JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Danmark
som tropemakt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein mann klatrar dei 99 trappetrinna som er mura av ballaststein frå danske slaveskip.  og får utsyn over Charlotte Amalie hamn på St. Thomas.

Foto: Brennan Linsley/NTB scanpix

3577
20170331
3577
20170331

Det er ikkje så lett for regjeringssjefar å få gjort det som gjerast skal på kontoret heime. No i helga var den danske statsministeren i Roma for å feira 60-årsdagen for Roma-traktaten saman med 26 andre. Denne helga er han i den meir eller mindre danske byen Charlotte Amalie på St. Thomas.

Der, i det som før heitte Dansk Vestindia, skal Lars Løkke Rasmussen, som gamal imperialistisk koloniherre, vera med på markeringa av 100-årsdagen for overdraginga av dei danske øyane til USA.

Reiseprogrammet hans i mars fortel mykje om kor internasjonale dei danske grannane våre har vore og er, jamvel om 40 prosent røysta nei i 1972, da fleirtalet sa ja til å gå inn i det som no er EU. I 1992 høgtida dei 75-årsdagen for overdragingsavtalen med amerikanarane, og da var det utanriksminister Uffe Ellemann-Jensen som representerte seljarane.

Noko av det underlegaste som hende under den historiske høgtida, var ikkje det rufsute danske jazzensemblet Karlekammeret, som vart frakta rundt i hestevogn og spela munter Dixieland. Det var eit amerikansk militærkorps som spela den militære og krigerske av dei to danske nasjonalsongane. Ikkje «Der er et yndigt Land» med brede Bøge og salten Østerstrand, men «Kong Christian stod ved højen mast» og brukte sverdet så «Fjendens Hjelm og Hjerne brast».

Ved sida av meg sto ei godt vaksen kvinne frå St. Thomas, tannlaus og med ein hudfarge som viste at ho var etterkommar etter dei slavane som danske og norske sjøfolk frakta frå det som no er Ghana, til dei vestindiske øyane. Dette var ein trekant med frakt i tre stafettetappar: Danske embetsmenn frå Danmark til Gullkysten, (der dei bygde festninga Christiansborg, og der mange av dei bukka under for tropesjukdomar og fyll), slavar frå Gullkysten til sukkerplantasjane på St. Thomas, St. John og St. Croix, og sukker og rom frå øyriket til København.

Midt ute i andre verset av «Kong Christian» stemde ho i med klår røyst og god dansk uttale. Eg sto i ein flokk med danskar, og vi spurde henne etterpå korleis ho hadde berga danskkunnskapane sine.

Ho var like overraska som vi var: «Eg visste ikkje at eg hugsa orda før korpset byrja spela», sa ho. Jau, ho hadde sunge «Kong Christian» på grunnskolen heilt til pensumet brått vart lagt om i 1918.

Danskane sleit med å få amerikanarane til å kjøpa dei tre øyane. Danmark ville selja i 1865, for etter at slaveriet var avskaffa, lønte ikkje sukkerproduksjonen seg. Amerikanarane kjøpte Alaska i staden, og sju millionar gullrublar hamna i den russiske statskassa. Låg kvadratmeterpris, men i Washington vart utanriksminister Seward grundig mobba for handelen, og i nekrologane over han sto det mykje om «Sewards isboks». I alle fall var det ikkje pengar til danskane. Etter borgarkrigen var det amerikanske budsjettet alt anna enn romsleg.

Eit halvsekel seinare var det meste annleis. Våren 1917 gjekk USA med i krigen mot Tyskland. Tanken på at keisar Wilhelm kunne ta øyane og bruka dei som base for åtak på den nye Panama-kanalen, smurde tingingane godt.

Men enno er dei fleste gatenamna danske, og byane heiter Charlotte Amalie etter ei dansk dronning, for ikkje å gløyma Frederiksted og Christiansted.

Når det ikkje kjem ein fælsleg karibisk seinsommar-orkan, som det gjer om lag kvart femte år, er dette framleis ein dansk-amerikansk idyll, jamvel om det no berre er dei danske turistane som hugsar «Kong Christian». Det står ei lita luthersk kyrkje der. Dit skal nok Løkke Rasmussen søndag 2. april.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Kong Christian stod ved højen mast»
og brukte sverdet så «Fjendens Hjelm
og Hjerne brast».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis