Forteljingar om frykt – kvardagsliv i skuggen av krigen

Krigen som straff og sjølvdrap

Når ein ikkje bryr seg, ei heller om seg og sitt, er vegen til slagmarka kort.

Publisert Sist oppdatert

For fjorten dagar sidan låg eg i vegkanten i eit skogholt. Å ligge i det våte lauvet i haustmørket, sjå opp på ein overskya himmel og tenke på kor uendeleg alt er, er generelt sunt og givande. Men denne gongen var det ikkje særleg idyllisk. Eg var drita full.

Eg er ikkje ung, og det er lenge sidan eg slutta å tillate meg å halde på slik, men denne dagen, eller natta, hadde eg ein særskilt grunn. Eg møtte nokre venner på ein pub. Eg skulle ikkje bli så lenge, men så kom det fleire eg kjende. Dei var der for å ta ein øl i lag med ein som hadde verva seg: Dagen før hadde han skrive under på kontrakten med forsvarsdepartementet, og neste morgon skulle han dra i krigen.

Det kom overraskande på alle, og vi forstod at det ikkje var gjennomtenkt, for han har aldri brydd seg om forholdet mellom Russland og Ukraina. Ingen av oss ville at han skulle dra.

Derfor klekte vi ut ein genial plan. (Han verka iallfall genial der og då.) Vi fann ut, etter å ha gitt opp å prøve å overtale han, at vi – liksom uheldigvis – skulle skjenke han så full at han ikkje ville vere i stand til å komme seg ut av senga og rekke toget.

Det er klart: Sidan han hadde skrive under, ville han bli nøydd til å enten flykte eller sone. Men det var ikkje noko problem, tenkte vi. Russland er eit digert land. Som eg har skrive før, er det mogleg å forsvinne i det. Og moralsk sett verkar det betre å sitte inne enn å krige.

Vi mislykkast av meir trivielle årsaker: Vi blei alle overstadig fulle. Sjølv gjekk eg heimover utpå morgonkvisten, men tumla ned ei skråning. Ein annan klarte å bestille drosje til feil adresse i utkanten av byen. Han som hadde verva seg, stod opp då han skulle, som om ingenting hadde hendt, og drog. For eit par dagar sidan forsvann han frå nettet. Då han nådde stridssona, blei telefonen tatt frå han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement