JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Klassisk filmmusikk i ny drakt

Norma Winstone lar seg ikkje kua av tung tradisjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1873
20180316
1873
20180316

Jazz

Norma Win-
stone:

Descansado Songs for Films

Norma Winstone, vokal; Glauco Venier, piano; Klaus Gesing, sopransaks og bassklarinett; Helge Andreas Norbakken, perkusjon; Mario Brunello, cello
ECM 2567

Norma Winstone (77) har ein platekarriere som går attende til 1969. Seinare har ho samarbeidd med dei fleste store namna i britisk jazz. Mest kjend er ho truleg for innspelingane med trioen Azimuth, der trompetaren Kenny Wheeler og pianist og ektemann John Taylor var dei to andre medlemmene. Trioen eksisterte i 23 år frå 1977. Etter tusenårsskiftet har ho samarbeidd kontinuerleg med den italienske pianisten Glauco Venier og den tyske saksofonisten og klarinettisten Klaus Gesing.

Taxidriver

Descansado er forteljekunst på aller øvste hylle. Filmmusikkikon som blant andre Nino Rota, Michel Legrand, Ennio Morricone, Armando Trovajoli og William Walton har levert musikken. Winstone, som også er ein glimrande lyrikar, har skrive tekst til nokre instrumentallåtar, mellom andre Taxi Driver-temaet til Bernard Herrmann og tittelkuttet som Trovajoli skreiv til komedien Ieri, Oggi, Domani. Winstone har erstatta den smått teatralske altsaksfraseringa i Taxi Driver-temaet med ein tekst og eit tilhøyrande arrangement fylt av truverdig tristesse. Den lettbeinte sambaen til Trovajoli er transformert til ein vemodsfylt og harmonisk ambivalent refleksjon i medium tempo.

Finkalibrert

Arrangementa er enkle og perfekt tilpassa Winstones vokale uttrykk. Det blir spelt med ein finkalibrert dynamikk som gjer at tekstane står klart og tydeleg fram. Norma Winstone og musikarane hennar har greidd å forma om filmhistoriske musikalske relikviar til nye og aktuelle forteljingar. Spanande, rett og slett!

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis