Krig
Om Russlands angrepskrig og «gjensidig demonisering»
Ein barnehage i Kharkiv vart treft av russiske dronar 22. oktober.
Foto: Sofiia Gatilova / Reuters / NTB
Kaj Skagen har svart på kritikken min (Dag og Tid 24. oktober) av dei lange essaya hans (Dag og Tid 4. og 11. oktober) om «nokre idémessige sider» ved det som, rett føre augo våre, går føre seg i Ukraina. Det som reint faktisk er stormakta sin erobringskrig mot ein svakare nabostat, gjer Skagen om til «religionskrig» og kulturkrig.
Skagen held fast ved at den faktiske krigen, altså den som handlar om menneske og ikkje berre idear, byrja 24. februar 2022. Spør dei ukrainske soldatane som alt frå sommaren 2014 kjempa i Aust-Ukraina mot regulære styrkar frå den russiske hæren om dei er samde i det: Svaret vil vera nei. Men for Skagen var dette ikkje Russlands krig. Den byrja først ti år seinare.
Skagen nektar no for at han har skrive at det var Ukraina som valde krigen. Men det har han. Her er Skagens eigne ord (Dag og Tid, 24. januar 2025): «Ved å gje opp Nato-medlemskapen og sikra rettane til den russisktalande minoriteten kunne Ukraina ha funne ein militær, politisk og økonomisk balanse mellom vest og aust som russarane hadde kunna akseptera. Men valet fell i røynda på krigen.»
Det Skagen her seier, «valet fell i røynda på krigen», er – korleis ein enn vrir og vender på det – at Ukraina hadde valet mellom krig og fred, og dei valde krig. Han seier ikkje at dei visste at Russland ville angripe (om han også meiner dette, veit eg ikkje), men det var valet deira som gjorde at Russland gjekk til angrep. Han gjev Ukraina ansvaret for at Russland utløyste fullskalangrepet. Uttrykket «i røynda» endrar ikkje på dette. Som om det ikkje var Putin, og ingen andre, som «valde krigen».
Faktisk stoppar ikkje Skagen der: Han gjev Ukraina, gjennom valet dei tok, ansvaret også for konsekvensane av krigen: «Kor mykje sorg har ikkje dette katastrofale valet av den i og for seg rettferdige krigen allereie skapt?»
Like lite som «i røynda» endrar meininga i det føre sitatet, endrar den halvhjarta kvalifikasjonen «den i og for seg rettferdige krigen» substansen i dette. Det var det «katastrofale valet» til Ukraina som utløyste krigen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.