Krig
Kaj Skagens krig
Illustrasjon: Eduard Gurevich / Shutterstock / NTB
Kaj Skagen har igjen teke for seg Ukraina-krigen (Dag og Tid 3. og 10. oktober 2025). Ein apologi er eit forsvar, og same kva Skagen måtte ha meint då han skreiv: Dei to tekstane utgjer eit forsvar for Russlands og Putins handlingar. Dei legg ansvaret for Russlands krigar på andre enn Russland sjølv.
På vegen dit hopar motsetnadene seg opp: Meiner Skagen at krigen har røtene sine i slavofilt tankegods? Men kjem den ikkje tvert om av Natos utviding austover? Bør vi vera redde for at krigen spreier seg til andre land enn Ukraina og Russland, eller er den internasjonale storkrigen allereie eit faktum? Stemmer ingenting av dette, for alt «krigssnakket» kjem eigentleg av at «massemedia overdriv faren for å slå mynt på han», altså krigsfrykta?
Er poenget at vi «ikkje kjenner oss trygge på at Ukraina-krigen er ein lokal konflikt mellom to land lenger nede i Europa», og derfor må vakna opp til det verkelege alvoret i saka? Til dette er å seia at all seriøs diskurs om Russlands krig mot Ukraina har hatt konsekvensane av krigen også for andre land enn Ukraina (og Russland) som eitt av utgangspunkta sine.
Prøver han igjen å seia at det var Ukraina, ikkje Russland, som «valde» at Russland gjekk til angrep? Ein absurd påstand – men dette er Skagens ord i Dag og Tid 13. desember 2024. For Skagen kom «byrjinga på krigen i Ukraina» med den russiske invasjonen i 2022, ikkje med Russlands dobbelte invasjon av Krym og Aust-Ukraina i 2014. Kvifor vel Skagen å omskriva historia på denne måten?
Kanskje er forklaringa at Skagen ser på Russlands overgrep og Ukrainas tragedie sidan 2014 som «ei relativt avgrensa handling i eit lite land» (same tekst 13. desember 2024). Dette seier mykje om Skagen sin russosentriske og stormaktsorienterte ståstad, men ingenting om korleis andre tenkjer.
Skagen har alltid hatt ein forkjærleik for å gripa til dei lange linjene i historia som forklaring på dagens politikk og dagens utfordringar. Denne gongen gjeld det årsakene til Ukraina-krigen, tidlegare gjaldt det mellom anna framveksten av det europeiske samarbeidet i etterkrigstida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.