Operation Southern Spear
USA har væpna styrkar i Karibia
Trump-tilhengjarane rosar sjefen sin for å halde tett om kva han eigentleg er ute etter i Karibia. Det er uklart kor langt denne offensiven vil gå.
Den amerikanske marinen Gerald R. Ford Carrier Strike Group, med mellom anna hangarskipet USS «Gerald R. Ford» i tillegg til fly frå luftforsvaret, seglar mot Det karibiske havet 13. november 2025.
Foto: US Navy / NTB
Donald Trump kom med ei kort fråsegn om stoda i Karibia då han var på veg til Florida i Air
Force One. «Eg har vel eigentleg bestemt meg», sa han under flyturen på
fredag.
Han skulle som vanleg til Mar-a-Lago for å
spele golf i helga. «Eg kan ikkje seie kva det handlar om, men i Venezuela har
vi gjort store framsteg i kampen mot narkotikasmuglinga.»
Kva er det eigentleg presidenten har
bestemt seg for? Skal ein gå til direkte åtak på Venezuela? Skal ein styrte president
Nicolás Maduro med våpenmakt, eller hente han med kamphelikopter, slik ein
gjorde med Manuel Noriega i Panama i 1989? Før avreise hadde Trump tydelegvis
rådført seg med visepresident J.D. Vance, forsvarsminister Pete Hegseth,
utanriksminister Marco Rubio, visestabssjef Stephen Miller og general Dan
Caine, som leier dei væpna styrkane.
Den siste amerikanske invasjonen i
Karibia gjekk føre seg i 1983 på Grenada
Under møtet i strategirommet skal dei ha
lagt fram «fleire
ulike alternativ» for den øvstkommanderande,
skriv Washington Post, og viser til ei regjeringskjelde. Trump skal vere
«flink til å halde tett om val av strategi, og han informerer heller aldri motstandarane
om kva det neste trekket hans blir».
I første omgang får vi altså ikkje svar på
dette spørsmålet: Kvifor har den amerikanske marinen så store styrkar utanfor
den venezuelanske kysten?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.