Film

Kairo, kvifor?

Tarik Saleh avsluttar Kairo-trilogien sin med ein artig politisk thriller med brutalt bakteppe og melodrama.

Den folkekjæraste skodespelaren i Egypt, George Fahmy (Fares Fares), blir tvinga til å spele hovudrolla i ein film som styresmaktene har tinga.
Publisert Sist oppdatert

George Fahmy (Fares) er «lerretets Farao», ei superstjerne i egyptisk film. Skjørtejegeren er i lag med skodespelaren Donya (Khoudri), på alder med sonen. Framande Suzanne (Triki) lurar på om Fahmy er kunstnar eller patriot då det sjølvopptatte ikonet får tilbod om å spele president Abdel Fattah al-Sisi.

Fahmy lyt lyde. Kollegaen Rula (Dabis) har blitt vitja av dei. I bakgrunnen vaker Mansour (Waked), som skal sikre at diktatoren blir nøgd. Tittelen refererer til slike som er på vakt for makta.

Pisk og propaganda

Den svenske filmskaparen Tarik Saleh er utestengd frå Egypt, heimlandet til faren. Eagles of the Republic avsluttar ein thrillertrilogi der Saleh skildrar maktstrukturar der. Cairo Confidential eller The Nile Hilton Incident (2017) er ein tradisjonell politisk thriller om skuggesider hjå politi og rettsvesen. Den stilfulle og komplekse Boy from Heaven (2022) knytte religion og utdanningsinstitusjonar til politisk makt. Når Saleh no gyv laus på filmbransjen, har han kasta hanskane heilt.

Filmen er meir smart enn subtil. Som ein i filmteamet seier, må dei måle faraoen medan han er i live. Dette gjeld filmen vi ser òg. Må Fahmy spele med hår? Al-Sisi har jo vore skalla sidan barnehagen, seier han. Diktatoren er støtt på plass på fjernsyn og i dialogen. Nokre pratar om plasseringa av historia i høve til revolusjonen. Fahmy blir klandra for å bry seg om menneskerettar og demokrati. Ein har sensurmøte om kva som er synd. Korkje koptisk kristne eller muslimar slepp unna. Alle får svi av Saleh.

Tittelen på filmen i filmen er Folkets vilje. Tankane blir leidde mot Leni Riefenstahl. Rammene er grufulle. Egypt er i verdseliten når det gjeld politiske fangar. Al-Sisi og hans militære kollegaar har faktisk kjøpt opp mykje av film- og fjernsynsbransjen og laga ein serie der ein kjekkas spelar tyrannen. Det låttelegaste er altså tatt rett frå røynda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement