Film

Resirkuleringsmoro

Men nokre gonger er det godt nok å berre gå på kino og kosa seg.
 

Glen Powell i rolla som Ben Richards, som har fått sparken og i desperasjon prøver å tena pengar til den sjuke dottera.
Publisert Sist oppdatert

Livet er hardt i Slumside, Co-op City. Ben Richards (Powell) har fått sparken frå jobben sin, og i desperasjon for å tena pengar til den sjuke dottera melder han seg på det dødelege realityshowet The Running Man.

I tretti dagar skal han unngå å bli drepen ved å skjula seg så godt han kan, samtidig som TV-nettverkssjef Killian (Brolin) oppmodar publikum om å tysta på han mot pengar.

1982–1984–1987

Åttitalet vender tilbake nok ein gong, denne gongen i form av actionfilmen The Running Man (1987), opphavleg ein sci-fi-roman frå 1982 av Stephen King, under psevdonymet Richard Bachman. Nok ein gong går Hollywood heller for resirkulering enn nytenking, noko som strengt talt ikkje er noko å applaudera utanom som klimatiltak.

Men eg kan verkeleg forstå freistinga for manusforfattar og regissør Edgar Wright – Stephen King skreiv på sett og vis ein slags oppdatert 1984, og viss noko passar godt inn i dagens overvakingssamfunn og mediestyrte røynd, så er det vel tankane og ideane til George Orwell. At Wright såg Arnold Schwarzenegger i hovudrolla i 1987, er høgst sannsynleg, og når han no har teke steget over Atlanteren etter den britiske storsuksessen med trilogien Shaun of the Dead (2004), Hot Fuzz (2007) og The World´s End (2013), så kan eg berre sjå for meg stjernene i auga hans over å slå seg laus med stort budsjett og nostalgi frå øvste hylle.

Powell to the people

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement