Hegge med kremlag
Bandet viser at souljazzen lever i beste velgåande.
Bjørn Marius Hegge i spissen for bandet som spelar 60-talsjazz.
Foto: Thor Egil Leirtrø
JAZZ
HEGGE:
Vi är ledsna men du får inte längre vara barn
Martin Myhre Olsen, alt-, sopran- og barytonsaks; Jonas Kullhammar, tenor- og barytonsaks; Vigleik Storaas, piano; Bjørn Marius Hegge, bass; Håkon Mjøset Johansen, trommer.
PARTICULAR RECORDINGS p!8
Den trondheimsbaserte bassisten Bjørn Marius Hegge har samla eit svensk-norsk kremlag for å framføra sju originale Hegge-komposisjonar. Alle låtane er påverka av jazzuttrykk som dukka opp i USA på 1960-talet. Faktisk er det enkelt å finna ganske konkrete referansar til artistar og låtar, men desse spora attende i jazzsoga reduserer ikkje verdien av det som er komponert, og langt mindre det som blir spelt.
Ein fot i tradisjonen, men eit blikk retta framover, heiter det i vaskesetelen. Det er eigentleg ei fin oppsummering. Det samtidige, eller blikket framover om ein vil, er først og fremst representert ved ei overflod av kreative soloar. Både Kullhammar og Storaas er i kjempeslag, men også den andre ungdomen i laget, Olsen, er med på notane. Hegge kunne ikkje valt seg betre makker enn Johansen. Sistnemnde har den eineståande evna å skifta mellom det lause og tilbakelente og vera stram og presis i neste augneblink. Alt dette utan at det blir bunde og føreseieleg.
Låten «Finally» er meir enn eit audmjukt bukk i retning Ornette Colemans «Eventually». Her har Hegge lånt ganske frimodig av førebiletet, men det funkar som berre det fordi solistane fører låten i ei heilt anna retning enn førebiletet. Storaas tek det heilt ned og innleier koret sitt litt Jan Johansson’sk. Ein ser konturane av Cannonball Adderly i «My Bromance», og Horace Silvers ånd svevar over vatna i «Whose Bassline Is It Anyway». Det er noko triveleg og attkjenneleg ved musikken, men her blir det spelt som om noko står på spel, og då lever musikken i beste velgåande.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.