Austerrike
Keisarfamilien som aldri forsvann
107 år etter at habsburgarriket kollapsa, har etterkomarane etter den austerrikske keisaren framleis uformell makt.
I midten av oktober kunne wienarane sjå det som må ha fortona seg som eit spøkelse frå fortida: ein prosesjon av kappekledde kvinner og menn på veg gjennom dei tronge gateløpa i gamlebyen, til messe i hoffkapellet i keisarslottet Hofburg. Midt mellom dei gjekk hovudpersonen i opptoget, Karl von Habsburg, soneson av den siste keisaren. I følget rundt han var alle medlemmar av St. Georgs-ordenen, eit motsvar til St. Olavs orden, som den deklasserte keisarfamilien framleis deler ut, både i Austerrike og internasjonalt.
Austerrikske anakronismar
Det er noko lattervekkande over denne anakronismen – St. Georgs-ordenen har ikkje lange historiske tradisjonar, og det gamle keisarhuset inga formell makt. Ordenen blei først stifta i 2008, han er «kristen og europeisk» og «verdikonservativ». Ikkje minst er han «elitær», som det heiter på nettstaden til ordenen.
Dette ser ein på medlemslista òg: Her er det tidlegare ministrar, næringstoppar, dommarar og kjente profilar i allmennkringkastaren ORF. Flesteparten er konservative, nokre frå det liberalkonservative Folkepartiet (ÖVP), andre frå det populistiske Fridomspartiet (FPÖ), ytst til høgre. Ordenen har utvikla seg til eit maktnettverk på sida av etablerte demokratiske institusjonar. Den gamle keisarfamilien held i mange av trådane.
Nostalgien
Nett dette har ført til reaksjonar i austerrikske medium. Forholdet til habsburgarane er framleis komplisert for mange austerrikarar. Etter krigsnederlaget i 1918 gjekk det gamle keisarriket Austerrike-Ungarn i oppløysing. Seks nye nasjonalstatar blei til, og Austerrike stod att som ein amputert alperepublikk.
Men den gamle styreforma ville dei nye makthavarane ikkje ha tilbake: Keisaren drog i eksil i Sveits, og den nye nasjonalforsamlinga vedtok ei lov om at han aldri ville få vende attende. Frykta for ein restaurasjon var ikkje heilt ugrunna. Sjølv om den siste keisaren døydde på Madeira alt i 1922, 34 år gamal, var det sterke krefter i mellomkrigstida som ville få tenåringssonen Otto tilbake på trona. På landsbygda i det konservative Tyrol blei den tidlegare kronprinsen gjord til æresborgar, og leiande forfattarar som Joseph Roth og Stefan Zweig skreiv tilbakeskodande, lett parfymert om ein påstått gullalder i tiåra før den første verdskrigen.
Habsburgarmyten
Så sterk var tendensen, også hos liberale forfattarar som Zweig og Roth, at den italienske germanisten Claudio Magris har skrive om «habsburgarmyten» – tanken om at Austerrike-Ungarn hadde sørgt for fred og velstand for eit utal ulike folkeslag. No var nok dei slaviskspråklege minoritetane usamde i denne historieforteljinga, men det vog neppe tungt for litteratane i Wien. Det kling nemleg ein politisk undertone her: For Zweig og Roth var denne monarkismen også ei form for antifascisme. Dei mintest eit fleirkulturelt monarki der heilt ulike folkeslag hadde levd fredeleg saman. Begge var jødiske, Zweig frå storborgarskapet i Wien, Roth frå den langt meir smålåtne shtetl-kulturen i Vest-Ukraina.
Rett nok var også dei austerrikske fascistane, som tok makta i den vesle alperepublikken i 1934, nokså positivt innstilte til den tidlegare keisarfamilien, men då Hitler annekterte landet fire år seinare, var det slutt. Føraren hata habsburgarane, og skulda dei for «Entdeutschung» – avtysking – av det gamle Donau-imperiet. Den tidlegare kronprinsen, Otto von Habsburg, skulle då òg bli ein ideologisk motpart: Alt frå 1930-talet arbeidde han for eit sameint Europa, på tvers av folkeslag og nasjonar. Etter krigen sat han 20 år i Europaparlamentet som representant for det konservative bayerske partiet CSU.
Konservative nettverk
Med tida har også etterkomarane til keisarane fått lov til å flytte attende til Austerrike, etter at dei gav opp kravet om å få tilbake trona. I dag er det den nemnde eldstesonen til Otto, Karl, som er overhovudet for habsburgarfamilien. Også han har vore politisk aktiv i Europaparlamentet, for det konservative Folkepartiet på 1990-talet. Her markerte han seg med ei rekke kontroversielle utsegner, frå å samanlikne abort med eutanasi til å seie at «ei mor som oppdrar borna sine til skikkelege menneske, utrettar meir enn ho ville gjort dersom ho blei minister for kvinnerettar».
Det blei ingen politisk suksess. Det har derimot St. Georgs-ordenen vore. Karl von Habsburg, som i 2019 var i rettssak om retten til å bere adelstittelen (som då hadde vore forbode i hundre år), har vore med på å skipe ein moderne adel – eller som det heiter i handboka til St. Georgs-ordenen: «Blir du slått til riddar her, blir du på mange måtar tatt opp i eit moderne, tidsmessig aristokrati.»
Den nye adelen særmerker seg med stor makt og politisk konservatisme. Dei har høve til å møtast stadig vekk, for ordenen har også eigne politiske forum: eit nærings- og eit tryggingspolitisk. Her kan tidlegare og sitjande ministrar møte næringstoppar – om dei då ikkje vil snakke med redaktørar og sjefar i den austerrikske mediebransjen. Også ein av dei mektigaste personane i det austerrikske medielandskapet, leiaren for Forbundet av austerrikske aviser (VÖZ), er del av ordenen. Representantar for den austerrikske hæren deltar ofte på diskusjonane i det tryggingspolitiske forumet.
Mest kontroversielt er det likevel at ordenen òg tar opp høgrepopulistiske politikarar frå inn- og utland. Fleire av dei har band til Viktor Orbán i Ungarn. Veslebroren til Karl von Habsburg, Georg, har sjølv tatt ungarsk statsborgarskap og er i dag Ungarns ambassadør i Spania.
– Hadde vi halde betre på våre eigne røter, ville faren frå framande kulturar vore svært låg, sa han då han leia eit ordensmøte i Ungarn i 2019.
Hemmelege kronjuvelar
Medan nokre snakkar om svinnande verdiar i aust, dukkar nye opp i vest: Omtrent samstundes med at fransk politi byrja søket etter dei stolne kronjuvelane frå Louvre, dukka andre kronjuvelar opp i ein safe i Canada. Det var Karl von Habsburg sjølv som kom med avsløringa: Det siste keisarparet hadde smugla med seg ei rekke verdifulle kronjuvelar då dei forlét landet for siste gong i 1919. Frå eksil fekk familien stykka opp gamle smykke og selt juvelane, slik at dei kunne halde fram med ein høg levestandard. Sjølv hevda sonesonen at han ikkje hadde visst om dei attverande juvelane før nyleg. Den siste keisarinna, Zita, skal ha bestemt at berre enkelte familiemedlemmar skulle vite om at dei framleis fanst.
Hemmeleghaldet var nok der av ein grunn, for den eigentlege eigarskapen er uklår. Kort tid etter at funna blei kjende, kravde kulturminister Andreas Babler ei vurdering av om juvelane faktisk er habsburgarane sin rettmessige eigedom, eller om dei høyrer til den austerrikske staten.
Lite tyder på at austerrikarane blir ferdige med habsburgarane med det første.