Rask mote
Kinesiske klede av italiensk fabrikat
PRATO: EU vil ha industriproduksjonen tilbake til Europa for å gjere oss mindre avhengige av Kina. Så kva gjer Kina? Dei overtek produksjonsapparatet innanfor EUs grenser.
Det er kring 7000 tekstilverksemder i Prato i Italia. Bilete er frå ein fabrikk i Spania.
Illustrasjonsfoto: Jesus Sancho Rodriguez / AP / NTB
Får du ikkje lese heile artikkelen? Du må ha komplett eller digitalt abonnement for å få tilgang. Gå til dagogtid.no/EndreTinging.
Ved første augekast ser Prato i Toscana ut
som ein typisk italiensk by. I gamlebyen er det fine torg, hyggjelege
restaurantar, kaffibarar, klesbutikkar og kyrkjer. Og den vakre renessansearkitekturen
kan minne om den vi finn i storebroren Firenze, som ligg ein halvtimes biltur
unna.
Men utanfor dei gamle bymurane ser det annleis ut. Der bur det rundt
50.000 kinesarar – ein firedel av innbyggjartalet i byen. Og i Pratos store Chinatown
er det fleire hundre kinesiske butikkar, serviceverksemder og matstader. Det er
lett å gløyme at ein faktisk er i Italia.
Det er ein grunn til at alle desse kinesarane er i Prato. Ein stor del
av dei jobbar i tekstilindustrien i byen. På nokre få tiår har dei snudd opp
ned på den bransjen som i uminnelege tider har vore kjernen i den lokale
identiteten. Prato er midtpunktet for den tradisjonsrike klesproduksjonen i
Italia, men det italienske innslaget har blitt stadig meir utvaska.
Ein anslår at det er 7000 tekstilverksemder i Prato. 5000 av desse er i
dag på kinesiske hender. Store italienske merkevarer er avhengige av dei
kinesiske produsentane, som kan lage kleda til ein brøkdel av prisen som
tradisjonelle italienske produsentar tek.
Forretningsmodellen er kontroversiell. Han baserer seg på kinesisk kapital, kinesiske forsyningskjeder og på
billeg – ofte illegal – arbeidskraft.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.