Film
Vår popkornven, dinosauren
Det er heldigvis kjekt å kveppa av skrekkøgler på lerretet igjen.
Bechir Sylvain som Leclerc, Jonathan Bailey som Dr. Henry Loomis og Scarlett Johansson som Zora Bennett i filmen regissert av Gareth Edwards.
Foto: Jasin Boland / Universal Pictures
Legemiddelindustrien, her ved Krebs (Friend), hankar inn leigesoldat Zora (Johansson), leigeskipper Duncan (Ali) og leigeprofessor Loomis (Bailey) og set kursen mot Surinam, der dei siste ville dinosaurane held til. Det gjer også etterleivningane av labrotta D-REX.
Undervegs må dei plukka opp ein havarert familie som var på båttur over Atlanteren, men vart overraska av den symjande mosasauren, tilfeldigvis ein av dei tre artane leigeteamet er på jakt etter.
Oppskrifteleg
Dinosaurfranchisen etter Jurassic Park (1993) er komen opp i sjuande filmen no. Professorar og eventyrarar går saman som hand i hanske, helst med ein småbarnsfamilie inn i miksen, og det er oppskrifta etter fyrstefilmen – med same manusforfattar, David Koepp – som her er følgd til punkt og prikke. Resultatet er føreseieleg, så om du likte fyrste filmen, kjem du til å... vel, om ikkje elska, så i alle fall kosa deg med denne.
Arroganse og mangel på empati vert straffa, men også dei gode må bøta med livet, men sjølvsagt berre dei perifere. No er det nokre tiår sidan eg såg dei to fyrste, så problemstillingane i verda har nok endra seg. Den klassisk pene og dermed bebrilla professoren påpeikar at me som er det mest intelligente vesenet på planeten nokosinne, også er den einaste arten som ser ut til å klara å utrydda oss sjølve.
Legemiddelindustrien er fienden i Jurassic World: Rebirth, ikkje fordi heltane er vaksinemotstandarar, men fordi open source skal syta for at alle i verda får tilgang til same medisinar. For ein nydeleg, godhjarta naivitet!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.