Krig
    Sven Gabriel Holtsmarks krig
    
    
        
        Illustrasjon: Eduard Gurevich / Shutterstock / NTB
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    I tilsvaret til mitt essay «Ny religionskrig i gamalverda» innleier Sven Gabriel Holtsmark med å seia at «Kaj Skagen har igjen teke for seg Ukraina-krigen». Det er ikkje heilt presist. Som tittelen seier, er det nokre idémessige sider ved krigen eg tek for meg, ikkje heile krigen i alle aspekt. Eit anna hovudpoeng i essayet er faren for at Ukraina-krigen kan eskalera til ein europeisk storkrig, ikkje berre gjennom dei militære trefningane, men òg gjennom ei stadig meir uforsonleg haldning i den europeiske ålmenta.
Denne avgrensinga av tema i essayet har ikkje Holtsmark fått med seg. Det fører til at han nyttar ei heil avisside til å ramse opp alt det eg ikkje skriv om, som om dette er noko eg underslår eller forteier. Halve artikkelen hans handlar om kva eg ikkje skriv. Til dømes gjeld dette heile forhistoria til krigen.
Om essayet er ein «apologi», som Holtsmark skriv, så er det ein «apologi» eller eit forsvar for fred i ei tid då krigsstemninga vert stadig sterkare. Essayet er ikkje eit forsvar for Russlands krig, men eit forsvar for å dempa gjensidig demonisering og for å skjøna betre kva som driv motstandaren. Sluttar vi heilt med dette, aukar faren for ein større krig.
Holtsmark nyttar hermeteikn slik at lesaren må tru det er sitat frå essayet mitt. Dette er ikkje alltid tilfellet. Til dømes spør han om det er mi meining at «det var Ukraina som ’valde’ at Russland gjekk til angrep». Men ordet «valde» er berre nytta éin gong i essayet, der eg skriv at den franske esoterikaren Guénon «valde å bli sufist». Holtsmark, derimot, nyttar same omgrepet to gonger. Den andre gongen skriv han at «Ukraina ’valde’ krigen», atter i sitatteikn, som for å understreka at dette skal vera mi meining. Dette legg han vekt på, for etter å ha nytta «valde» i sitatteikn, seier han: «dette er Skagens ord i Dag og Tid 13. desember 2024». Datoen er rett, men ordet er ikkje mitt.
I essayet mitt gjev eg eit samandrag av tenkjemåtar i det russiske maktmiljøet. Eg oppgjev kjeldene mine til dette, fyrst og fremst dei franske Russlands-ekspertane Michel Eltchaninoff og Marlene Laruelle. Holtsmark kallar denne attgjevinga «ei velkjent romantiserande orientalisering av ’Russland’ og ’russaren’». Dette er ei heilt ny vurdering av arbeida til desse to akademikarane, men Holtsmark gjev ingen grunnar for denne strenge domen.
I staden går han rett over til å seia at «karikaturen av Vesten (er) som henta ut av Putins propaganda». Det er ikkje så rart, for det er mellom anna denne russiske propagandaen eller sjølvforståinga eg skildrar. Holtsmarks poeng ser ut til å vera at eg skulle dela det russiske maktmiljøets oppfatning av Vesten. Slik er det ikkje.
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.