kan greia seg sjølv).

Investeringar må til

Sjølv om tidleg intervensjon, som det heiter, nok kan avverja ei meir alvorleg utvikling, vil det stadig koma nye tilfelle av alvorleg sjukdom. Og sjølv om skular og familiar lærer seg å skapa helsefremjande miljø, vil det alltid koma nye menneske med relasjonsskadar, traume, øydeleggjande ruspraksis og så vidare. Krigar og konfliktar produserer traume i stort tempo, og dei rammar også i vårt land.

Heile tanken på at ein skal kunna avgrensa talet på alvorleg psykisk sjuke til 3000 i eit land med fem millionar, er både naiv og skremmande. Det er ingen veg utanom investeringar her. Ein må ha plass til fleire, og det må vera mange nok som kan hjelpa dei som er mellom dei sjukaste.

No har ein i tiår flytta pengar frå dei aller sjukaste til dei som har lette lidingar, eller til generelt førebyggjande arbeid. Det er på tide å snu denne tankegangen, og starta med ei kartlegging av kor mykje kapasitet som trengst til dei aller sjukaste. Så får nedskjeringane koma andre stader.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Krigar og konfliktar produserer traume i stort tempo, og dei rammar også i vårt land.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis