Film
Heimsøkt hund
Ein fantastisk rolleprestasjon av hunden Indy bergar ein ujamn indiegrøssar.
Hunden Indy har hovudrolla i filmen.
Foto: Storytelling Media
Indy (Indy) er hunden til skrale Todd (Jensen), som hostar blod. Systera Vera (Friedman) er uroa. Ho likar ikkje at Todd tar med seg Indy til huset i skogen der bestefaren (Fessenden) døydde under rare tilhøve. Ho hevdar at huset er heimsøkt.
Alle i familien har døydd der, helst i ung alder, og hundar plar forsvinne. Indy ser skuggar. Todd seier det ikkje er noko der ute. Musikken levnar liten tvil om at vi ser ein skrekkfilm, så det spørst.
Flink bisk
I hovudrolla brukar regissør Ben Leonberg sin eigen hund Indy, ein nova scotia duck tolling retriever. Den lodne krabaten gjer ein formidabel jobb. Eit rikt register av uttrykk strålar frå augo og i kroppsspråket. Det er godt gjort å lure oss til å tru at hunden reagerer på det vi ser.
Iscenesettinga imponerer. Klippen er meir effektfull enn velsmurd. Etter rykta skal dei ha filma i tre år for å få filmskaparens bestevenn til å blomstre. Kamera held strengt på perspektivet til den firbeinte.
Heldigvis blir det laga stadig fleire filmar med dyr i sentrum. Den kinesiske spelefilmen Black Dog av Hu Guan gjekk på kino i vår, og skapte karakterutvikling for tittelhunden i ei sentral birolle. Dokumentarfilmar som Los Reyes (2018) av Bettina Perut og Iván Osnovikoff frå Santiago de Chile og Stray (2020) av Elizabeth Lo frå Istanbul tok perspektivet til laushundar på alvor med stilistisk styrke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.