JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Trøndersk prosodi

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tida går.

Tida går.

Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix

3540
20170602
3540
20170602

Dei som ikkje veit kva det siste ordet i tittelen tyder, vert klokare om dei les dette til ende. Det er betre enn å måtta slå seg til ro med ei omsetjing: Trykkrytme i talespråk, spesielt når trykkrytmen er meiningsskiljande.

Fenomenet finst òg i meir lågkulturelle variantar av norsk, som normert bokmål og normert nynorsk, men meir sjeldan. «Ho drog til HAN», med trykk på ‘han’, tyder at ho forflytta seg til ein mannsperson, og la oss vona at dei begge fekk glede av det. «Ho DROG til han», med svært lett trykk på ‘han’, tyder noko heilt anna, anten klasken var velfortent eller ikkje.

Vi skal ta ein omveg før vi kjem til poenget, men gi tol, vi kjem dit.

I mange år vart eg utsett for godsleg, med vedvarande småmobbing frå ein filolog som meinte at eg hadde svikta og svike barndomsspråket mitt ved å tala nokolunde normert bokmål etter at eg busette meg i hovudstaden. Kvar gong svara eg, så tolmodig eg makta, at eg først trudde eg kunne snakka inntrøndersk i Oslo, for eit så greitt språk måtte da sjølv dei innfødde forstå. Det viste seg at dei ikkje gjorde det, og den første tida mi i byen var eg under utdanning til tolk. Det er lite poeng i tolking dersom ingen skjønar kva tolken seier, og difor gjekk eg over til fleirtalsmålet.

Kvar gong svara han at det var berre noko eg trudde; «dei skjønar trøndersk her i byen», sa han.

Kvar gong svara eg at dei ikkje gjorde det, at eg snakkar dialekten min når dei eg snakkar med eller til, er frå Trøndelag. Eg la til – kvar gong – at eg synest danskane burde forstå norsk, men det gjer dei stort sett ikkje, og difor snakkar eg dansk når eg er i Danmark. Det gjer eg utan å ha noka kjensle av at det er eit svik mot fedrelandet.

Han ville ikkje gi seg. Dette er ein nynorskmann som står fast både på og i meiningane sine og snakkar nynorsk med stort hell i Oslo-området. Og til slutt sa eg: «No skal du få ei utsegn på inntrøndersk, og så skal du fortelja meg kva det betyr.» Det var han med på. «Høyr godt etter», la eg til, «for dette er ikkje lett». Jau, han høyrde etter.

«Li’e my», sa eg.

«Kvaffornoko?»

«Li’e my.»

«Det må vera ei svært sjeldan setning.»

– Ikkje prøv deg med den, det er ein heilt vanleg uttrykksmåte; om du er 48 timar i Inntrøndelag i vanlege situasjonar, vil du høyra dette eit dusin gonger.

Han bad om enda ein repetisjon. Så gav han opp, og sidan har eg fått vera i fred. Han skjønar at inntrøndersk er for vanskeleg for fleire enn dei som har litt tungt for det.

«Li’e my» vert «Lir det mykje?», altså «Kor mange er klokka?» Prosodien kjem inn på denne måten: «Vart det SEINT?», med trykk på ‘seint’, tyder «det som står», altså «vart det seint?» – eit ja-nei-spørsmål. Med uttalen «VART det seint?», og stigande tone på dei to siste orda, går det over til å vera eit kor-mykje-spørsmål, altså «kor seint vart det?» Olav Duun brukar dette prosodiske fenomenet i nokre replikkar, og for folk som ikkje kjenner til det, vert setningane vanskelege.

For ti år sidan heldt eg 17. mai-tale i Steinkjer, og eg snakka sjølvsagt inntrøndersk. Så vart eg intervjua i lokalfjernsynet, og det var ingen grunn til å skifta tungemål. Men seint på kvelden sende dei utdrag av intervjuet på riksnettet – Steinkjer hadde 150-årsjubileum som by.

Fem av venninnene til kona mi ringde henne dagen etter og var sure: «Vi såg mannen din på TV i går og skjøna ikkje eitt ord av kva han sa. Du må da vel seia til han at han ikkje kan snakka slik.»

PER EGIL HEGGE

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis