JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Følgjene av den reelt eksisterande innvandringa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4806
20230818
4806
20230818

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Frankrike

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen stadfestar og utdjupar i innlegget i Dag og Tid 4. august 2023 at det verkeleg er hans oppfatning i høve opptøyane i Frankrike i juni at innvandring ikkje har noko med saka å gjere. Så oppglødd vert han av dei tala og den retorikken han legg fram, at det han avsluttar med å seie, inneber at innvandrarar i grunnen ikkje eksisterer i det heile i Frankrike. Det er eit land som er samansett gjennom tusen år av folk frå alle slags etnisitetar og bakgrunnar som er miksa saman på ein slik måte at det ikkje gir meining å skilje mellom gruppene som folkar landet.

Annleis kan eg ikkje lese han, og slik stadfestar han seg som den type intellektuell eg karakteriserte i overskrifta i mitt førre, polemiske innlegg: «Ein intellektuell er ein som kan bortforklare det openberre.» Slik gjer ein nok lukke både i akademia og i styringsverk, som til dømes i leiinga av politiet (både i Frankrike og i Noreg), men ein gjer den kulturen ein er glad i, ein bjørneteneste.

Douglas Murray skriv dette i etterordet til boka si Europas underlige død, ei djupt skakande framstilling av ein europeisk sivilisasjon som styrer i retning sjølvmord: «Som denne boken antyder, gjøres det hele tiden en innsats for å få folk til ikke å tro på det de kan bevitne i sine egne liv. Hensikten med denne boken er delvis å påpeke at slike utflukter ikke har noen hensikt. Det gir ingen mening å late som alt som skjer ikke utgjør den viktigste forandringen som er mulig av en kultur» (frå den norske utgåva, 2017, side 328).

At det handlar om ein grunnleggjande endring av kulturen, råkar òg Frankrike, av di landet dei siste 30–40 åra nettopp ikkje – slik som tidlegare i historia – har kunna integrere dei nytilkomne i det kulturelle og nasjonale fellesskapet definert som Frankrike, noko som vart erkjent i ein rapport til regjeringa frå Integrasjonsrådet (Haute Conseil à l intégration) i 2011.

Problema handlar aller mest om at innvandrarar frå visse kulturar i stor grad ikkje ønskjer å verte integrerte i det franske republikanske verdiuniverset. Og at dei vidarefører sine haldningar til neste generasjon. At dei får fransk statsborgarskap, endrar ikkje dette.

Le Figaro kunne den 8. september 2020 publisere ei meiningsmåling under tittelen «Unge muslimar er meir radikale enn dei eldre» som synte at 74 prosent av franske muslimar under 25 år seier at dei set islam føre republikken. Ei anna talande meiningsmåling er frå oktober 2021, utført av instituttet IFOP knapt eitt år etter den grufulle halshogginga av læraren Samuel Paty av ein ung muslimsk innvandrar som meinte Paty fortente ein slik skjebne av di han hadde håna profeten Muhammed ved å syne karikaturteikningar i klasserommet. Her kjem det fram at 38 prosent av muslimar mellom 18 og 30 år ikkje vil fordøme handlinga utan atterhald. 50 prosent av dei spurde muslimane meinte det å vise teikningane var ein islamofobisk handling.

Ta òg med tal som viser at i Frankrike vert kyrkjer utsette for vandalisme langt oftare enn i noko anna europeisk land.

Slike tal vitnar om at det finst eit hat og ei forakt mot det franske samfunnet der ute som ikkje kan forklarast med sosioøkonomiske tilhøve. Når menneske med slike haldningar samlar seg i forstadene til storbyar, får vi fenomenet ZUS («sårbare urbane soner»), som det finnast 750 av i Frankrike, og der «ungdomsopptøyar» som vi nett såg, har sitt utspring.

Motsett Nicolaysen si grovt forteikna forteljing om ein stat som berre satsar på valdsapparatet, vert desse tilførte store ressursar frå den franske staten. Etter kvar runde med opptøyar opp gjennom dei siste 20–30 åra har nye kostesame program vorte iverksette, samstundes som ein har freista koma i møte skuldingar om rasisme ved å vise serskilt atterhald frå både politiet og rettsvesenet sin side.

Dei mange hundretusen illegale bidreg sjølvsagt betrakteleg – kva enn Nicolaysen seier – både til den sosiale spenninga og til statens kostnadar, til dømes til helsetenester desse mottek gjennom det statlege organet AME. Dei oppheld seg ikkje berre i «junglar» men i stort tal i dei nemnde forstadene.

Dette leier meg til den type protestar som dei gule vestane representerer. Dette er ikkje eit fenomen med dei same røtene som dei opptøyane vi snakkar om, slik Nicolaysen vil ha det til. Dei gule vestane var den franske, fremst rurale arbeidar- og middelklassa sin protest mot ei regjering som prioriterer dei mykje lågare enn politikarklassa sine favoriserte saker, mellom dei nettopp innvandring og freistnad på å kome islam i møte.

Kostnadene ved denne politikken blir – på mange nivå – bore uforholdsmessig av arbeidar- og middelklassa. Om protestane rettar seg mot styremaktene i båe høve, er det knapt nok tale om eit interessefellesskap.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis