JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Å selje ein krig

Krigen i Ukraina har gått inn i ein fase med lågare tempo, der krigshandlingane trekkjer i langdrag. Europa har vant seg til han, det har ikkje USA.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mykola Gleba lagar eit nytt ukrainsk ikon med motorsag.

Foto via Living Heritage Events Cup

12596
20220617
12596
20220617

I USA skjønar dei at å venje seg til krig er ekstremt farleg. Difor, saman med Storbritannia, Noreg, Litauen og Polen, hjelper dei Ukraina aktivt med våpen. Dei ser det som eit middel til å få Russland snøggare til forhandlingsbordet.

Tyskland, Frankrike og Italia, på den andre sida, er redde for å styrkje Ukraina på denne måten. Dei reknar med at ved å saktne farten på våpensendingane til Ukraina, og helst avslå å hjelpe Ukraina med tyngre våpen, vil slutten på krigen kome raskare.

Dei ser ut til å meine at når Russland har okkupert alle dei ukrainske områda dei planla å ta over, vil det få all aggresjon til å ta slutt og bringe Ukraina til forhandlingsbordet, for så å plassere eit fait accompli framfor dei ukrainske leiarane: «Anten godtar de annekteringa av neste landområde, eller så held vi fram med å annektere meir.»

Russland har sin eigen plan, som omfattar øydelegginga av den staten som er kalla «Ukraina». Denne planen vart kunngjord i artikkelen «Kva Russland burde gjere med Ukraina», av den russiske politiske strategen Timofej Sergejtsev, offentleggjord av det statskontrollerte russiske nyheitsbyrået RIA Novosti 3. april i år, fem veker etter at den russiske aggresjonen byrja.

I Transkarpatia, eit område som har vore lite påverka av krigen til no, om ein ser vekk frå flaumen av internt fordrivne flyktningar, er programmet for «gateverving» sett i verk. Folk som driv med militær rekruttering, har byrja vitje hotell, mindre overnattingsstader og i det heile teke stader der interne flyktningar held til.

Utsendingane frå militæret skriv ut innkallingsordrar på staden til menn i rett alder og ber dei dra til næraste rekrutteringskontor og fullføre registreringa til militærteneste. Om ein er registrert på denne måten, vil ikkje det nødvendigvis seie at ein vert innrullert i armeen og send til fronten, men ein er eit steg nærare at det kan skje.

Rekrutteringsprosessen skaut fart etter at dei ukrainske styresmaktene for første gong offentleggjorde omtrentlege tal for tapa til den ukrainske hæren – rundt 10.000 døde. For ikkje lenge sidan vedgjekk president Zelenskyj at Ukraina mistar bortimot 100 stridande kvar dag, medan nesten 500 vert skadde. Det er kan hende ikkje så overraskande at mange mannlege interne flyktningar freistar å gøyme seg for rekrutterarane for å unngå å bli registrert.

I den fjerde månaden med krig er det ikkje like lett å bevare kampviljen i det ukrainske samfunnet som det var i byrjinga av kamphandlingane. Ved fronten er presset frå dei russiske styrkane nådelaust. Dei har 15–20 gonger så mykje artilleri som den ukrainske sida, og fleire soldatar òg. Men trass i dette er det ingen drastiske endringar i korleis frontlina ser ut.

På «Vestfronten», det vil seie krigen om narrativa i Europa, har Ukraina alt sigra over Russland. Det heng ukrainske flagg i sentrum av nesten kvar einaste europeiske by. Av og til heng det ukrainske flagget mellom flagga til medlemsstatane i EU – det er noko som særleg gleder og inspirerer ukrainarar.

Det gleder meg òg. Men eg ser ei anna meining i dette, som, kan hende, ikkje er nett så innlysande. Det vil kome ein augeblink da europeiske leiarar seier til Ukraina: «Det var det, vi kan ikkje hjelpe dykk lenger. Godta den russiske annekteringa av dei sørlege og austlege delane av landet, og til gjengjeld vil vi sleppe det som er att av Ukraina inn i Den europeiske unionen.»

Med utsikt til denne eventualiteten er det viktige spørsmålet for ukrainarane: «Kva vil vere att av Ukraina på det tidspunktet? Vil Odesa vere att? Vil Kharkiv vere att?»

Europeisk geopolitikk er den elegante kynismens kunst. Mange vil ikkje sjå noko kynisk i ei slik formulering av spørsmålet. Tvert imot, dei vil seie: «Der ser du, Den europeiske unionen berga dykk verkeleg frå Russland.»

Det er truleg for tidleg å tenkje på dette scenarioet, særleg om USA og Storbritannia enno ikkje er leie av å hjelpe Ukraina. Sjølv om president Biden, etter tre månader med krig, ikkje kunne halde seg frå å offentleg minne om korleis han hadde åtvara president Zelenskyj mot eit russisk åtak som heilt klart var i vente, og korleis den ukrainske presidenten ikkje hadde ønskt å lytte til han.

Samtidig er Zelenskyj, ifølgje Time Magazine, no eit av dei menneska i verda som har størst påverknadskraft. Sjølvsagt saman med president Biden. Og Ukraina er mykje meir enn berre eit velkjent land. Det må vere få vaksne i verda som ikkje veit kvar Ukraina ligg og kven landet er i krig med.

Det er framleis mykje snakk om Ukraina i internasjonale medium. Ukrainske flyktningar vert framleis hjelpte av europearar. Dei som sympatiserer med Ukraina, ser på landet som eit barn som har gått seg vill i ein svært farleg skog. Ein del moderne ukrainsk kunst forsterkar dette biletet.

I den internasjonale konkurransen i motorsagutskjering i Storbritannia i år var det ein skulptør frå Transkarpatia, Mykola Gleba, som vann førstepremien. Treskurden hans avbildar ein gråtande fem år gamal ukrainsk flyktninggut som har gått seg bort på den ukrainsk-polske grensa. Fotografiet av guten dukka opp i mange aviser over heile verda, og no har biletet blitt fanga i ein skulptur.

Denne krigen, til liks med kva blockbuster som helst, har eit marknadspotensial. Sjølvsagt er det opprørande å samanlikne marknadsføringa kring ein Shrek-film med «marknadsføring» knytt til ein krig. Men det er dei same økonomiske og kommersielle reglane som gjeld.

Ukraina vart populært takk vere denne krigen, takk vere den modige motstanden mot ein større og betre utstyrt angripar. Ukraina har blitt eit symbol på motstand mot kreftene til det vonde, eit symbol på kampen for sanning og rettferd. Dette er årsaka til at tusenvis av byar rundt omkring i verda har heist ukrainske flagg på torga i sentrum. Dette er årsaka til at vanlege folk i mange land byrja kjøpe ukrainske flagg og henge dei opp på balkongar og i vindauge.

Produksjonen av flagg må gå føre seg for fullt, for etterspurnaden har gått rett til vêrs. Vert flagga sydde i Kina? Sikkert, Kina er god på å reagere på bråe endringar i etterspurnad. I alle fall ser det ut til at flaggprodusentane ikkje maktar å hanskast med alle ordrane frå butikkar og nettbutikkar. For ein månad sidan klaga folk busette i Detroit og Washington til meg: Skal ein få kjøpt eit ukrainsk flagg i USA, lyt ein sende inn ei bestilling og vente i to veker.

I Frankrike, som eg nyss vende heim til Ukraina frå, har det oppstått eit anna problem. Det heng saman med mangelen på reisehandbøker om Ukraina. Nei, straumen av turistar til Ukraina har ikkje auka. Eg er viss på at det ikkje finst turistar frå Frankrike i Ukraina no. Men etter starten på krigen sprang franskmenn til bokhandlar og kjøpte opp alle reisehandbøkene om Ukraina fordi dei ville vite meir om landet, og ingen andre bøker om Ukraina var tilgjengelege på fransk. Det fanst ikkje mange reisehandbøker heller.

Som om dei ikkje vil ha noko å gjere med dei vrine sakene om Krym og delvis erobra Donbas, har ikkje franske forleggjarar gjeve ut nye reisehandbøker om Ukraina sidan 2014. No vil ikkje eit einaste forlagshus i verda vurdere å gje ut noko slikt.

Da alle dei gamle reisehandbøkene var kjøpte opp, gav interesserte franskmenn seg til å kjøpe opp alle kart over Ukraina. No finst korkje kart eller reisehandbøker. Og forleggjarar vil ikkje gjere noko med denne mangelen før dei får garantiar om at grensene til Ukraina ikkje vil endra seg på ei god stund.

Kven veit når dei kan få ein slik garanti, når naboen til Ukraina har lova å øydeleggje og gje nye namn til alle områda han okkuperer, slik at ordet Ukraina forsvinn frå geografien?

Men Ukraina kjem ikkje til å forsvinne, ikkje frå historiebøkene, ikkje frå kart og heller ikkje frå europeisk og global geopolitikk. Ukraina vil overleve fordi, mellom anna, hundretusenvis av ukrainarar slåst for det no, fordi hundrevis av millionar menneske over heile verda heiar på landet og uroar seg for det.

For nokre få dagar sidan, i den vestukrainske byen Rivne, stod fleire hundre menneske på kne på torget. Det er slik dei seier farvel til soldatar som er drepne i krigen. Denne gongen gravla Rivne den nestkommanderande for Rivnes forsvarsbataljon, kaptein Mykola Savtsjuk. Han vart det første offeret blant soldatane og offiserane i sin bataljon.

Samstundes var ei gravemaskin i arbeid i byparken i Rivne. Der vart sokkelen til eit monument riven, og knoklane etter den legendariske Den raude armeen-soldaten Aleko Dunditsj, som døydde i slaget om Rivne i 1920, 23 år gamal, vart gravne opp. Utan tilskodarar vart knoklane, som vart funne to meter under bakken, lagde i ein svart plastpose. Posen vart plassert i ei billig trekiste og frakta til kyrkjegarden i byen, der knoklane vart gravlagde på nytt. Dette var fjerde gongen bolsjeviken Aleko Dunditsj vart gravlagd.

Den første gravferda hans fann stad fem dagar etter at han døydde i kamp mot den polske hæren 5. juli 1920. Men snart vann Polen att Rivne, og byen var ein del av Polen til 1939. Polakkane grov opp kista med leivningane etter Aleko Dunditsj i 1927 og gravla dei på nytt på kyrkjegarden i Rivne. Da sovjetarane kom tilbake til Rivne etter krigen, vart leivningane etter den no legendariske bolsjevikkavaleristen gravlagde om att i byparken, og eit nytt monument vart reist for å markere staden.

Og no, 102 år etter at han døydde, har Aleko Dunditsj flytta igjen.

Aleko Dunditsj vart helten i historier av Isaac Babel og i ein roman av Aleksej Tolstoj. Filmar vart laga om han, skodespel vart skrivne. Han kalla seg sjølv serbar, sjølv om foreldra hans var katolske kroatar. Etter at han vart teken til fange av russiske soldatar under første verdskrigen, flykta han og slutta seg til bolsjevikar i Odesa.

Han kunne ikkje lese eller skrive, men vart ein av dei mest legendariske kommandørane i det bolsjevikiske kavaleriet – namngjeten for evna til å kutte fiendar med ein sabel «heilt ned til salen».

Om du kan mønstre motet som skal til for å sjå for deg russiske soldatar på nytt i byen Rivne, da kan du vere viss på at det ventar ei femte gravlegging for Aleko Dunditsj og ein retur til grava i byparken.

Eg vil ikkje tenkje på det, og eg håpar og trur at det aldri vil skje.

Den ferskaste regravlegginga av bolsjeviken Dunditsj kom etter krav frå innbyggjarane i byen, som har vore meir aktive i arbeidet med å fjerne spor etter kommunismen enn innbyggjarane i mange andre byar. Denne aktivismen kan forklarast med den uvanleg turbulente fortida til byen, eller kanskje er det ei spegling av det faktumet at mange av Rivnes menn og kvinner kjempa på frontlina i dei første dagane av den nye russiske aggresjonen.

Det var ei tid da biletet av Aleko Dunditsj vart nytta av Sovjet i marknadsføringa av propaganda. Samlarar kjøpte frimerke med biletet av han på, det var postkort med portrettet hans og til og med små gipsbyster av den berømte kavaleristen. No ligg alt dette nede i den djupe fortida, sjølv om eg nok kan tenkje meg at minneting om Dunditsj held seg i pris, særleg blant samlarar frå Russland.

I Ukraina er den mest vellukka marknadsføringa av krigsstoff så langt frimerket som er vigt til senkinga av det russiske krigsskipet «Moskva». Den ukrainske postetaten har klart å selje éin million eksemplar av frimerket, og ein del av inntekta frå salet går til den ukrainske hæren.

Ingen frimerke er vigde til ukrainske døde soldatar enno. Men i leiketøysbutikkar får ein kjøpt kosehunden Patron. Patron er blitt ein kjempesuksess. Den verkelege hunden Patron er det mest berømte dyret i Ukraina akkurat no. Han hjelper ukrainske mineryddarar med å finne russiske miner og udetonerte granatar.

Ein dag vil det bli laga ein film om Patron, og det vil utan tvil bli skrive ei bok om han òg. Men også i dag kjenner ukrainske born historia om han, dei elskar han og vil gjerne ha si eiga silkemjuke utgåve av helten.

Born følgjer også Patron på Instagram (ua.patron), der han lærer dei korleis dei kan verne seg sjølve om dei tilfeldigvis skulle støyte på ein eksplosiv gjenstand.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det vil kome ein augeblink da europeiske leiarar seier til Ukraina: «Det var det, vi kan ikkje hjelpe dykk lenger.»

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis