JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Livet utan Judy

Andy Shauf inviterer oss med på bar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Andy Shauf reindyrkar det ein kan kalle ein novellistisk impuls.

Foto: Station 2

2966
20200124
2966
20200124

Rock

Andy Shauf:

The Neon Skyline

Anti-/Playground

Kva gjer du når kvelden framføre deg verkar endelaus og tom, og alt du kan tenkje på, er Judy, som ikkje er hos deg lenger? Du ringer Charlie og spør om han vil treffast og ta nokre glas på The Neon Skyline, der Rose alltid veit kva du vil ha idet du kjem inn døra.

Slik slentrar The Neon Skyline seg i gang, den nye sjarmerande plata til kanadiske Andy Shauf. Det dreier seg om eit konseptalbum, for alle songane her sirklar inn det nye livet til forteljaren etter Judy, og alle dei både forventa og overraskande spørsmåla som melder seg i ein slik omveltande livssituasjon. Når det også viser seg at Judy er tilbake i byen, skapar det si eiga, underliggjande uro som utgjer ein slags narrativ motor på The Neon Skyline.

Observatør

Fire år har gått sidan Shauf gav ut The Party, som eg på desse sidene løfta fram som ambisiøst lommesymfonisk, for jammen om ikkje Shauf spela alle instrumenta sjølv. Eg var ikkje åleine om å høyre ekko frå 1970-åra og trekkje liner til Steely Dan, Randy Newman og Harry Nilsson. The Neon Skyline viser seg også å vere laga av Shauf åleine.

The Party er eit kløktig og originalt konseptalbum. Alle songane nærmar seg det som utspeler seg på ein fest i løpet av éin einaste kveld. Med dette utgangspunktet teikna Shauf nokre bilete av typiske opptrinn dei fleste vil kjenne frå festar dei har vore på, og av typar det er lett å kjenne att – som karen i «Early To The Party», som dukkar opp altfor tidleg. På The Party stig Shaufs forteljar fram mellom linene, slik den som ytrar noko om andre, til slutt også uunngåeleg fortel noko om seg sjølv.

Slik er det også på The Neon Skyline, som igjen gir røyst til observatøren som forteljar. Det er eit tydeleg slektskap mellom utgivingane. Også denne gongen held Shauf seg innanfor rammene av éin einaste kveld: Kjem Judy til å dukke opp?

God låtskrivar

Shauf er ein knakande god låtskrivar. Han reindyrkar det ein kan kalle ein novellistisk impuls, for The Neon Skyline er ei samling stemningar og korte historier, der det anekdotiske råstoffet er treffsikkert tilpassa songen som uttrykk.

Han har dessutan sans for å løfte fram det komiske i det tragiske, som i lakoniske «Thirteen Hours», eit fortrengt minne frå livet med Judy. Tittelen gir oss talet på timar ho sat i eit fly utan å få sove, før dei to tok drosje frå flyplassen saman. Vel framme og på veg ut synest nok Judy at forteljaren er vel gniten med tipset. Ho spring tilbake for å gi sjåføren litt meir, og vert i døgnvilla påkøyrd. Ho endar på sjukehus med broten hand og knekte ribbein – ei ulukke ho klandrar vår mann, den elendige tipsaren, for.

Ein kan med andre ord setje seg i godstolen med The Neon Skyline som om det var ei god bok. Og det må du gjere dersom du lurer på om Judy dukkar opp utpå kvelden, for det avslører eg ikkje her.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis